Tre UiO-tilsette vil bli ny biblioteksdirektør

Live Rasmussen, Håvard Kolle Riise og Eystein Gullbekk er dei tre einaste, kjende UiO-tilsette som har søkt den ledige jobben som biblioteksdirektør. Tre av dei 19 søkjarane held namna sine løynde.

VIL BLI UB-SJEF: Overbibliotekar Live Rasmussen ved Realfagsbiblioteket er ein av tre UiO-tilsette som har søkt stillinga som ny biblioteksdirektør for Universitetsbiblioteket i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Tre av søkjarane som vil overta jobben som biblioteksdirektør for Universitetsbiblioteket når Bente R- Andreassen går av for aldersgrensa, er interne søkjarar frå UB.

Overbibliotekar Live Rasmussen er i dag sjef for Realfagsbiblioteket på Blindern, medan Håvard Kolle Riis er underdirektør for digitale tenester ved UB. Eystein Gullbekk er leiar for undervisnings- og forskingsstøtte ved UB.  Den eksterne søkjaren Peter Hansen er i dag biblioteksjef i Eidsvoll kommune. Også stipendiat Mahmood Khosrowjerdi ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er å finna blant søkjarane.

Dette er lista over alle søkjarane:

Emneord: Universitetsbiblioteket, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2017 17:18 - Sist endra 18. mai 2017 17:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere