Ny OUS-direktør: – Sterke faggrupper må ha ei hand på rattet

–  Eg skal vera ein lyttande direktør, men eg veit godt at eg nokre gonger må ta avgjerder som kan gjera vondt. Det seier Bjørn Atle Bjørnbeth (57) Måndag startar han i ny jobb som toppsjef for Oslo universitetssykehus.

SKAL STYRA OUS:  – Det er ynsket om å dra dette vidare i rett retning og for å vera med på å setja sitt preg på  sjukehusutviklinga i Oslo dei neste åra. Det er svaret Bjørn Atle Bjørnbeth gir på at han har takka ja til jobben som ny administrande direktør for Oslo universitetssykehus.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er lengst inne i ein av korridorane i Tårnbygget på Ullevål sykehus, Uniforum vert geleida når me skal intervjua den nytilsette administrerande direktøren for Oslo universitetssykehus, Bjørn Atle Bjørnbeth.

Dette er Bjørn Atle Bjørbeth:

– 57 år, vaks opp  i Sandnessjøen og Stjørdal

– tok medisinstudiet  i Köln og ved Universitetet i Oslo

– tok doktorgrad i leverfysiologi i  2000

- avdelingsleiar for Gastrokirurgisk avdeling, OUS 2008-2010

- avdelingsleiar Gastro- og barnekirurgisk avdeling,2010-2014, OUS

- seksjonsleiar for lever og bukspyttkjertelkirurgi 2014-2020, OUS

- fekk tildelt Legeforeiningas leiarpris 2013

- har leia forskarguppa Norsk gastrointestinal cancergruppe for bukspyttkjertelkirurgi (2004-2015)

(Kjelde: Oslo universitetssykehus)

Der har han fått lånt eit kontor før han formelt begynner i jobben den 3. februar.  Då blir han sjef for 24 000 tilsettte. Verken sllpset eller dressen er kome på når me møter han.  Bjørnbeth går framleis i uformelt fritidsantrekk med  ein tilhøyrande tursekk. 

– Gratulerer med ny jobb!

– Takk for det.

– Korleis vil dei tilsette ved Oslo universitetssykehus få merka at du har blitt deira nye sjef når du startar i jobben i februar?

– Dei vil merka at me skal inn og innføra og forankra dei planane som er vedtatt for sjukehuset. Dei skal vera med på å gjennomføra dei planane som er vedtekne, og då er det viktig at dei kjenner dei godt og at dei kjenner til kva handlingsrom som ligg der med tanke på sluttresultatet. Dei skal ikkje berre føla at dei har vore med på det, men dei skal reelt sett vera med på det, understrekar han.

Oslo universitetssykehus:

- 24 000 tilsette og eit samla budsjett på 23 milliardar kroner

- fire sjukehus: Ullevål sykehus. Rikshospitalet, Radiumhospitalet og Aker sjukehus

-er helseføretak eigd av staten gjennom Helse Sør-Aust

- knytt til Det medisinske fakultetet, UiO

Aktuelt: Stortinget og styret for OUS har vedtatt å byggja nytt storsjukehus for 37 milliardar kroner. Bjørn Atle Bjørnbeth tar til i jobben som ny sjukehusdirektør 3. februar.

(OUS, Bjørn Atle Bjørnbeth, Wikipedia)

– Alle sjukehus er forskjellige

Bjørn Atle Bjørnbeth kjem også straks inn på korleis sjukehusa han har besøkt i andre land ser ut, og han har fått eit klart inntrykk.

– Observasjonen min er at det er ein fellesnemnar for alle dei store sjukehusa. Ingen av dei er like, alle er forskjellige. Vurderinga mi er at det som er suksessfaktoren for at det går bra , er at dei i større grad har fått fagfolk og brukarar til å ha ei tydeleg hand på rattet når det gjeld utforminga av sjukehuset. Då kan du kompensera for ganske mykje med tanke på «imperfeksjon», for det er ikkje slik at det finst eit fantastisk universitet i Australia som me må kopiera for å finna den ideelle sjukehusmodellen, er han heilt sikker på.

– Både styret for Oslo universitetetssykehus og Stortinget har vedtatt at OUS skal få byggja ut Rikshospitalet på Gaustad og byggja ut Aker sykehus som lokalsjukehus, medan Ullevål sykehus skal leggjast  ned.  Trur du at desse byggjeplanane blir realiserte eller kan fleirtalet i bystyret i Oslo framleis stikka kjeppar i hjula for desse planane?

– Eigarane våre og Stortinget har vedtatt dette og det er løyvd rundt 37 milliardar kroner til byggjeplanane. Oslo kommune skal behandla ein reguleringsplan, så eg trur ærleg talt at dette blir realisert. Det som er viktig å seia når det gjeld den behandlinga,  er at sjukehusplanen slik den no ligg, heng saman. Viss me må gjera det der på nytt, så vil det forseinka også ei utbygging av Aker, som er eit lokalsjukehus, ja, men likevel litt større enn sjukehuset som ligg på Kalnes (utanfor Sarpsborg/red.merknad). Og utbygginga på Rikshospitalet vil ha tre element; det skal vera lokalsjukehus for 200 000, som er eit sjukehus større enn det i Tønsberg. Det er eit sjukehus som skal utvikla fleire regionale funksjonar og landsfunksjonar, noko det trengst meir plass til. Og så er det eit anna viktig aspekt for begge dei to sjukehusa, som er utviklinga saman med universitetet og utdanningsfunksjonen som begge sjukehusa har.

– UiO og OsloMet er heilt avgjerande

– Korleis ser du føre deg samarbeidet med Universitetet  i Oslo i tida framover?

– Både UiO og OsloMet er heilt avgjerande for to av  dei tre hovudsøylene som me skal driva. Me skal driva behandling, det er det ingen  tvil om.  Men me skal også driva forsking og utvikling , og så skal me driva utdanning og opplæring. Og på dei to siste punkta er samarbeidet med Universitetet i Oslo og OsloMet heilt avgjerande, understrekar han.

 Også Bjørn Atle Bjørnbeth ser fram til den dagen livsvitskapssenteret til UiO er klart til bruk.

– Me har store forventningar til det livsvitskapssenteret som er under bygging, og leiinga ved universitetet var jo ute og slo fast kor viktig det var også for utbygginga av Rikshospitalet på Gaustad, både når det gjeld nærleik og samvirke, tykkjer han.

– Viktig å trekkja saman

Bjørn Atle Bjørnbeth er svært opptatt av korleis Oslo universitetssykehus og Universitetet i  Oslo samarbeider om forsking.

– Eg er sjølv aktiv i forsking  og er godt kjent  med samarbeidsmekanismane mot Universitetet  i Oslo. Framleis er eg talsperson for kor viktig det er å laga tunge forskargrupper som er i stand til å konkurrera på eit høgt nivå og som på den måten kan trekkja til seg store løyvingar. Det blir meir og meir slutt på at det finst mange små kjelder til forskingsfinansiering. Alt blir ført opp på nasjonalt nivå og på EU-nivå. EU er ein viktig aktør. For å nå opp der, er det viktig at me trekkjer saman, slår han fast. 

Bjørnbeth viser også til at det finst 1500 forskarårsverk på Oslo universitetssykehus og kvart år publiserer dei 2000 vitskaplege artiklar.

 – 70 prosent av desse artiklane blir skrivne i samarbeid med universitetet. Det viser kor integrert den verksemda er i dag, Det er eit blindspor ikkje å forstå kor viktig det samarbeidet er. Det er svært viktig, slår han fast.

 – Kvifor søkte du deg bort frå jobben som seksjonssjef for gastro for å bli sjukehusdirektør?

– Det er ynsket om å dra dette vidare i rett retning og for å vera med på å setja sitt preg på  sjukehusutviklinga i Oslo dei neste åra. Eg høyrer til dei som meiner at dette er ein fantastisk sjanse  som no kjem, og er det ein periode der du skal vera med og leia utviklinga ein stad, så må det vera denne som kjem no, seier den nye sjukehusdirektøren.

Fekk studieplass i Oslo etter stort fråfall på medisin

Den gongen Bjørn Atle Bjørnbeth bestemte seg for å bli lege, hadde han ikkje gode nok karakterar til å koma inn på eit medisinstudium i Noreg. Derfor søkte han seg til preklinisk ved Universitetet i Köln i Tyskland. 

– Der studerte eg i to år, før eg ein dag fekk ein telefon frå Universitetet i Oslo. Då fortalde dei meg at det hadde vore eit stort fråfall på den kliniske medisinutdanninga der, og dei tilbaud meg ein plass. Det tilbodet takka eg ja til, og dermed tok eg dei siste fire åra av utdanninga ved Universitetet i Oslo, tida blei fordelt mellom det gamle rikshospitalet i Pilestredet og Ullevål sykehus, fortel han.

– Stor uro rundt byggjeprosesssen

Dei siste åra har det vore fleire protestar mot planane om å leggja ned Ullevål sykehus for å prioritera utbygginga av Rikshospitalet på Gaustad og Aker sykehus.  Aksjonistane har også gått i demonstrasjonstog og deltatt i 1.maitoget med parolar imot nedlegging av Ullevål. Det har med andre ord vore ein del uro.

– Kva bodskap har du til desse aksjonistane etter at du no er blitt direktør?

– Eg vil forsterka det du seier litt. Det har vore stor uro rundt denne byggjeprosessen. Eg har sjølv vore ein del av det. Det baserer seg primært på det manglande høvet til medverknad for  fagmiljøa. Med rette meiner eg at dei har vore for lite med i prosessen i den tida som er gått, før me fekk det resultatet som me no ser. Det har ført til ein debatt, som er blitt ført delvis offentleg. Det er på ein måte litt trist, men samtidig må det sjåast som eit resultat av den manglande involveringa som hadde vore i forkant.  Det er eit viktig poeng å sørgja for at dei sterke fagmiljøa som dette sjukehuset er bygd opp av, har ei hand på rattet når me tar dette vidare, lovar Bjørnbeth som peikar på at alle har det same målet.

– Den fremste oppgåva mi no er å forsøka å samla det her. Me har eit fantastisk utgangspunkt for det er ingen diskusjon for eller imot sjukehus. Alle ynskjer jo å laga eit godt sjukehus, konstaterer han. 

– Alle får det ikkje som dei vil

No skal Bjørnbeth  prøva å foreina alle dei ulike vyane dei tilsette har for sjukehuset.

– Då vert det litt å koordinera alle ynska som ligg der. Og så må me vera tydelege på at i alle slike diskusjonar er det veldig mange interessentar. Alle får det ikkje som dei vil. Då er det viktig å vera veldig open på det, og seia at me etter ei samla vurdering har kome fram til at me må gjera det sånn, fastslår han.

–  Eg tenkjer at etter den prosessen som har vore, både hos eigarane våre, departementet, men også det norske storting, det er det som har gjort at dei har tatt dei avgjerdene dei har tatt, og då trer det etter mitt syn inn ei lojalitetsplikt. Så blir det sjølvsagt slik at i forkant ville ikkje alle få det slik som dei ville, men no står det slik det gjer.

– Du vil vera ein lyttande leiar?

– Ja det synest eg er viktig. Men når me har lytta ferdig, og vurdert dette saman med leiargruppe og andre involverte, må me ta ei avgjerd, sjølv om det gjer vondt nokre gonger.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: sykehus, Medisin, Helse, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2020 11:32 - Sist endra 31. jan. 2020 11:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere