Ber UiO-studentar søkja på Den internasjonale sommarskulen

Denne sommaren kan inntil 40 master- og bachelorstudentar ved UiO gå på Den internasjonale sommarskulen.  – Slik håpar me våre internasjonale studentar kan bli kjende med studentar i Noreg, seier direktør Nita Kapoor.

KJENSGJERNING: – Dette handlar om internasjonalisering i Noreg. Det er ei kjensgjerning at mange norske studentar ikkje har høve til å dra på ein sommarskule i eit anna land, seier direktør Nita Kapoor på Den internasjonale sommarskulen ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Kvart år kjem rundt 550 studentar  frå heile verda til UiO i slutten av juni for å studera seks veker på Den internasjonale sommarskulen. Direktør Nita Kapoor har notert seg  at dei stort sett er svært nøgde med opphaldet, men likevel er det ein ting dei alltid spør etter: – Where are all the Norwegians?, siterer Nita Kapoor.  Dei har innsett at dei kan gjera noko for å retta opp i den situasjonen.

– Internasjonalisering i Noreg

 – Det er grunnen til at me no inviterer alle bachelor- og masterstudentar ved UiO til å senda inn søknad om å bli studentar ved Den internasjonale sommarskulen til sommaren.  All undervisning er sjølvsagt gratis, men dei vil også sleppa å betala for å delta på ekskursjonar, sosiale treff og festar som studentane på sommarskulen skal delta på, fortel Nita Kapoor.  

Ho trur dette kan vera eit bra tiltak både for dei studentane som kjem og dei som bur i Noreg. 

– Dette handlar om internasjonalisering i Noreg. Det er ei kjensgjerning at mange norske studentar ikkje har høve til å dra på ein sommarskule i eit anna land. For dei vil dette vera eit godt tilbod for å kunne få internasjonale kontaktar og impulsar i Oslo, trur Nita Kapoor. 

 • Les også i Uniforum: Queendom fekk sving på Sommarskulen

– Kan gi studiepoeng

 Til saman vil om lag 40 UiO-studentar få sjansen til å bli ein del av studentmiljøet ved Den internasjonale sommarskulen i frå 22.juni til 2. august.  Alle som er registrerte som master- eller bachelorstudentar kan senda inn ein søknad før fristen går ut den 1. mars. Det er til saman 14 ulike emne dei kan søkja på.   – For nokre av studentane vil opphaldet på sommarskulen også gi dei studiepoeng som dei kan nytta seg av i graden sin frå UiO. Dessutan får dei høve til å få undervisning på engelsk i eit internasjonalt klasserom, understrekar ho. 

– Kan få oppleva delar av Noreg

Nita Kapoor håpar at svært mange vil gripa denne sjansen til å bli kjende med studentar frå heile verda i Oslo.  – Og så kan dei få oppleva delar av Noreg, som til dømes Telemark og norske fjell saman med desse studentane.  

• Les meir om Den internasjonale sommarskulen

• Dette er kursa UiO-studentar kan søkja på

 

Emneord: Studentsaker, Internasjonalisering, Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 29. jan. 2019 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere