VIl diskutera korleis Sverige blei annleislandet i Norden under koronaepidemien
Kva er grunnen til at Sverige skil seg ut i Norden i handteringa av koronapandemien? Det spørsmålet skal debatterast av nordiske forskarar på eit webinar arrangert av UiO: Norden torsdag kl. 15.00

Statsminister Stefan Løfven varsla den 17. mars om stenging av universitet og vidaregåande skular. Her står han saman med høgare utdannings- og forskingsminister Matilda Ernkrans (lengst til venstre) ,utdanningsminister Anna Ekström og generaldirektør i det svenske Helsedirektoratet (Folkhälsmyndigheten), Johan Carlson. (Arkivfoto frå SVT)
Medan Sverige har prøvd å skapa ein flokkimmunitet mot koronaviruset gjennom å halda samfunnet relativt ope også under koronapandemien, har dei andre nordiske landa hatt ein heilt annan strategi. Dei har prøvd å slå ned viruset gjennom å stengja kafear, restaurantar, barnehagar og skular. Resultatet har blitt 4000 døde i Sverige, medan dei andre nordiske landa har svært låge dødstal.
Digitalt seminar om det svenske unntaket
No skal det svenske unntaket i Norden bli tema for eit internasjonalt digitalt seminar eller webinar. Initiativtakarar er direktør Tore Rem i UiO: Norden og professor Malcolm Langford som leier det UiO:Norden-finansierte Nordic Branding-prosjektet.
–Ideen er å supplera den faglege, vitskapleg diskusjonen om kvifor Sverige skil seg ut gjennom å bruka den nordiske inngangen. Me vil setja den svenske utviklinga i perspektiv, og spørja om me kan forstå skilnadene historisk, seier Tore Rem.
– Slår sprekker
Også internasjonalt er dette eit interessant tema.
– Den generelle oppfatninga om at dei nordiske landa er så like, er no i ferd med å slå sprekker. Fram til korona-pandemien begynte, var også Sverige og den nordiske modellen noko som den amerikanske venstresida ofte trekte fram. No er det snarare høgresida som tyr til Sverige, har Tore Rem konstatert.
– Eit interessant laboratorium
For å debattera det svenske unntaket i Norden har forskingssatsinga UiO:Norden fått med jussprofessor Kristin Sandvik frå UiO og Nordic Branding-prosjektet, Bo Lidegaard, tidlegare sjefredaktør i Politiken, den svenske statsvitaren Bo Rothstein, Göteborgs universitet, og Johan Strang, historieprofessor frå Helsingfors universitet.
– Eg trur dette kan bli ein god og vonleg innsiktsfull debatt. Norden framstår som eit interessant laboratorium for dei ulike tilnærmingane til korona-pandemien, meiner Tore Rem.
• Les meir om webinaret "Explaining Swedish Exceptionalism on Covid-19: Nordic Perspectives"
Publisert 28. mai 2020 00:10
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere