Noreg sender ulovleg Buddha tilbake til Myanmar

I dag blei ein 200 år gammal Buddha-skulptur frå Myanmar pakka ned og gjort reiseklar på Kulturhistorisk museum. – Eg er stolt over at Noreg viser ansvar og sender denne Buddha-figuren tilbake til heimlandet, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

FLYTTAR BUDDHA: Handverkssjef Inge Bjørgen og konservator Anne Håbu ved Kulturhistorisk museum flyttar Buddha-figuren over på ei tralle, før den skal pakkast ned og sendast tilbake til Myanmar. Kulturminister Linda Hofstad Helleland står og observerer arbeidet.

Foto: Ola Sæther

For seks år sidan blei ein 93 kilo tung Buddha-figur beslaglagd av Tollvesenet i Drammen. Etter kvart blei den plassert hos Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Etterforskinga viste at den kom frå Myanmar. Frå 1. august 2016 og til no har den vore utstilt utanfor Etnografisk samling i Historisk museum.

I dag blei Buddha-figuren gjort klar for den lange reisa tilbake til heimlandet. Då løfta konservator Anne Håbu og handverkssjef Inge Bjørgen skulpturen frå utstillingsmonteren og over på ei tralle, før dei frakta den vidare opp til ein verkstad der dei begynte å pakka ned Buddha-figuren, som truleg er mellom 150 og 200 år gammal. Noreg ratifiserte Unesco-konvensjonen av 1970 i 2007. Det er den viktigaste konvensjonen for å hindra ulovleg handel med kulturminne, og har fått fylgjer for norsk lovgjeving.

Les også: Stopper antikvitetssmuglere

– Ein milestolpe

Kulturminister Linda Hofstad Helleland synest det er viktig at Noreg leverer gjenstanden tilbake til Myanmar.

– Dette er ein milestolpe som viser at det er viktig å setja av ressursar til å etterforska kvar ein ulovleg innført gjenstand kjem ifrå. For Noreg er det viktig å gå føre som eit godt døme ved å levera denne kulturgjenstanden tilbake til landet den er importert ulovleg frå, seier Linda Hoftstad Helleland til Uniforum.  

GRANSKAR: Kulturminister Linda Hofstad Helleland granskar Buddha-figuren nøye, før den blir tatt ned for å bli frakta tilbake til Myanmar. (Foto: Ola Sæther)

Lovar meir ressursar

Og ho synest det er viktig å prioritera slike saker. – I framtida vil me bruka meir ressursar på dette arbeidet. Det er viktig for Noreg å visa andre land at me tar slik kulturkriminalitet alvorleg, seier ho. Sjølv skal ho ikkje vera med når Buddha-figuren blir overlevert til styresmaktene i Myanmar. – Den vil vera i trygge hender når den drar til Myanmar i følgje med utanriksminister Børge Brende, smiler ho.

 

Skal til Nasjonalmuseet i Myanmar

I Myanmar vil ministeren for kultur og religiøse saker ta imot Buddha-figuren. Utanriksminister Børge Brende vil stå for overrekkinga på vegner av Kulturdepartementet. Statuen skal plasserast i Buddha-rommet i det nye nasjonalmuseet i Myanmars hovudstad, Naypyidaw,  opplyser seniorrådgjevar Sunneva Sætevik i Kulturdepartementet til Uniforum. Det er ho som har handsama denne saka i departementet. – Ja, denne saka har lege på bordet mitt i over seks år. Derfor er det fint å sjå at saka får ei god løysing. Dessverre har mange kulturminne frå Myanmar blitt smugla ut av landet og no set dei stor pris på å få Buddha-statuen tilbake.

– Korleis klarte de å finna ut at denne Buddha-figuren kom frå Myanmar?

– Sidan me ikkje har god nok kompetanse på Buddha-figurar i Noreg, fekk me hjelp frå ekspertar frå Storbritannia og Frankrike. Uavhengige av kvarandre konkluderte desse med at statuen opphavleg kom frå Myanmar. Det blei også varsla om beslaget gjennom UNESCO for å finna ut om andre medlemsland ville gjera krav på statuen. Det var ingen andre eigarar som melde seg. Dermed begynte arbeidet med å få levera den tilbake til Myanmar, seier Sunneva Sætevik.

Buddha-figuren blei oppdaga av Tollvesenet

Ho vil også gjerne gi honnør til Tollvesenet.

– Det var takka vere ein vaken tollrevisor i Drammen at me kunne ta rettsleg beslag i denne Buddha-figuren i 2011 og hindra eit forsøk på ulovleg import av ein kulturgjenstand til Noreg. Etter å ha stått på tollageret i Drammen nokre år, blei den, etter at det var gjort eit rettsleg vedtak om inndraging, frakta vidare til Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

– Kor verdifull er denne gjenstanden?

– Den er ikkje spesielt unik eller verdifull som kulturobjekt, men den har ein viktig symbolverdi. Me håpar dessutan at tilbakelevering av Buddha-statuen til opphavslandet kan vera medverkande til å skapa ein god praksis for handsaming av slike saker i framtida, seier Sunneva Sætevik til Uniforum.

Les også:  – Den illegale handelen med kulturskattar må stansast

Museumsdirektør Håkon Glørstad peikar på at utførsel av slike gjenstandar er eit stort problem internasjonalt.

–  Det er i dag ein stor, svart marknad for slike kulturminne på internett. Eit objekt som norske turistar blir tilbydd på gata i eit anna land er eit kulturminne og derfor kjem det inn under lokal eller norsk kulturminnelovgivning, seier han.

Les også: Er jeg ulovlig?

Eldre saker frå Uniforum:

Kulturdepartementet rører ikkje Schøyen-samlinga

Avbryt forskinga på Schøyen-samlinga

Universitetet kaster ut Schøyen-samlingen

Akademisk vandalisme å stoppe Braarvigs forskning

UiO burde ikkje ha stansa forsking

Svensk arkeolog: - Uetisk å forske på kulturminner med ukjent opphav

Emneord: Asia, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 8. juni 2017 16:18 - Sist endra 8. juni 2017 20:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere