UiO vil bruka 256 millionar til bygg og forskingssatsing i 2018

UiO vil bruka til saman 130 millionar kroner på opprusting av Kristian Ottosens hus og Niels Henrik Abels hus på Blindern neste år. Det skal satsast 18 millionar kroner på UiO:Energi og frie forskingsprosjekt. Det går fram av budsjettframlegget for 2018.

INGEN VEKST: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe åtvarar mot å tru på meir vekst i dei statlege løyvingane til UiO i åra framover. I dag vedtar universitetsstyret budsjettfordelinga for 2018.

Foto: Martin Toft/Uniforum

I dag vedtar universitetsstyret budsjettfordelinga for 2018. Av sakspapira går det fram at universitetsdirektør Gunn- Elin Aa. Bjørneboe innstiller på at Niels Henrik Abels hus og Kristian Ottosens hus skal rustast opp for 65 millionar kvar neste år. Samtidig innstiller universitetsdirektøren på at Historisk museum får 50 millionar kroner. Dei andre store investeringane i areal blir i Det juridiske fakultetet med 20 millionar og 20 millionar til utstillingar i W.A.Brøggers hus i Naturhistorisk museum på Tøyen.

    • Fylg styremøtet 20. juni direkte her

Pengane kjem inn gjennom mellom anna disponering av 74 millionar kroner frå oppløyste fond. I tillegg vil 100 millionar bli frigjorde gjennom omdisponering av den årlege avsettinga til vedlikehald og investeringar. Dessutan blir det også gjort ei bruksendring ved å setja 46 millionar kroner i ubrukte midlar til byggjeprosjekt og arealdrift.

Satsar på forsking og IT

Den største forskingssatsinga blir ei investering på 18 millionar kroner til UiO: Energi og frie midlar til forsking. I tillegg blir det også føreslått ei investering på 5 millionar kroner i informasjonsteknologi for forsking og utdanning.

I budsjettdokumentet blir det understreka at det er lagt opp til å skjerma fakultet og tilsvarande einingar så langt det er mogleg for ytterlegare rammekutt, utover kuttet i effektivisering som alle er pålagt. I hovudsak kjem dermed fordelinga i 2018 til å vera ei vidareføring av dei satsingane som allereie er sette i gang, heller enn å setja i gang nye, skriv universitetsdirektør Gunn- Elin Aa. Bjørneboe i budsjettframlegget.

Reknar med 5,3 milliardar frå Kunnskapsdepartementet

For 2018 kalkulerer UiO med at løyvinga frå Kunnskapsdepartementet vil liggja på 5,3 milliardar kroner. I budsjettframlegget for 2018 er det likevel blitt til 5,4 milliardar. Det blir understreka at den endelege løyvinga  frå Kunnskapsdepartementet først blir vedtatt som ein del av handsaminga av statsbudsjettet i desember 2017. Derfor er UiOs utrekna tal for framlegg til fordeling for 2018, grunnlagt på ei vidareføring av den nasjonale finansieringsmodellen som blir brukt i dag og på dei resultata som einingane fekk i 2016.

Den resultatbaserte inntekta frå Kunnskapsdepartementet vil vera på 32 prosent av løyvinga. I 2017 vil UiO få ein samla auke i den resultatbaserte inntekta på rundt 10 millionar kroner. Innanfor utdanning vil det til saman bli 22 millionar kroner, medan det truleg blir 12 millionar innanfor forsking.

Bomma med 30 millionar

Dette året fekk UiO til slutt 30 millionar kroner meir enn det universitetet hadde kalkulert med i budsjettfordelinga som blei formelt vedtatt i juni 2016. Desse pengane går inn i fordelinga av budsjettet for 2018, går det fram av budsjettdokumentet frå universitetsdirektøren.

Ikkje lenger økonomisk forsvarleg å førehandsdisponera

Førehandsdisponeringar er brukte som verkemiddel for å gjennomføra prioriterte investeringar til rehabilitering av bygningar og kjøp av eigedom. I praksis vil det seia at UiO låner av ubrukte pengar frå einingane og av framtidige løyvingar. No har den samla summen av førehandsdisponeringar kome opp i 1 milliard kroner. Universitetsdirektøren meiner difor at det ikkje er økonomisk forsvarleg å bruka dette verkemiddelet i tida framover.

Åtvarar mot å tru på vidare vekst

UiO får altså ei årleg grunnløyving frå Kunnskapsdepartementet på rundt 5,3 mrd. kroner. Universitetsdirektøren åtvarar om at UiO ikkje vil kunna rekna med at det blir ein vidare vekst i grunnløyvingane. I budsjettdokumentet går det fram at det er grunn til å tru at dei statlege løyvingane vil bli reduserte med ein sum på 150–200 millionar kroner over ein femårsperiode.

UiO vil i åra framover auka sine areal gjennom til dømes nye bygg for livsvitskap og odontologi. I 2025 vil det føra til auka driftsutgifter på 170 millionar kroner. Auken vil truleg bli på 20 millionar kroner allereie frå 2020, står det i sakspapira. Likevel ser ikkje universitetsdirektøren bort frå at det også vil vera mogleg å få inn inntekter. Det kan skje gjennom å seia opp leigeavtalar, selja nokre eigedomar og flytta inn i eigne bygningar.

Dette er hovudtala i budsjettfordelinga mellom dei ulike fakulteta, musea, sentra og andre einingar ved UiO:

Heile UiO: 5,416 milliardar kroner

Fakulteta: 3,622 milliardar kroner

Musea:       240,5 millionar kroner

Sentra:       112,225 millionar kroner

UB:             282, 348 millionar kroner

LOS:        1,440 milliardar kroner

(Talet for LOS (tidl. Sentraladministrasjonen) inkluderer både UiO-bank, fellestiltak og større vedlikehald/investeringar)

Mat.nat får mest, TF minst

Av fakulteta er det Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som får den største summen, medan Det teologiske fakultetet får den minste. Teologi får eit forslag til budsjett på 48,4 millionar i 2018, medan MN-fakultetet kjem til å få 1,081 milliardar kroner. Det er 371 millionar meir enn Det medisinske fakultetet, som vil få ein pott på 710,6 millionar, om innstillinga til universitetsdirektøren blir vedtatt. Det humanistiske fakultet får ganske nøyaktig 100 millionar mindre enn Det medisinske fakultetet, totalt 611,5 millionar kroner.

Det er viktig å leggja merke til at denne budsjettfordelinga berre handlar om den stipulerte løyvinga på 5,4 milliardar kroner frå Kunnskapsdepartementet. Moglege eksterne inntekter er ikkje med i denne budsjettfordelinga.

Les fleire saker om universitetsstyremøtet 20. juni:

       - Som å få Messi til Rosenborg

 

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2017 00:29 - Sist endra 20. juni 2017 11:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere