– Mangfald har ingen verdi om det ikkje blir ein praksis ut av det

– Mangfald er ein verdi, men den har ingen verdi om det ikkje blir ein praksis ut av det. Og på eit universitet må det gå an å setja i gang konkrete tiltak som kan målast. Det sa  Asta Busingye Lydersen i diskusjonen om mangfaldsplanen i fakultetsstyret på HF i dag.

MANGFALD: Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet diskuterer utkastet til ny handlingsplan for mangfald og likestilling 2020-23.

Foto: Ola Sæther

– Dette dokumentet er lite verdt, dersom det berre er eit dokument. Derfor har eg invitert meg sjølv rundt på møte med alle institutta. Verdien av eit slikt dokument aukar om det blir diskutert. Det sa dekan Frode Helland då han i dag starta diskusjonen i fakultetsstyret om ny strategi for mangfald og likestilling 2020-23 på Det humanistiske fakultetet.

HF-dekanen viste til at det hadde vore ein fleire medieoppslag om strategien.

– Det har vore ein del interesse i pressa. Og me har lagt ved ein del artiklar saman med saksdokumenta . Og seinast skreiv Uniforum om det i går kveld, trekte han fram.  

Først ute med kritikken var biologiprofessor Kristian Gundersen. I eit debattinnlegg i Aftenposten spurte han «Er det humanistiske fakultet en pøl av hatprat som det må handles mot? Kritikken fekk fakultetet til å endra på fleire av punkta i det opphavlege forslaget, slik at ytringsfridom blei eit punkt medan målet om å ha eit sosial inkluderande miljø, blei eit anna.

I svaret frå dekan Frode Helland og dei to prodekanane Mathilde Skoie og Gunn Enli  i Aftenposten slo dei tilbake mot kritikken frå Kristian Gundersen.

“Ytringsfriheten er altså nevnt i handlingsplanen nettopp for å sikre den. Videre er det nevnt for å understreke at noe av poenget med en handlingsplan for mangfold er nettopp å jobbe for økt mangfold, også i form av ytringsmangfold”, stod det i innlegget.

For filosofiprofessor Jens Saugstad var ikkje det nok. “– Handlingsplanen framstår som et forferdelig prosjekt, egnet til å skape et utidig press på ytringsfriheten. Jeg er ekstremt bekymret for framtiden til norske universiteter, oppsummerte Jens Saugstad overfor Uniforum i går.

Les alle høyringsutsegnene (PDF)

Dette er hovudpunkta i det nyaste utkastet:

*Mangfald på HF er ein ressurs, som gjer fakultetet betre. Å ha ei tilsette- og studentgruppe med samansett bakgrunn er riktig og viktig for kvaliteten på arbeidet som vert gjort ved fakultetet.
* HF ser heile  mennesket og er opptatt av menneskeverd. Fakultetet erkjenner at det i nokre samanhengar er behov for eit ekstra fokus på enkelte grupper.
*HF skal vera ein stad med ytringsfridom
* HF skal ha eit godt og inkluderande sosialt miljø for alle.
* Arbeid med likestilling og mangfald skal vere forankra på alle nivå i organisasjonen.
* Dette ansvaret går frå leiarnivået og ned til den enkelte tilsette og student.

Under diskusjonen i fakultetsstyret på HF  tok ekstern representant Petter Aaslestad tak i denne kritikken.

– Det er bra med engasjement. Og det er både inspirerande og morosamt å lesa enkeltutsegnene frå høyringsrunden. Eg etterlyser likevel ei evaluering av den gjeldande handlingsplanen for mangfald ved Det humanistiske fakultetet, understreka han.

 Aaslestad ville også gjerne ha hatt arbeidet med handlingsplanen for likestilling og mangfald 2020-23 på årslista til fakultetsstyret.

– Det er ikkje mykje å tilføya her, samtidig som det er lite fristande å gjera det. Eg veit at det var tema i valkampen til dekanatet, men me som ikkje var her då, har ikkje fått det med oss, konstaterte han.

Dekan Frode Helland peika på at den gjeldande handlingsplanen er meir tradisjonell.

– Den fokuserte mest på kjønn. Denne femner vidare, forklarte han.

Vil ha med diskriminering på grunnlag av språk

Representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, Jorunn Simonsen Thingstad støtta innspelet frå Aaslestad.

 – Det er eit poeng å få ei evaluering av den tidlegare handlingsplanen. De har stort sett lytta godt til høyringssvara. Det er fint, konstaterte ho. Representanten peika på at ho likevel sakna eit par ting.

– Når det gjeld opplisting av diskriminering, så ville eg gjerne hatt med diskriminering på grunnlag av språk. All viktig informasjon må vera på engelsk. Det er bra at rapporten er både på norsk og engelsk, men innkallingane til møta om rapporten blei berre sende ut på norsk, konstaterte ho.

– Strategi eller handlingsplan?

Ekstern representant Asta Busingye Lydersen gav arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten skryt. Ho etterlyste derimot svar på eit spørsmål.

– Er dette ein strategi eller ein handlingsplan? Det er ein strategi for fakultet og ein handlingsplan for kvart institutt. Eg fann ingen fasit. For meg er dette dokumentet ein miks . Den er for konkret til å vera strategi og for lite konkret til å vera ein handlingsplan, meinte ho.  Busingye Lydersen tok også opp eit anna tema som ho er svært oppteken av.

– Kjepphesten min er at kjønnsdiskriminering er ein ting og mangfald ein annan ting. Eg meiner me må ta utgangspunkt i alle slags typar diskriminering, slo ho fast.

MÅLBARE: – Institutta må finna fram til enkle grep som er målbare. Då kan me sjå om dei får dei ynskte effektane, sa ekstern representant Asta Busingye Lydersen i fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet ved UiO. (Arkivfoto: Ola Sæther)

– Akademiske spydspissar

Etter hennar meining blir mangfald ofte definert som det multikulturelle Noreg, medan internasjonalisering handlar om samarbeid mellom forskarar i Noreg og andre land.

 – Eg vil rett og slett knyta omgrepet til demokratiet vårt. Og så kan me som institusjonen UiO gå inn for å vera akademiske spydspissar i å trekkja til oss dei aller beste forskarane, føreslo ho.

– Blei litt meir strategi

Frode Helland gav ho rett i at det ikkje var lett å sjå om planen var ein strategi eller ein handlingsplan.

– Det skulle vera ein handlingsplan, men så blei det litt meir strategi, vedgjekk han.

Asta Busingye Lydersen håpa at planen for mangfald og likestilling ville bli noko meir enn teori.

 – Mangfald er ein verdi, men den har ingen verdi om det ikkje blir ein praksis ut av det. Og på eit universitet må det gå an å setja i gang konkrete tiltak som kan målast. Institutta må finna fram til enkle grep som er målbare. Då kan me sjå om dei får dei ynskte effektane, meinte ho.

– Me treng representativitet

Representant for dei teknisk-administrative tilsette Erlend K. Haavardsholm var heilt einig med dei andre som hadde tatt ordet under diskusjonen om handlingsplanen for mangfald og likestilling.

 – Den hadde hatt ein sterkare effekt om det hadde vore eit policy-dokument. Det er viktig med dei konkrete tiltaka, men det er vanskeleg å få til innanfor denne ramma. Me treng representativitet slik at studentane våre ser ut som resten av samfunnet. Det gjer dei ikkje på vårt institutt i dag, tykte han.

 Frode Helland peika på kor viktig det var at elevar kunne identifisera seg med lærarane sine.

 – Afroamerikanske ungdommar som har hatt ein lærar som har likna dei sjølve, har 30 prosent større sjanse for ikkje å avbryta skulegangen.

DISKUTERER MANGFALD OG LIKESTILLING: Ekstern representant Petter Aaslestad og representant for dei faste vitskaplege tilsette, Rune Svarverud (t.h.) diskuterer den nye planen for mangfald og likestilling ved Det humanistiske fakultetet. (Foto: Ola Sæther)

Representant for dei faste vitskaplege tilsette, Rune Svarverud etterlyste korleis det skulle bli mogleg å definera mangfald.

– Kven har minoritetsbakgrunn? Skal me sjå på hudfarge eller på noko anna? spurte han. Asta Busingye Lydersen meinte han hadde ingen grunn til å uroa seg.

 – Det er viktig å spørja studentane om det. Mange unge studentar ser at det er mykje polarisering og ser samtidig at Noreg er eit fleirkulturelt land. Nokre av dei vil bli behandla som alle andre, medan andre er meir opptekne av den etniske bakgrunnen sin, sa ho.

Frode Helland takka for diskusjonen om den nye planen for mangfald og likestilling ved Det humanistiske fakultetet. – Ein viktig funksjon med dette arbeidet er at det blir diskutert, slo han fast.

Denne gongen var altså strategien for mangfald og likestilling på HF ei diskusjonssak i fakultetsstyret. På det neste styremøtet kjem strategien opp som ei vedtaksak.

 

 

Emneord: mangfold, Likestilling, HF Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2019 22:00 - Sist endra 28. sep. 2019 01:00

Så det skulle være diskriminering og mangfolds-fiendtlig å bruke norsk ved norske universiteter, mens å gå over til amerikansk skulle være mangfold? Da regner jeg med at det er like diskriminerende og utillatelig å bruke samisk på Samisk høyskole, italiensk ved italienske universiteter eller landenes egne språk ved afrikanske akademiske institusjoner. At det å bøye seg for dagens hegemoniske "internasjonale" språk skulle være å være mangfoldig er noe av det mest groteske, pinlige og idiotiske jeg til nå har hørt under påberopelse av mangfold. 

jorgelu@webid.uio.no - 29. sep. 2019 14:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere