UiO-rektor Svein Stølen er skuffa: Ingen pengar til nytt Vikingtidsmuseum i budsjettavtalen mellom Krf og regjeringspartia

– Det er klart at me er svært skuffa over dette. Det seier UiO-rektor Svein Stølen etter at det viser seg at det ikkje er sett av ekstra pengar til oppstart av  nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy i budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti. 

INGEN PENGAR: Det er ikkje sett av pengar til startløyving til nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy, Dermed må truleg UiO-rektor Svein Stølen venta til tidlegast i revidert budsjett mai neste år før den løyvinga kjem på plass. Biletet er frå besøket til kongeparet i Vikingskipshuset i mai i år.  

Foto: Ola Sæther

Ei startløyving til nytt Vikingtidsmuseum er det altså ikkje funne plass til i budsjettavtalen mellom dei tre regjeringspartia Høgre, Venstre og Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, trass i at politikarar frå Kristeleg Folkeparti tidlegare har lova å få det på plass i ein budsjettavtale. Ein gjennomgang av budsjettavtalen  som blei inngått i går kveld, syner at desse politikarane lova meir enn dei kunne halda då dei gav den lovnaden. 

– Rektor Svein Stølen, korleis reagerer du på at det ikkje kom inn ei løyving til nytt Vikingtidsmuseum i budsjettavtalen mellom regjeringspartia og KrF?

– Det er klart at me er skuffa over dette. Det var jo eitt av punkta i Kristeleg Folkepartis liste over krav. Derfor er det synd at det kravet ikkje nådde opp  i forhandlingane, seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum.  

Han er aller mest vonbroten over haldninga til regjeringspartia.

– Eg er overraska over at det politiske fleirtalet ikkje ser kor viktig det er å ta vare på vikingskipa med den klare dokumentasjonen me har på kor skjør tilstand dei er i, tykkjer Svein Stølen. 

– Vil intensivera innsatsen

– Kva vil Universitetet i Oslo no gjera for å få pengar til vikingskipa og nytt Vikingtidsmuseum?

– Me vil jobba vidare først med Stortingets forskings- og utdanningskomité og håpar at det i alle fall kjem ei løyving til nytt Vikingstidsmuseum i revidert statsbudsjett i 2019. Me skal gå på politikarar og andre for å få dette til. Det er uhaldbart at det ikkje har kome ei løyving no. No må me berre intensivera innsatsen vår for dette må bli løyst og det skal me gjera alt me kan for å få til, seier Svein Stølen.

Pengar til Kongsgårdsprosjektet

Budsjettavtalen mellom Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti viser at det derimot er sett av ei restfinansiering på 4,7 millionar kroner til Kongsgårdsprosjektet på Avaldsnes i Rogaland. Prosjektet blir leidd av Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Ferdigstilling kan bli utsett

Etter å ha leita med lys og lykte i dei ymse postane i budsjettavtalen, klarer ikkje Uniforum å finna nokon post der det er sett av pengar til nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy, som er ei av dei prioriterte satsingane til Universitetet i Oslo. Om det ikkje kjem pengar til prosjektet i 2019, kan den planlagde ferdigstillinga i 2024 bli forseinka. Det går fram av nettsidene til Statsbygg, der det står om Vikingtidsmuseet at  "Det vil tidligst kunne stå ferdig i 2024, forutsatt oppstart detaljprosjektering og gjennomføringsfase i 2019".   Så sant det ikkje er mogleg å få inn ei startløyving til museumsprosjektet på statsbudsjettet for 2019 eller i revidert seinare på året, må truleg ferdigstillinga bli utsett. 

• Les også i Uniforum: Dei skjøraste gjenstandane i Vikingskipshuset står på det skjøraste golvet

• Les også i Uniforum: Iselin Nybø: – Vikingtidsmuseet blir vurdert i seinare statsbudsjett

• Les også i Uniforum: Ikke prioritert av regjeringen: UiO frykter nasjonale ikoner vil kollapse

Nye studieplassar i medisin og i barnevern

Dei andre summane som går til høgare utdanning og forsking, er oppretting av nye studieplassar i medisin og nye studieplassar på ei masterutdanning i barnevern ved Universitetet i Agder. Ein liten auke på 4 millionar kroner skal gi 30 ekstra studieplassar på medisin i Noreg.

Elles er det sett av 285 millionar kroner til øyremerkt finansiering av lærarnormen. Samtidig er det også lagt inn 160 millionar i øyremerkte midlar til bemanningsnormen i barnehagane. Det er også funne plass til  5,8 millionar i eigne midlar til etablering av 100 nye studieplassar ved dei private høgskulane NLA, MF og HLT. Dessutan er Universitetet i Agder tildelt 2,1 millionar kroner for å oppretta 35 nye studieplassar på masterutdanninga i barnevern. 

Les heile budsjettavtalen mellom dei tre regjeringspartia og KrF. 

(Oppdatert 21. november klokka 16:09 med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen)

Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2018 01:24 - Sist endra 21. nov. 2018 16:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere