Forskingsetikk og forskingsintegritet blir tema på nytt forum for UiO-tilsette

– Korleis kan me røkta  forskingsetiske normer for å få gode fagmiljø og arbeidsmiljø i eit forskingslandskap som er i endring? Det spørsmålet trur viserektor Åse Gornizka blir tatt opp på det første møtet i Forum for forskingsetikk fredag morgon.

Ei kvinne står framfor ein svær bygning i svart marmor

TILLIT: – Me er avhengige av at samfunnet har tillit til forskinga og posisjonen vår som ein uavhengig forskingsinstitusjon. Det er endå ein grunn til å vera opptatt av forskingsintegritet i brei meining,  understrekar  viserektor Åse Gornitzka. Fredag 30. oktober inviterer ho til det første møtet i Forum for forskingsetikk i Georg Sverdrups hus. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I vår skulle Forum for forskingsetikk samlast for første gong. Koronatiltaka som blei innførte den 12. mars, sette ein strek for det. 

No kallar Åse Gornitzka, UiOs viserektor for forsking og internasjonalisering  inn til eit første møte i Forum for forskingsetikk - eit nyoppretta forum som er meint å vera ein møteplass for UiOs tilsette til å samtala om forskingsetiske spørsmål.

– Dette første møtet skal handla om meir enn brot på forskingsetiske normer og det usannferdige i forskinga.  Også forskingsintegritet skal takast opp på møtet, fortel Åse Gornitzka til Uniforum. 

– Institusjonane har ansvaret for forskingsetikken

Ho viser til at det var under møte med forskingsdekanane at forslaget om å etablera eit eige forum for forskingsetikk kom opp. Det skal vera ein del av det større forskingsetiske arbeidet ved UiO. Det første møtet i forumet er organisert av Det odontologiske fakultetet ved forskingsdekan Linda Bergersen.

– Korleis kan me røkta  forskingsetiske normer for å få gode fagmiljø og arbeidsmiljø i eit forskingslandskap som er i endring? Standardar for god forsking har me snakka  mykje om. Forskingsinstitusjonane har ansvaret for at  forskinga blir gjennomført i samsvar med anerkjente forskingsetiske normer. Ansvaret for å halda ved like og røkta forskingetikken er eit kollektivt ansvar - det  ligg på heile fagkollegiet og heile støtteapparatet, understrekar Åse Gornitzka. 

Ulike vurderingar av medforfattarskap

Viserektoren viser til at tolkinga av dei forskingsetiske normene - kva som er passande åtferd,  kan vera forskjellige frå forskingsmiljø til forskingsmiljø, mellom ulike fagtradisjonar, kulturar og praksisar. 

– Praksis for medforfattarskap er, til dømes forskjellig frå Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet til det som er tradisjonen i humaniora og dei samfunnsvitskaplege faga, poengterer ho. 

Og ho vedkjenner at det kan føra til problem i samarbeid på tvers av faggrenser.

– Ja, det er ikkje tilfeldig at det er utfordringar knytte til tverrfagleg forsking, men óg internasjonalt samarbeid. For dei kan ha ulike normsett  og ulike tolkingar, peikar ho på. 

– Kan snakka på tvers

Derfor ser Åse Gornitzka at det er behov for eit forum der slike spørsmål kan bli tekne opp. 

– Der kan me ha ei ramme som gjer at me kan snakka på tvers av faggrupper og disiplinar.  Kva kan me gjera med normer som ikkje er einsarta, som til dømes den ulike tradisjonen for medforfattarskap. Faga er ikkje i konflikt med kvarandre på det området, men det ligg ei spenning i lufta når ulike tradisjonar møter kvarandre, konstaterer ho.

Åse Gornitzka er også opptatt av forskingsintegritet.

– Det handlar ikkje berre om å unngå det usannferdige og overtramp, men også om korleis me forvaltar "samfunnspakta" vår. Me er avhengige av at samfunnet har tillit til forskinga og posisjonen vår som ein uavhengig forskingsinstitusjon. Det er endå ein grunn til å vera opptatt av forskingsintegritet i brei meining  understrekar Åse Gornitzka. – Me har fleire prosessar i gang for å tydeleggjera forskingsetiske normer og diskutera normsettet til UiOs forskarar. Forum for forskingsetikk er ein av dei, legg ho til. 

– Ikkje skrivne ned på steintavler

– Tenkjer du at det skal oppdatera dei ti boda for god forskingsskikk som tidlegare prorektor Haakon B. Benestad stod i brodden for?

– Eg får assosiasjonar til Moses som kjem ned frå Sinaifjellet med dei ti boda. Det er ein stamme med forskingsetiske prinsipp som ligg fast. Samtidig er forskingssystemet i endring. God forskingspraksis endrar seg over tid og fortolkingane av normer er ikkje skrivne ned på steintavler, slår ho fast. 

• Les i Uniforum: UiO får ti bod for god forskingsskikk

Ei av dei tinga som har endra seg mest i forskinga både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra, er kva krav som blir stilte til forskarane. 

– Diskusjonen om open forsking og publiseringspresset er svært interessant. Før var det ikkje forventa at alle publiserte vitskaplege artiklar, no gjer alle forskarane det. Derfor har også forskingspraksisen forandra seg, konstaterer ho. 

– Samforfattarskap er blitt normen 

Den største skilnaden, meiner ho har skjedd på humaniora og i dei samfunnsvitskaplege faga. 

– Samforfattarskap er blitt vanleg også der, medan det tidlegare berre var ein forskar åleine som hadde forfatta vitskaplege publikasjonar. Også den kumulative praksisen, altså referansepraksisen er heilt annleis no enn tidlegare, trekkjer ho fram. 

Men  hovudstandardane for etisk forsking står like fast i dag som tidlegare. 

– Forsking skal vera etterretteleg og sannferdig.  Med dette forumet kan me utveksla ulike erfaringar med forskingsetikk og forskingsintegritet, og korleis me skal tolka normsett og handtera dei forskingsetiske utfordringane som møter forskaren i praksis, seier ho.

Det første møtet i Forum for forskingsetikk startar fredag 30. oktober klokka 8. 30 i Georg Sverdrups hus  på Blindern. Det blir leia av forskingsdekan Linda Bergersen. Det blir også innlegg av psykologiprofessor Anne Inger Helmen Borge som er ekspert i forskingsetikk i  Det europeiske forskingsrådet. Førsteamanuensis Ole Herman Ambus frå Fakultetet for helsevitskap på OsloMet skal snakka om den transkontinentale reisa frå forskingsetikk til forskingsintegritet.

– Alle på UiO som er interesserte i forskingsetikk kan melda seg på møtet, avsluttar Åse Gornitzka.

 

Emneord: Forskingsetikk, Forsking Av Martin Toft
Publisert 29. okt. 2020 17:18 - Sist endra 29. okt. 2020 17:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere