Misforståing skapte frykt for at Scholars at Risk ville få millionkutt

Universitetet i Oslo har lagt inn 3,8 millionar på budsjettet øyremerkt til Scholars at Risk. – Me seier oss leie for at det har skjedd ei misforståing knytt til denne løyvinga, seier rektor Svein Stølen etter at komitémedlemane kritiserte varsla kutt.

MED I STYREPAPIRA: – Det har vore ei misforståing i denne saka. I styrepapira frå maimøtet vårt går det også fram at Scholars at Risk saman med mellom andre Berkeley-senteret i California er inne med ein samla pott på 11,5 millionar kroner, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Foto: Martin Toft

Scholars at Risk-komiteen ved UiO hadde fått informasjon om at budsjettet deira ville bli redusert frå 3,8 millionar til 800 000 kroner i 2019. Difor skreiv dei fire komitémedlemane eit kritisk debattinnlegg som blei publisert i Uniforum natt til i dag. I innlegget kalla dei det for «trist og flaut» at UiO frå og med neste år berre ville kunne finansiera ein forfylgd forskar i staden for å gi vern til fire som i år.

Fakta om Scholars at Risk:

- Scholars at Risk Network blei etablert ved Chicago University i 1999

- Nettverket arbeider for å verna forfylgde akademikarar over heile verda.

- Har handsama over 2000 meldingar frå forskarar i fare sidan 2001.

- Tar imot mellom 50 og 60 forskarar ved medlemsinstitusjonane kvart år.

- Har medlemar frå meir enn 350 universitet i 36 land.

- I Noreg er 19 institusjonar med i nettverket og det finst også ei eiga avdeling av nettverket.

- Noreg tok imot fire forskarar i 2013-14 og auka talet til fem eller seks i 2015-16.

- I 2012 fekk grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn UiOs menneskerettspris.

Juni 2015: Scholars at Risk legg fram rapporten "Free to Think" som dokumenterer 333 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar frå 2011 til 2015.

2016: Scholars at Risk ved UiO blei tildelt ei mellombels ekstraløyving på 3 mill. kroner for 2016, 2017 og 2018. Også føreslått vidareført i 2019.

UiO har dei siste åra gitt vern til fire forfylgde forskarar gjennom Scholars at Risk.

(Kjelder: Uniforum og Scholars at Risk

  • Les i Uniforum: Trist og flaut

No viser det seg altså at dette ikkje er rett. Komiteen har ved ei misforståing fått feil opplysningar frå UiO. Det stadfestar både rektor Svein Stølen og økonomidirektør Ellen Johanne Caesar overfor Uniforum.  

Den mellombels løyvinga ligg framleis inne

– Det har vore ei misforståing i denne saka. I styrepapira frå maimøtet vårt går det også fram at Scholars at Risk saman med mellom andre Berkeley-senteret i California er inne med ein samla pott på 11,5 millionar kroner, seier Svein Stølen.

Og økonomidirektør Ellen Johanne Caesar supplerer han med fylgjande opplysning.

– Tala viser at Scholars at Risk-komiteen får ført vidare den same summen som i år, altså 3,8 millionar kroner, stadfestar ho og viser til bakgrunnen for det.

– Det blei gitt ei mellombels ekstraløyving for to år sidan i samband med flyktningkrisa i 2015. Og den ligg framleis inne, slår ho fast.

Letta komité

Jussprofessor Anne Hellum er leiar for Scholars at Risk-komiteen ved Universitetet i Oslo. Både ho og resten av komitémedlemane er nøgd med oppklaringa frå rektor Svein Stølen og UiO-administrasjonen.

– SAR-komiteen ved UiO er letta over at informasjonen me fekk frå UiOs administrasjon om økonomisk nedskjering ikkje var rett. Me takkar rektor Svein Stølen for raskt svar med grundig informasjon. Rektoratet si avgjerd om å oppretthalda dagens satsingsnivå er eit viktig handslag til UiOs arbeid med å styrkja akademisk fridom og autonomi, seier Anne Hellum til Uniforum.

– Ikkje godt nok formidla

Tidlegare i vår handsama rektoratet eit framlegg om å gjera den mellombelse auken i løyvinga til Scholars at Risk frå 2016 om til ei varig løyving.

– Rektoratet avgjorde at det ikkje ville rå til ei slik endring til universitetsstyret. Den mellombels løyvinga blei derimot ført vidare, slik at budsjettet for Scholars at Risk i 2019 blir det same som det har vore frå 2016, altså 3,8 millionar kroner årleg, stadfestar Svein Stølen.

– Akkurat denne avgjerda blei ikkje godt nok formidla til Scholars at Risk-komiteen. Dermed fekk dei inntrykk av at den mellombels auken i løyvinga blei avslutta, legg Svein Stølen til.

Samtidig avviser Svein Stølen kritikken av at budsjettsøknaden ikkje er handsama i universitetsstyret.

– Nei, der handsamar me dei store linjene i framlegg til universitetsbudsjett og ikkje kvar enkeltsak for seg, understrekar UiO-rektoren.  Han synest samtidig at det er bra at Scholars at Risk-komiteen tar opp saka. – Det er fint med engasjementet.

– Skuffa over at arbeidet ikkje blir ei varig satsing

Leiar Anne Hellum i Scholars at Risk-komiteen garanterer at dei likevel vil halda fram arbeidet med å gjera arbeidet dei driv for å verna forfylgde forskarar til eit fast tiltak på universitetsbudsjettet.

– Me er sjølvsagt skuffa over at rektoratet ikkje vil gjera Scholars at Risk-arbeidet  til ei varig satsing, som vi bad om i vårt brev tidlegare i år. Som pådrivarar for SAR-arbeidet ved UiO vil komiteen understreka behovet for lange og permanente ordningar  i ei tid der forskingsfridomen blir sett under press i stadig fleire land i alle delar av verda, slår ho fast.

 I 2019 ynskjer komiteen å markera Scholars at Risk-arbeidet på UiO jubilerer.

– Neste år er det 10 år sidan UiOs SAR-arbeid starta. Komiteen har i det høvet tatt initiativ til ei evaluering av arbeidet. Målsettinga vår er å forbetra, styrkja, utvida og halda fast på UiOs innsats på dette viktige feltet. Me ser fram til eit konstruktivt samarbeid med rektoratet og universitetsstyret om denne viktige universitetsoppgåva, seier Anne Hellum.

Les meir i Uniforum om UiO og Scholars at Risk:

257 åtak på utdanningsinstitusjonar i 35 land

På flukt for å ha kjempa for akademisk fridom

UiO tredoblar innsatsen for truga forskarar

Farlegast å vera akademikar i Syria og Irak

Trakassert pakistansk professor får vern i Noreg

- Akademisk fridom må med i listene over verdas beste universitet

 

Emneord: Menneskerettar, Akademisk frihet, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2018 14:21 - Sist endret 23. mai 2018 14:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere