– Den illegale handelen med kulturskattar må stansast

– Verdssamfunnet bør bli flinkare til å hindra ran av kulturskattar også i land som ikkje er ramma av krig, seier Neil Brodie, ein av verdas fremste ekspertar på illegal handel av kulturskattar.

KVITVASKING AV KULTURMINNE: Forskarane Josephine Munch Rasmussen og Neil Brodie kjempar mot den ulovlege omsetninga av kulturminne: – Handelen med gjenstandane blir kvitvaska gjennom fleire ledd, meiner dei.

Foto: Martin Toft

For rundt eitt år sidan dukka det opp leirkrukker med arameisk skrift på ein antikvitetsmarknad i London. Ei nærare undersøking viste at dei truleg var stolne frå eit museum i Irak under den siste krigen.

– Det var under Irak-krigen i 2003 det blei skapt mest merksemd rundt ran av kulturskattar. Då forsvann mange av dei mest verdifulle gjenstandane frå nasjonalmuseet i Bagdad. Men problemet er minst like stort i land som Jordan, Yemen, dei palestinske områda og i Egypt, seier seniorforskar Neil Brodie ved Scottish Centre for Crime and Justice Research påUniversitetet i Glasgow.

Senteret driv forsking på den illegale handelen med kulturskattar.

Internasjonal mafia står bak

For kort tid sidan var han på Universitetet i Oslo for å vera opponent under disputasen til Josephine Munch Rasmussen.

Begge er opptekne av at verda må engasjera seg i å redda gjenstandar som tilhøyrer verdas kulturarv.

– Noreg skreiv under konvensjonen i 2005, men lite har skjedd bortsett frå ei oppmoding til norske turistar om å passa på ikkje å ta med seg verdifulle, eldgamle gjenstandar når dei vender heim igjen. Det er ikkje turistar som er dei store syndarane. Det finst ein internasjonal mafia som står bak handelen med illegale kulturskattar frå både Midtausten, Afghanistan og andre land som opplever eller har opplevd ufred, understrekar ho.

Schøyen-samlinga til etisk vurdering

I 2004 blei det ei stor sak då NRK Brennpunkt melde at det var sju ikkje identifiserte kulturskattar frå Afghanistan i den private Schøyen-samlinga.

Forskinga på gjenstandane blei mellombels stansa av UiO, som gjerne ville høyra kva vurdering Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) kom fram til i denne saka. Då den kom, meinte komiteen at

«I lys av de vurderinger og anbefalingene som her er gjort, vil NESH likevel sette spørsmålstegn ved om det var riktig å stilleforskningen på Schøyen-samlingen i bero. Komiteen

ser at det var behov for en tenkepausefor å avklare hvordan institusjonen skulle forholde seg til denne og liknende saker. Det fremstår likevel som et inngrep i forskningens frihet

at et forskningsprosjekt avbrytes, kort tid etter en mediedebatt. En mer passende reaksjon ville nok vært at forskningen ikke ble midlertidig stoppet, men at Universitetet hadde

igangsatt granskning av det aktuelle materialet, etablert eller brukt et internt forum hvor relevante forskningsmiljøer  hadde gått inn i en åpen diskusjon med hverandre,

og varslet sentrale myndigheter om usikkerhet med hensyn til eierhistorie og opphav.» (NESH, 30.06.2005).

Komiteen understreka likevel sterkt at forskarar som har mistanke om at gjenstandar er stolne, har plikt til å melda frå om det til forskingsinstitusjonen. Også eigaren av samlingane må tillata at det blir forska på eigarhistoria, slo komiteen fast.

 

– Vil ha bakmennene i fengsel

For Neil Brodie finst det berre ei løysing på problemet med den illegale handelen med kulturminne. – Bakmennene må i fengsel og dei ekspertane som hjelper dei med å fastslå verdien av gjenstandane, må bli svartelista. Dei må bli ekskluderte frå det gode, akademiske selskap, meiner han.

Kjøp av slike kulturskattar er ein metode for å omsetja pengar som organiserte kriminelle nettverk har skaffa seg på illegalt vis. – Ei slik form for kvitvasking av pengar er svært vanleg, konstaterer Brodie.

– Dukkar opp igjen fem år etter forsvinninga

For to år sidan fekk senteret der han er seniorforskar, 10 millionar kroner frå det europeiske forskingsrådet for å driva endå meir forsking på forsvunne kulturskattar. Då hadde dei allereie avslørt smuglarruter frå Kambodsja og Thailand til marknadane i London og i New York.

– Mønsteret er at fem år etter at desse kulturgjenstandane blir stolne frå museum eller frå område med arkeologiske utgravingar, vil dei dukka opp på marknader i Vesten. Dei som går og handlar eldgamle antikvitetar ,må heile tida spørja seg om gjenstanden er ekte og om det har papir på opphav, fortel Neil Brodie.

Han trur ikkje det er ein heilt vanleg mafia som står bak denne handelen.

– Eg er overtydd om at også terrororganisasjonar som Taliban, Al Qaida og ISIL (Den islamske staten i Levanten) brukar den illegale handelen med kulturgjenstandar til å skaffa seg inntekter, seier han til Uniforum.

Etterlyser betre kontroll i Europa

Både han og Josephine Munch Rasmussen trur verdssamfunnet må bruka meir pengar på å kontrollere denne handelen.

– Det vil likevel vera svært vanskeleg å stansa handelen berre gjennom å styrkja grensekontrollane. Handelen med gjenstandane blir kvitvaska gjennom fleire ledd, meiner dei. Også i historiske museum i Vesten finst det gjenstandar som i si tid kom til landa som krigsbyte eller som oppdagingsreisande hadde skaffa seg på heller tvilsamt vis.

Mange forsvarar det med at mange av desse tinga ville ha gått tapt for ettertida om dei ikkje hadde blitt frakta ut av landet dei kjem frå. Det er eit argument som Neil Brody absolutt ikkje kjøper.

– Det historiske museet i Liverpool hadde mange egyptiske skattar. Alle blei øydelagde under bombinga av Liverpool under Den andre verdskrigen. Hadde dei blitt verande i Egypt, ville dei truleg ha eksistert i dag også, slår han fast.

(Kjelder: Neil Brodie, Josephine Munch Rasmussen, The Guardian, The Journal of Art Crime og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane)

 

Emneord: Kultur, Kulturhistorisk museum, Storbritannia, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2014 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere