Guri Melby: – Viktig at verdsopinionen engasjerer seg i demonstrasjonane i Hongkong

– Det er viktig at verdsopinionen engasjerer seg i demonstrasjonane i Hongkong. For slik kan Kina hindrast i å gjera noko fælt. Det sa stortingsrepresentant Guri Melby frå Venstre i ein debatt på UiO om demonstrasjonane i Hongkong.

VIKTIG: – Det er viktig for Noreg å ha eit politisk forhold til Kina. Det inneber ikkje at me ikkje kan provosera landet, poengterte stortingsrepresentant Guri Melby frå Venstre (t.v).  Både ho og seniorforskarane Marianne Dahl og Haakon Gjerløw ser med stor spenning på det som skjer i Hongkong. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Heilt sidan juni i år har innbyggjarane i Hongkong demonstrert mot lova som ville gjera det mogleg å senda dei som bryt lover i Hongkong til rettargang i Kina. Dei har også demonstrert for å få utvida demokratiske rettar i millionbyen som blei levert tilbake til Kina i 1997 etter å ha vore ein kronkoloni i Storbritannia sidan 1842. 

Om demonstrasjonane i Hongkong:

- starta i juni 2019 som protest mot ei lov som ville gjera det mogleg å utlevera borgarar av Hongkong til rettsforfylging i fastlands-Kina

- utvisingslova blei  23.,oktober stansa av leiaren for Hongkongs Kinavennlege styre, Carrie Lam

- demonstrasjonane heldt fram med krav om utvida demokratiske reformer

- demonstrantane kom i samanstøytar med politiet for to veker sidan

- nye demonstrasjonar den 8. desember for å markera halvtårsjubileet for starten på demonstrasjonane

- stortingsrepresentant Guri Melby har nominert folket i Hongkong til Nobels fredspris

(Kjelder: NRK, Aftenposten,  BBC, Wikipedia, Guri Melby)

Fredag 13. desember arrangerte Studentforeininga Students’ Initiative on Foreign Affairs (SIFA) ved Universitetet i Oslo eit debattmøte om Hongkong med stortingsrepresentant Guri Melby og seniorforskarane Haakon Gjerløw og Marianne Dahl frå Institutt for fredsforsking  (PRIO).

Stortingsrepresentant Guri Melby frå Venstre var i Hongkong i september for å snakka med demonstrantane og politikarar frå søsterpartiet til Venstre.

– Då var det ganske roleg der. For meg var det viktig å dra dit for eg er opptatt av forholdet mellom Noreg og Kina og eg følte eg ville få meir informasjon om eg drog dit enn det eg hadde fått frå media, fortalde ho på debattmøtet på Blindern.

Inspirasjonen til interessa for dette fekk ho i mai, då leiaren for den kinesiske folkekongressen Li Zhanshu var på besøk i Noreg og også skulle ein tur innom Stortinget for å helsa på stortingspresidenten og andre norske politikarar.

– Då tillyste Amnesty International ein demonstrasjon på plassen framfor Stortinget, berre for å oppdaga at ein Kina-vennleg organisasjon hadde vore først ute for å demonstrere støtte til den offisielle kinesiske politikken. Og det var berre dei demonstrantane kinesiske fjernsynssjåarar fekk sjå. Det var derfor stortingsrepresentant Petter Eide frå SV og eg gjekk rundt utanfor Stortinget med Amnesty-skjorter med teksten “Frihet” på norsk og på mandarin, fortalde Guri Melby.

Ho kritiserer måten politiet takla den oppgåva på.

– Det skulle sjølvsagt ikkje gitt den Kina-vennlege organisasjonen høvet til å stå på akkurat den beste plassen, meinte ho.  

– Følte politisk avmakt

Då ho kom til Hongkong blei ho godt mottatt av både politikarar og demonstrantar i Hongkong.

 – Eg fann ut at politikarane følte like stor politisk avmakt som studentane og dei andre demonstrantane. Derfor støttar dei demonstrantane sine krav om fleire demokratiske reformer i Hongkong. Politikarane sa at deira viktigaste oppgåve no var å delta i demonstrasjonane og passa på at dei held fram i rolege former, fortalde Guri Melby.

– Støttar retten deira til å seia det dei meiner

Sjølv var ho opptatt av å få fram at ho støtta den ikkje-valdelege kampen deira for demokrati og for respekt for ytringsfridomen og andre menneskerettar.

– Eg støttar ikkje vald verken frå politiet eller demonstrantane. Men eg støttar retten deira til å seia kva dei meiner, understreka ho.

Nokre gonger har heile 1 million av dei 7 millionar innbyggjarane i Hongkong deltatt i demonstrasjonane. Tidlegare i år nominerte ho derfor folket i Hongkong til Nobels fredspris.  –Det er vanskeleg å skriva opp konkrete namn, sidan ingen veit kven det er som står bak og trekkjer i trådane. Eg håpar i alle fall ikkje forslaget mitt vert forkasta på grunn av det, sa ho.

– Handlar om liv eller død

Prio-forskar Haakon Gjerløw er også svært opptatt av demonstrasjonane i Hongkong.

 – Det er vanskeleg å vita korleis dette vil enda. Mange av demonstrantane er klare for å rømma til Taiwan eller til andre land. For dei handlar dette om liv eller død, trekte han fram.

 Forskarkollegaen hans frå Prio, Marianne Dahl peika på tapet Hongkong har lidd når det gjeld økonomisk makt i Kina.

– Då Hongkong blei ein del av Kina igjen i 1997, utgjorde økonomien til Hongkong 18.2 prosent av heile den kinesiske økonomien. I dag er den blitt redusert til 2 prosent. På den måten har Hongkong mista sin økonomiske status samanlikna med resten av Kina, konstaterte ho.

Guri Melby viste til at Hongkong og skulevesenet i byen er i ferd med å bli meir og meir Kina-vennleg.

– Grunnen er at det kjem fleire og fleire tilflyttarar frå fastlands-Kina til Hongkong.  

– Eg har også notert meg at folk i Hongkong har mista ein god del av tilliten til politiet etter at dei brukte vald mot demonstrantane. Sjølv om dei har val, er dei ikkje særleg demokratiske. Men dei har stor tru på rettsvesenet, meinte ho.

– Ikkje-valdelege aksjonar er dei mest effektive

Marianne Dahl var overtydd om at at det er ein klok strategi for demonstrantane å halde fram med den ikkje-valdelege linja.

– Alle undersøkingar viser at ikkje-valdelege aksjonar er dei mest effektive, slo ho fast. Haakon Gjerløw trudde at det kan bli vanskeleg for kinesiske styresmakter å splitta leiarane for demonstrasjonane.

– Nettopp fordi styresmaktene ikkje veit kven dei er. Dersom dei organiserer kvararande gjennom digitale verktøy, vil Kina etter kvart finna ut kven dei som står bak, er, frykta han.

– Noreg må gå inn i ein allianse med Sverige

For Marianne Dahl var det viktig at politikarar i Europa og i andre demokratiske land forsvarar demokratiet i Hongkong.

ALLIANSE MED SVERIGE: – Noreg må inn i ein allianse med Sverige for å stå opp for demokratiet, sa seniorforskar Marianne Dahl frå Institutt for fredsforsking (PRIO) i ein panelsamtale  på UiO om demonstrasjonane i Hongkong. (Foto: Ola Sæther)

– Kina spelar ei av hovudrollene i verdspolitikken. Om politikarane våre ikkje forsvarar dei demokratiske rettane i Hongkong no, vil det bli langt vanskelegare å gjera det i framtida, spådde ho. Etter hennar meining hadde Sverige vist veg gjennom å koma med kritikk både av Kina og Saudi-Arabia.

– Noreg må gå inn i ein allianse med Sverige for å stå opp for demokratiet, føreslo ho. Og stortingsrepresentant Guri Melby var einig med henne.

– Det er viktig for Noreg å ha eit politisk forhold til Kina. Det inneber ikkje at me ikkje kan provosera landet, poengterte ho. Og så kom ho med ei oppfordring. – Det er engasjementet frå verdsopinionen som er viktig for å hindra at Kina gjer noko fælt i Hongkong, var ho viss på.

Debatten var ein del av arrangementa under paraplyen “Oslo Peace Days”, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Nobels fredssenter, Det Norske Nobelinstitutt, Oslo kommune og Institutt for fredsforsking (PRIO).

 

Emneord: Kina, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2019 04:30 - Sist endra 7. jan. 2020 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere