UiO-styret: Føretaksmodellen vil ikkje auka autonomien vår

Føretaksmodellen slik me kjenner den frå helsesektoren, vil ikkje auka autonomien vår, slår universitetsstyret ved UiO fast overfor Kunnskapsdepartementet.

EINIGE: Medlemane i universitetsstyret blei til slutt einige om at føretaksmodellen ikkje ville auka autonomien for UiO. Dermed landa styret på at mykje kan gjerast med dagens modell, der universiteta og høgskulane er statlege forvaltingsorgan med serskilde fullmakter. Det er bodskapen statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø får på bordet frå UiO denne veka.

Foto: Martin Toft

Denne veka gjekk fristen ut for å koma med innspel til mandat for utvalet forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø vil setja ned for å gå gjennom regelverket for universiteta og høgskulane.

Sjølv om det i denne omgang handlar om å få eit forenkla og meir oversiktleg regelverk, slapp ikkje universitetsstyret ved Universitetet i Oslo heilt tak i spørsmålet om tilknytingsforma for desse institusjonane.

Ikkje naudsynt å endra tilknytingsform

Trass i at det var tendens til ei viss usemje om styret skulle opna for at utvalet sjølv skulle vurdera ulike tilknytingsformer, mellom dei føretaksmodellen, har det endelege innspelet frå universitetstyret enda opp med ei formulering som held fast på dagens modell ,der universiteta og høgskulane er statlege forvaltingsorgan med serskilde fullmakter.

Det blir understreka at mykje kan gjerast utan å endra tilknytingsform. «Vi ser ikke at en foretaksmodell slik vi kjenner den frå helsesektoren vil kunne møte våre utfordringer og øke vår institusjons de facto autonomi", står det i innspelet. Universitetsstyret gjentar også at det i den pågåande diskusjonen om føretaksmodellen er rett medisin for norske universitet, startar ein diskusjonen utan at diagnosen er stilt. «Det mener vi er uheldig», vert det understreka.  

   • Les i Uniforum: UiO-leiinga: Startar diskusjonen før diagnosen er stilt

Ynskte ikkje kategorisk avvising

På det ekstraordinære styremøtet på måndag rådde ekstern representant Idar Kreutzer styret til ikkje kontant å avvisa føretaksmodellen, men opna for at også den kunne vurderast og analyserast av utvalet som Nybø skal setja ned. Då fekk Idar Kreutzer motbør frå fleire av dei andre styrerepresentantane, samtidig som UiO-rektor Svein Stølen uttrykte forståing for synspunktet hans. Også ekstern representant Anne-Marie Engel, støtta resonnementet til styrekollega Kreutzer. 

Marianne Midthus Østby, som representerer dei teknisk/administrative, meinte derimot at det var naudsynt kontant å avvisa føretaksmodellen. 

– Me må slå fast allereie no at føretaksmodellen absolutt ikkje er ein modell som er svaret på dei problema som universiteta og høgskulane strir med i dag. Me kjenner den godt nok frå helsesektoren til å kunna slå det fast, konstaterte ho. Når det endelege innspelet til Kunnskapsdepartementet no er ferdig, er det heilt klart at ho vann fram på det punktet.

  • Les i Uniforum: Ikkje einige om kategorisk avvising av føretaksmodellen

   • Les i Uniforum: Skal ha ekstraordinært styremøte for å diskutera mandatet til Nybø-utval

   • Les i Rektorbloggen: Universitetene må gis større ansvar og myndighet

   • Les i Rektorbloggen: Jeopardy: dersom foretaksmodellen er løsningen for universitetene - hva er problemet?

For mykje styring gjennom reglar og føreskrifter

Når det gjeld den oppgåva Kunnskapsdepartementet eigentleg hadde bede universitetsstyret om å gjera i denne omgang, altså å koma med innspel til mandat til utvalet som skal sjå om det er mogleg å forenkla og betra rammeverket for universitet og høgskular, kjem universitetsstyret med fleire råd om kva som bør gjerast. UiO viser til at målstyring er blitt ein premiss i sektoren. Likevel har styring via reglar og føreskrifter ekspandert. «Dette er ikke effektivt eller kvalitetsfremmende», heiter det.

UiO-styret meiner at det må gjevast meir ansvar og makt til institusjonane sjølve. Dette må skje utan å redusera dei tilsette sin faglege og akademiske fridom og ansvar, eller rettane og stillingsvernet deira. I innspelet ber universitetsstyret ved UiO også om at utvalet ikkje berre går gjennom Universitets- og høgskulelova og anna regelverk som vert forvalta av Kunnskapsdepartementet, men at det også får mandat til å ta føre seg heile breidda av regelverk som sektoren må ta omsyn til. Dette må samansetjinga av utvalet også reflektera, understrekar universitetsstyret i innspelet sitt.

  • Les også i Uniforum: Iselin Nybø: – Eg elskar debatt

Større grad av tillit og makt

Som Uniforum tidlegare har skrive, peikar styret også på ein del område innanfor eigedom, personal- og utdanningsfeltet, der det er naudsynt og ynskjeleg med større grad av tillit og makt, noko som kan bidra til større autonomi. Det meiner UiO-styret også er den beste oppskrifta for at Universitetet i Oslo kan utvikla seg som eit leiande europeisk forskingsuniversitet. Det handlar både om høvet til å utvikla forskinga og utdanninga og om dei økonomiske utfordringane som er knytte til investering, vedlikehald og ombygging av ein stor eigedomsmasse.  

Strukturreforma kan gi meir autonomi

Samtidig minner styret for UiO om at strukturreforma har rom i seg til å gi institusjonane meir autonomi. Dei kan nemleg bli store nok til at dei sjølve kan få det ansvaret ein større autonomi føreset, heiter det. Det blir repetert at sektoren har behov for klarare reglar for verna stillingar som professorstillinga. UiO har behov for å få tilbake heimelen til å tilsetja faglege leiarar for tverrfaglege satsingar på åremål. «Staten bør gi oss tillit til å organisere faglige satsinger på en måte som både ivaretar ansatte og de faglige behovene», står det i innspelet.

Det blir trekt fram at stillingsstrukturen er for regulert, og at større fleksibilitet kan redusera talet på mellombelse stillingar i sektoren. Derfor vil UiO-styret ha eit større spenn av stillingskategoriar. I innspelet blir det likevel lagt vekt på at dette vil styret at institusjonane sjølve skal kunna regulera under gjeldande tariffavtalar og utan å svekkja stillingsvernet.

Heilt til slutt konkluderer eit samla universitetsstyre slik i innspelet sitt til Kunnskapsdepartementet: «Vi er overbevist om at vi innenfor en slik forventningsramme bør få økt autonomi. Det vil gi oss mulighet til å levere enda betre på det store samfunnsoppdraget vil har. Vår faglige autonomi må være stor. Vårt akademiske ansvar likeså.»

Den 19. juni skal universitetsstyret drøfta eit innspel til forenklinga av målstrukturen. Seinare i år vil styret også koma med eit siste innspel som handlar om tilknytingsform for universitet og høgskular.

Mobiliserer mot føretaksmodellen

Den einaste modellen som regjeringa har nemnt i regjeringsplattforma frå Jeløya, var føretaksmodellen. Norsk studentorganisasjon og fagforeiningane NTL og Forskarforbundet har allereie begynt å mobilisera mot denne modellen. I går publiserte også 84 akademikarar eit innlegg i Aftenposten der dei gjekk imot føretaksmodellen som ei framtidig tilknytingsform for universitet og høgskular. 

1. vara til universitetsstyret, filosofiprofessor Olav Gjelsvik, uttrykte i eit debattinnlegg i Uniforum i går at han også har landa på at føretaksmodellen ikkje vil vera ein tenleg modell for universiteta og høgskulane.

  • Les også i Uniforum: NTL mobiliserer mot føretaksmodell for universitet og høgskular

 • Les også i Uniforum:  Varsler studentopprør mot ny styringsmodell

   • Les også:    Bredt opprop mot foretaksmodell

   • Les også i Uniforum: Om autonomi i universitetssektoren

 

 

Dette er saka: 

I plattforma frå Jeløya går det fram at regjeringa vil sjå nærare  på ein del område i universitets- og høgskulesektoren:

  1. Det skal setjast ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for universiteta og høgskulane. Innspela til mandat for utvalet har frist 1. mai. Det er dette som blei  diskutert på det ekstraordinære møtet i universitetsstyret 30. april.
  2. Ein studie som ser på om det er mogleg  å vurdera nye tilknytingsformer for universitet og høgskular. I dag er universiteta og høgskulane organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. I plattforma blir ei organisering som føretak, slik sjukehusa er organiserte, trekt fram som eit døme på ei ny tilknytingsform. Dette forslaget har fått kritikk både frå studentorganisasjonar og frå både NTL og Forskarforbundet. Innspel på dette punktet har ikkje nokon frist.
  3. Forenkling av målstrukturen. Kunnskapsdepartementet ber institusjonane om å koma med synspunkt på korleis målstrukturen i dag verkar og blir opplevd og kva som fungerer godt og kva som kan betrast. Målet er å leggja fram moglege endringar i målstrukturen i tildelingsbreva for 2019. Fristen for å koma med innspel er utsett frå 1. juni til 26. juni.
Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2018 16:08 - Sist endra 3. mai 2018 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere