Krf vil forhandla med regjeringa om vikingskipa

Kristeleg Folkeparti set av  20 millionar til "Vikingskipshuset" i alternativt budsjett.

TUNESKIPET: Både Tuneskipet og dei andre vikingskipa i Vikingskipshuset er i svært dårleg stand. Kristeleg Folkeparti føreslår ei løyving på 20 millionar kroner i det alternative budsjettet sitt.

Foto: Ola Sæther

– Det er veldig gledeleg at Kristeleg Folkeparti har vald å prioritera oss, seier Håkon Glørstad, direktør ved Kulturhistorisk museum i Oslo til Forskerforum

– Flott av opposisjonen

Kristeleg Folkeparti la fredag fram det alternative statsbudsjettet sitt, som partiet vil forhandla med regjeringa om. Der er det lagt inn 20 millionar kroner til «Vikingskiphuset» under kultur-posten. Tidlegare har også SV og Senterpartiet sagt til Forskerforum at dei vil prioritera midlar til vikingskipa, som står i fare for å bli øydelagde på grunn av dårlege sikrings- og bevaringsforhold.  

Både UiO-rektor Svein Stølen og museumsdirektør Håkon Glørstad reagerte svært kraftig då framlegget til statsbudsjett blei lagt fram 8. oktober utan at det var sett av ei startløyving til Vikingtidsmuseet på Bygdøy. 

 • Les i Uniforum: Ikke prioritert av regjeringen: Vikingskipene kan kollapse

Håkon Glørstad har også stått fram i Uniforum og vist kor dårleg golvet i Vikingskipshuset er sikra og forklart kor stort støvproblemet er for samlingane i museumsbygningen.

 • Les i Uniforum: Dei skjøraste gjenstandane i Vikingskipshuset står på det skjøraste golvet

– Det høyrest rimeleg ut at dette kan vera ei oppstartsløyving. Ein får jo ikkje heile milliarden på ein gong, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim til Forskerforum.

Publisert 12. nov. 2018 10:52 - Sist endra 12. nov. 2018 10:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere