Nyinvesteringa har kosta 27 millionar kroner og er finansiert av infrastrukturmidlane frå Forskingsrådet, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Universitetet i Oslo håpar den nye detektoren skal gjera det endå meir attraktivt for forskarar over heile verda å koma til Oslo-syklotronen for å gjera dei forsøka dei gjerne vil gjennomføra. I ein omtale av Fysisk institutt peikar UiO på at studentane svært tidleg i studieløpet får bruka syklotronen til å gjera forsøk og delta og bidra aktivt i reelle forskingsprosjekt.
Statsråd Iselin Nybø blei tatt imot av UiO-rektor Svein Stølen og visedekan Kristin Vinje ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Professor i kjerne- og energifysikk, Sunniva Siem fekk oppdraget med å forklara statsråden kva forskarane driv på med. Sjølv visste Iselin Nybø at mange av forskarane frå Oslo-syklotronen også drar på forskingsopphald til partikkelfysikksenteret CERN i Geneve. – Og detektorane våre blir lånte ut til CERN og CERN-ISOLDE.prosjektet, peika Sunniva Siem på.
Iselin Nybø fekk vita at forskarar frå heile verda, mellom anna heilt frå Australia, kjem til Oslo for å kunne gjera eksperiment i syklotronen til Fysisk institutt. – Me er svært nøgde med at satsinga på infrastruktur har gjort at pengane kan brukast på denne måten, sa UiO-rektor Svein Stølen før Iselin Nybø fekk o ppdraget med å opna den nye detektoren. Då klypte ho først over ei raud snor, og så trykte ho på knappen som fekk den nye detektoren i gang. Dermed er den klar til å hjelpa forskarane med å gjera nye eksperiment i syklotronen.
Les meir om det som går føre seg i Oslo-syklotronen i denne artikkelen frå forskingsmagasinet Apollon: Det store karbonmysteriet
Logg inn for å kommentere