Majorstien skal gi folk på UiO betre helse og naturopplevingar

Majorstien er det nye namnet på gangvegen mellom Blindern og Majorstua. Det skjer etter at dei tre studentane Patrick Bolliger, Vilde Slagsvold og Syvert Kråkenes har fornya den med belysning, vegskilt og med informasjon om naturen langs stien.

Tre sutdentar viser fram ei informasjonstavle om Majorstien medan dei ser mot kameraet

NYSKAPING: Patrick Bolliger (t.v), Syvert Kråkenes og Vilde Slagsvold viser fram fornyinga av gangstien mellom Blindern og Majorstua, som har fått namnet  Majorstien. Det er resultatet av prosjektstudiet ved CityStudio, Oslo.

Foto: Martin Toft

Det tar elleve minutt å gå frå Georg Sverdrups hus på Blindern og til Chateau Neuf på Majorstua. Den informasjonen får du om du tar deg tid til å lesa dei nye informasjonstavlene som er sette opp langs gangvegen mellom Blindern, NRK og Majorstua.

Dette er CityStudio, Oslo:

- Det første i Europa, og det tiande i verda

- Det første blei etablert i Vancouver, Canada i 2011

- Kombinerer forskingsbasert undervisning med praksis, samhandling med brukarar og testing av løysingar

- CityStudio, Oslo er eit samarbeid mellom Oslo kommune, UiO, NMBU, OsloMet, og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Den gamle gangvegen er no blitt modernisert og har fått god belysning langs heile ruta. Det kan me takka dei tre studentane Vilde Slagsvold (UiO), Patrick Bolliger (NMBU) og Syvert Kråkenes (UiO) for. Som studentar ved CityStudio, Oslo har dei  saman laga dette felles prosjektet i tett samarbeid med både Parkseksjonen og seniorarkitekt Thomas Forslund Johnsen ved Eigedomsavdelinga til Universitetet i Oslo. Prosjektet gir kvar av dei 30 studiepoeng. 

– Vil få fleire til å gå

Det er tre stolte studentar Uniforum møter utanfor Georg Sverdrups hus på Blindern dagen før dei får den endelege godkjenninga av prosjektet sitt. Der startar også Majorstien.

– Målet vårt er å få fleire til å gå i staden for å ta T-bana mellom Blindern og Majorstua. Det tar om lag like lang tid, og om folk er uheldige med trafikkstans, vil gangvegen kanskje vera raskare, seier Syvert Kråkenes. Han er uteksaminert som bachelorstudent i samfunnsgeografi ved UiO. Den same bakgrunnen har Vilde Slagsvold. Patrick Bolliger kjem frå internasjonale miljøstudiar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås. Dei tre fann saman i CityStudio, Oslo som er eit felles prosjekt mellom UiO, Oslo kommune, NMBU, OsloMet og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

27 skilt

No har dei tre sett opp 27 skilt langs gangvegen. Eit skilt med ei bie, designa av Vilde Slagsvold, er blitt vegvisaren som går igjen langs heile stien. Men dei har også sett opp skilt med informasjon om det biologiske mangfaldet langs heile turruta.

– Slik kan me fortelja folk om kva som er av natur i nærområdet, fortel Vilde Slagsvold. Og Syvert Kråkenes har også tru på at gangvegen kan vera til nytte på andre måtar. – Det er veldig bra for folkehelsa om folk går meir. Ruter oppfordrar dessutan  folk til å gå denne korte turen i staden for å pressa seg inn på overfylte T-banevogner, seier han.

Let trestammene liggja

Dei tre studentane tar Uniforum med langs stien til området mellom NRK og Fysikkbygningen. Der er det sett opp mange lyspærer på trea langs gangvegen.

– Me brukte mange timar på å få sett dei opp. Men me trur det blir lettare å få folk til å ta denne vegen når dei veit at den er opplyst heile vegen, fortel dei til Uniforum.

 

Tre studentar går langs ein gangsti og viser fram belysninga som dei har sett opp
BELYSNING: Patrick Bolliger, Syvert Kråkenes og Vilde Slagsvold er nøgde med Majorstien. – Me trur det blir lettare å få folk til å gå når dei veit at den er opplyst heile vegen, seier dei. (Foto: Martin Toft)

Dei er strålande nøgde med resultatet.

– Det er blitt svært fint, er dei einige om. Dei peikar på trestammene som ligg på bakken i nærleiken av stien. – Meininga er at dei skal liggja der og kunna bli naturlege tilhaldsstader for insekt og plantar, seier Vilde Slagsvold.

For Patrick Bolliger er det ikkje første gong han er med på eit uteprosjekt.

– Som student på NMBU var eg også med på å laga ein plan for uteområda i Hovinbyen på Helsfyr, seier han.

Informerte av venner og sosiale media

For alle tre var det litt tilfeldig at dei blei med på prosjekta til CityStudio, Oslo. 

– Eg fekk vita om det av rettleiaren min, fortel Patrick Bolliger,

– Informasjonen kom til meg via sosiale media og ei Facebookgruppe oppretta av studentar på samfunnsgeografi, seier Vilde Slagsvold.

– Og det var venner som fortalde meg om detet tilbodet, avslører Syvert Kråkenes.

Alle er glade for det bidraget dei har gitt for at Oslo skal få endå mindre utslepp av farlege klimagassar.

– 39 prosent av utsleppa i Oslo står privatbilismen for. Den kjem ofte i konfliktar med andre interesser, understrekar Syvert Kråkenes og Partrick Bolliger. 

Vilde Slagsvold meiner likevel det aller viktigaste er få endå fleire personar til å koma seg ut for å nyta naturen.

– Det er viktig for alle at dei kjem seg ut for å få eit pusterom, slår ho fast. 

Då har me kome fram til enden av Majorstien rett framfor Studenthuset Chateau Neuf. Og om me vil tilbake til Blindern, vil det også ta 12 minutt, om me skal tru teksten på vegskiltet dei tre studentane har sett opp.

– No håpar me mange fleire heller vil gå Majorstien enn å ta T-bana til Blindern, seier dei tre studentane.

UiO vil utvikla CityStudio vidare

Universitetet i Oslo er mellom samarbeidspartnarane i CityStudio, Oslo. Ifylgje ei pressemelding kombinerer CityStudio, Oslo forskingsbasert undervisning med innsikt frå praksisfeltet, samhandling med brukarar og testing av løysingar. Basen til CityStudio, Oslo har vore i Greenhouse i Oslo sentrum. Og prorektor Gro Bjørnerud Mo synest det har vore eit vellykka prosjekt. 

– Me ynskjer å utvikla CityStudio, Oslo vidare, seier ho i ei pressemelding.

 

Emneord: Studentforhold. Studentsaker, studietilbud Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2019 16:42 - Sist endra 17. des. 2019 16:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere