Bad studentane vera opne for samtalar med meiningsmotstandarar
Prorektor Gro Bjørnerud Mo helsa 500 studentar velkommen til Den internasjonale sommarskulen ved UiO. – Ver opne for diskusjonar og meiningsutvekslingar, sa ho.

500: Direktør Nita Kapoor var konferansier Universitetets aula då 500 studentar frå heile verda deltok på opninga av Den internasjonale sommarskulen.
Over 500 studentar frå alle verdshjørne var til stades i Universitetets aula i går kveld då Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo blei opna for 73. gong. Afrikanske rytmer med den afronordiske gruppa Monoswezi skapte stor stemning og fekk publikum til å reisa seg og aulataket til å løfta seg.

Sommarteikn
Direktør Nita Kapoor ved Den internasjonale sommarskulen begynte seremonien med å fortelja studentane kor viktige dei er for Universitetet i Oslo.
– Når de kjem til Oslo, er det det aller sikraste teiknet på at sommaren har kome, slo ho fast. Nita Kapoor viste til at sidan starten i 1947 hadde over 30 000 studentar tatt eit seks veker langt opphald på Den internasjonale sommarskulen.
– Denne gongen vil eg ynskja spesielt velkomne alle dei norsklærarane rundt omkring i verda som deltar på eit eige seminar for lærarar, la ho til.
– Ingen plan om å unngå kontroversielle tema
Så gav Nita Kapoor ordet til prorektor Gro Bjørnerud Mo.
– De er dei 500 studentane frå 87 land som er plukka ut blant 2000 søkjarar. Det blir sagt at for å unngå konfliktar bør me unngå å snakka om religion og politikk. Hos oss har me ingen planar om å unngå kontroversielle tema. De må alle vera opne for å diskutera og samtala med folk som de er ueinige med. De må ha opne hjarte og eit ope sinn. Berre på den måten kan me styrkja samarbeid og dialog. Det er ikkje all kunnskap som kan lærast gjennom bøker. Ta difor del i samtalar med dei andre studentane, var oppfordringa sommarskulestudentane fekk frå prorektor Gro Bjørnerud Mo.
• Les heile talen til Gro Bjørnerud Mo.

– Samarbeid på tvers av kulturar
Også direktøren for Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU) Harald Nybølet var inne på det same temaet:
– Eg trur djupt og inderleg på samarbeid i utdanning. Nettopp i desse tider treng me endå meir press for å skapa samarbeid på tvers av kulturar. Akademia er den mest internasjonale delen av heile samfunnet, konstaterte han.
Nybølet har sjølv ein internasjonal karriere både i OECD og andre internasjonale organisasjonar bak seg.
– Men karrieren min begynte med at eg sa ja til å ein gratisplass ved Den internasjonale sommarskulen for å vera norsklærar for studentane, fortalde han.

– Rørande
Studentane fekk også ei helsing frå studenten Synthia Zaman, som både er internasjonalt ansvarleg i Studentparlamentet og studentrepresentant i universitetsstyret.
– Det er rørande å sjå studentar frå heile verda fylla Universitetets aula. Nyt Oslo, både naturen og dei gamle bygningane som til dømes universitetsbygningane i sentrum, men også moderne bygningar som Barcode. I Oslo er me opne for nye folk og nye impulsar, understreka ho.
Musikk frå Mosambik og Zimbabwe
Seremonien blei fint bunden saman av den afronordiske gruppa Monoswezi. Med songar frå Zimbabwe og Mosambik fekk dei alle i salen til både å klappa, syngja og reisa seg. Dei fem musikarane Hope Masike, Calu Tsemane, Hallvard Godal, Putte Johander og Erik Nylander blei belønna med at publiikum kravde og fekk eit ekstranummer. Og namnet på gruppa speglar kvar musikarane kjem ifrå: Mosambik, Noreg, Sverige (Sweden) og Zimbabwe.
Då opninga var over, vandra dei 500 studentane over til Oslo rådhus. Dit skulle dei i mottaking hos Oslo-ordførar Marianne Borgen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere