I går skreiv Uniforum at prosjektrådet for den nye klinikkbygningen til odontologi skulle ha eit møte der dei skulle avgjera om Nemko-bygningen måtte rivast eller skulle rehabiliterast for å gi plass til nybygg.
Ikkje mandat
No viser det seg at prosjektrådet likevel ikkje har mandat til å avgjera dette spørsmålet, sjølv om det var det inntrykket leiinga ved Det odontologiske fakultetet hadde fått.
– Eg håpar verkeleg dei landar på at det er behov for å byggja ein heilt ny klinikk frå grunnen av, sa instituttleiar Jan Eirik Ellingsen ved Institutt for klinisk odontologi i gårsdagens artikkel i Uniforum. Då trudde han at prosjektrådet ville koma med ei tilråding i det spørsmålet. I rådet sit også dekan Pål Barkvoll. Sidan Barkvoll ikkje kunne møta i går, representerte fakultetsdirektør Tove Langhaug OD-leiinga på møtet.
– Berre rådgjevande organ
I Kunnskapsdepartementet blir ikkje prosjektrådet tillagt ei så viktig rolle.
– Prosjektrådet er berre eit rådgjevande organ for Kunnskapsdepartementet. Det er leidd av KD, og har deltaking frå Statsbygg, brukarinstitusjonar, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og ev. andre fagdepartementet, i dette tilfellet Helse- og omsorgsdepartementet. Det er derimot KD som til sist tar avgjerdene, opplyser ekspedisjonssjef Toril Johansson til Uniforum.
I Kunnskapsdepartementet får Uniforum også opplyst at Statsbygg allereie har levert ei tilråding til departementet når det gjeld riving eller rehabilitering av Nemko-bygningen. Førebels er ikkje den tilrådinga gjort kjent.
Regjeringa avgjer til slutt
Kunnskapsdepartementet vil bestemma om riving/nybygg eller rehabilitering skal leggjast til grunn for den vidare prosjektplanlegginga av bygget.
– Endeleg avgjerd om dette og andre forhold i prosjektet vil bli tatt i regjeringa, før oppstart av forprosjekteringa, opplyser Toril Johansson til Uniforum.
Les også gårsdagens artikkel i Uniforum.
Logg inn for å kommentere