Skal diskutera masterplan for IT bak stengde dører

Framtidas masterplan for IT skal opp som diskusjonssak i universitetsstyret 5. februar. Men den meiningsbrytinga skal gå føre seg bak stengde dører. 

MASTERPLAN FOR IT: Rektor Svein Stølen og dei andre medlemane i universitetsstyret skal diskutera masterplan for IT den 5. februar.

Foto: Ola Sæther

Masterplan for IT og politikk for eksternfinansierte senter er mellom dei mest interessante sakene som kjem opp på møtet i universitetsstyret førstkomande tysdag 5. februar. Begge desse sakene er sette opp under seminardelen for styremedlemane, og diskusjonen skal dermed haldast utan at andre kan høyra på. Avgjerda om å ha diskusjonen om masterplan for IT utan andre tilhøyrarar enn styremedlemane er gjort med grunnlag i Offentleglovas paragraf 23. I diskusjonen om eksternfinansierte senter handlar det om UiOs politikk overfor sentra for framifrå forsking, når det gjeld administrative, organisatoriske og økonomiske retningslinjer.

Føreslår ekstern styreleiar for UiO: Livsvitskap

For opne dører skal universitetsstyret ta stilling til eit forslag om å ha ekstern styreleiar for styret for UiO: Livsvitskap. Samtidig skal styret også bestemma om UiO: Livsvitskap skal få eit eige rådgjevande organ, eit såkalla "Scientific Advisory Board" (SAB).  

Ny pris for yngre forskarar

På bordet får også styret eit forslag om å oppretta ein ny UiO-pris. Det blir ein pris som skal gå til yngre forskarar som har utmerka seg med framifrå forsking.  Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ber også styret vedta eit forslag om å redusera talet på medlemar i priskomiteen frå sju til fire. Grunngjevinga er at dette skal forenkla og kvalitetssikra arbeidet frå nominasjon og fram mot innstilling av vinnarar. I dag er kvar av dei fire prisane på 250 000 kroner kvar. Dersom styret vedtar forslaget om å oppretta ein ny pris, er vilkåret at det må finnast pengar til ei slik tildeling.

Nytt medlem i Skikkethetsnemda

Styret skal også bestemma om medisinprofessor Kjetil Retterstøl kan gå inn som ny medlem i «Skikkethetsnemnda». Han vil då erstatta medisinprofessor Helga Refsum, som har trekt seg frå nemnda på grunn av personlege forhold, går det fram av sakspapira.  Om forslaget vert vedtatt, vil han sitja fram til ei ny nemnd blir oppnemnd i løpet av sommaren.  

Orienterer om ressurssituasjonen for exphil

Ressurssituasjonen for Examen philosophicum (exphil) kjem opp som ei orienteringssak. Det som er klart, er at rektor Svein Stølen har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå UiO sentralt, HF-fakultetet og frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Gruppa skal kartleggja status og sjå på korleis exphil-utdanninga har utvikla seg gjennom åra. I styremøtet 7.-8. mai vil rektor koma med eit kunnskapsgrunnlag om ressurssituasjonen for exphil, står det i styrepapira. 

Administrativ forbetring og digitalisering

Universitetsstyret får dessutan ei orientering om status i program for administrativ forbetring og digitalisering. Det handlar mellom anna om UiO/økonomi og lønn, UiO/sakshandsaming og arkiv, fellesløysingar og IT-drift.

UiO og miljøhovudstaden Oslo

Den siste orienteringssaka handlar om Universitetet i Oslos bidrag til Oslos status som europeisk miljøhovudstad i 2019. Der blir det mellom anna trekt fram at studentane ved UiO skal ha ein miljøfestival i september med feiring av kunnskap og forsking som våpen i kampen for eit betre miljø og klima. Det blir også ein førpremiere på opninga av Klimahuset i Naturhistorisk museum, før det opnar offisielt i første del av 2020.

Dette er heile saklista til møtet i universitetsstyret 5. februar:

Møte nr. 2/2019 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 2/2019 i universitetsstyret 5. feb. 2019 10:00 - 16:00, Professorboligen, Karl Johansgate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 8/2018 og 1/2019

Saksdokumenter:

  • Protokoll fra møte 8/2018
  • Protokoll fra møte 1/2019 er unntatt offentlighet etter offl.§ 23

Saker til behandling åpent møte

Orienteringssaker


O-SAK 1 Orientering om arbeidet med UHR-loven

Ved Helga Aune, utvalgsleder

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Presentasjon av Det samfunnsvitenskapelige fakultets arbeid med utdanning

Ved dekan Nils-Henrik von der Fehr


Seminar for styrets medlemmer (lukket)

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Årsrapport 2018 - Styrets beretning

Saksnr. 2019/1191

Saksdokumenter:


D-SAK 2 Masterplan IT

Saksnr.

Saksdokumenter er unntatt offentlighet etter offl. § 23


D-SAK 3 Politikk for eksternfinansierte sentre ved UiO

Saksnr.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpent møte (fra ca klokken 13.30)

Ordinære saker


V-SAK 3 Universitetets priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon - endring sammensetning priskomité og innføring av ny pris for yngre forskere

Saksnr. 2014/9174

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret slutter seg til vedlagte forslag om endring i sammensetning av priskomiteen.
  2. Universitetsstyret slutter seg til innføring av en ny pris for yngre forskere.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 UiO:Livsvitenskap - endring i organisering og styresammensetning

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  • Universitetsstyret slutter seg til forslaget om at styret ved UiO:Livsvitenskap kan opprette et internasjonalt "scientific advisory board" (SAB) som et rådgivende organ, i samarbeid med rektoratet.
  • Universitetsstyret slutter seg til forslaget om at sammensetningen for styret ved UiO:Livsvitenskap endres i tråd med styrets prinsipale forslag med en ekstern styreleder.

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Oppnevning av medlem til Skikkethetsnemda

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret oppnevner professor Kjetil Retterstøl som medlem av Skikkethetsnemda, herunder representant for faglærerne, for perioden 6. februar til 30. juni 2019.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 3 Tildelingsbrev 2019 fra Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 2018/593

Forslag til vedtak:

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Ressursituasjonen for Examen philosophicum (exphil)

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Orientering om status i program for administrativ forbedring og digitalisering

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 6 UiOs bidrag til Oslos rolle som europeisk miljøhovedstad 2019

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 7 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 8 Årshjul for styresaker våren 2019

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 9 Eventuelt

 

Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2019 14:33 - Sist endra 30. jan. 2019 14:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere