Det juridiske fakultetet feira statusen senter for framifrå utdanning

– Det er fantastisk! Det seier jussprofessor Malcolm Langford etter at undervisningsmiljøet han leier har fått statusen Senter for framifrå utdanning.

Ein mann står og snakkar medan han dirigerer med hendene medan fleire personar står i ring i møtelokalet.

FEIRA: Det juridiske fakultetet feira statusen senter for framfrå utdanning til undervisningssatsinga CELL.  Den blir leia av jussprofessor Malcolm Langford som her held ein tale for alle dei involverte i åttande etasje i Domus Juridica. (Foto: Martin Toft)

Det var torsdag formiddag Diku gjorde det kjent at undervisningssatsinga CELL Centre on Experiential Legal Learning på Det juridiske fakultetet hadde fått status som senter for framifrå utdanning. Den same statusen blei også tildelt undervisningsmiljøet  SHE Centre for Sustainable Healthcare Education på Det medisinske fakultetet.

– Kjempefin julegåve

Torsdag ettermiddag samla jussprofessor og senterleiar Malcolm Langford saman både dekan, forskarar, teknisk-administrative tilsette og studentar som alle hadde jobba for at Det juridiske fakultetet skulle få etablera eit senter for framifrå utdanning. Til saman var 13 av dei mest involverte på plass i øvste etasje i Domus Juridica.

– Dette er fantastisk og ei kjempefin julegåve. Me har jobba lenge med dette for å byggja opp ny jusfagdidaktikk som kan nyttast både på profesjonsfaget i jus, i kriminologi og i menneskerettar, seier Malcolm Langford til Uniforum.

Han ser store framtidsutsikter med dette senteret.

– Det gir oss fantastiske høve til å utvikla nye undervisningsformer i alle studia på Det juridiske fakultetet. No får me sjansen til å prøva ut erfaringsbasert læring, der studentane får jobba i reelle og simulerte situasjonar. Dessutan får dei kombinert teori og praksis, understrekar han.

Samarbeider med dei andre juridiske miljøa i Noreg

Statusen inneber at dei får finansiert senteret gjennom dei komande ti åra. Dei skal også samarbeida med dei juridiske miljøa ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø og jobba med nye prosjekt som ein digital rettssal og rettshjelp i teknologi-området.Senteret startar opp i januar 2020 og det skal halda til i den nye jussbygningen i sentrum , Domus Juridica.

Malcolm Langford trekkjer også fram innsatsen til dei 12 studentleiarane som har vore med i prosjektet.

– Dei har vore heilt likestilte med oss og like engasjerte i heile denne prosessen. Me håpar det kan bli ein god modell for korleis studentar i framtida også kan delta i leiinga for studiet, seier han til Uniforum.

FEIRA: Desse 13 feira at CELL har fått status som senter for framifrå utdanning. Frå venstre Dag Michalsen, Kristin Bergtora Sandvik, Kristin SteenSlåttå, Jon Christian Nordrum, Isthiaq Hossein, Malcolm Langford, Gidske Dekker-Olsen, Tarjei Bekkedal, Johanne M.R.Larsen,Beate Berge, Helene o. Gundus, Sofie Høgestøl og Hilde Westbye. (Foto: Martin Toft)

– Nesten ikkje til å tru

Dekan Dag Michalsen er også svært begeistra for at Det juridiske fakultetet har fått i hamn eit senter for framifrå utdanning.

– Det er nesten ikkje til å tru. Dette har vore eitt av dei store prioriterte prosjekta i dekanperioden min. Det er fint at det har kome eit så godt resultat gjennom samarbeidet mellom forskarar, administrative, studentar og fakultetsbiblioteket. Alt har gått oppi ei høgare eining, tykkjer han.

Målet til CELL er å endra juristutdanninga ved alle dei juridiske fakulteta i Noreg.

SHE er det andre senteret for framifrå utdanning UIO fekk tildelt i dag. Det er eit tverrfagleg samarbeid i helsefaga som arbeider for å få meir globale perspektiv i utdanning og å få FNs berekraftsmål inn i utdanninga. 

UiO er samarbeidspartnar i tredje senter

Universitetet i Oslo er også samarbeidspartnar i senteret iEarth.  Det er eit konsortium i geofag og geovitskap. Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon, medan Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og the University Centre in Svalbard er samarbeidspartnarar.

Det siste senteret som fekk status som senter for framifrå utdanning i dag, er COAST. Det er eit konsortium i maritim utdanning. Universitetet i Søraust-Noreg er vertsinstitusjon, medan Høgskulen på Vestlandet, NTNU Ålesund og Universitetet i Tromsø  er samarbeidspartnarar.

Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning Diku som står bak tildelinga. 

 

 

Emneord: Utdanning, utdanningspolitikk, Jus Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2019 23:20 - Sist endra 13. des. 2019 10:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere