Ole Petter Ottersen ein av to i rektorfinalen ved Göteborgs universitet

Ole Petter Ottersen kan bli ny rektor ved Göteborgs universitet. Det er klart etter at han er ein av to som står igjen i finalerunden.

REKTOR I GÖTEBORG? UiO-rektor Ole Petter Ottersen er ein av to kandidatar som kan bli rektor ved Göteborgs universitet.

Foto: Ola Sæther

Ole Petter Ottersen kan altså gå frå jobben som rektor ved Universitetet i Oslo og rett over til ny jobb som rektor ved nabouniversitetet i Göteborg, om han blir den som styret for Göteborgs universitet til slutt tilset som ny rektor. Ifylgje nettavisa Khrono er Ole Petter Ottersen ein av to finalistar etter at ein tredje kandidat nyleg trekte seg.  Dermed konkurrerer Ole Petter Ottersen no med Eva Wiberg, som er prorektor ved Lunds universitet.

Kandidaten som ikkje lenger er aktuell, er Peter Aronson, prorektor ved Linnéuniversitetet. Wiberg er professor i italiensk, medan Ole Petter Ottersen er professor i medisin. Både Ottersen og Wiberg blei intervjua av "hörandeforsamlinga" ved Göteborgs universitet den 15. desember, og i dag skal forsamlinga koma med tilrådinga si overfor styret, melder Khrono

Ole Petter Ottersen er også føreslått som rektorkandidat ved Karolinska Institutet i Stockholm. Der har ikkje tilsettingsprosessen kome ordentleg i gang enno. Ottersen går av som rektor ved Universitetet i Oslo 31. juli 2017, etter å ha sete i to periodar, på til saman åtte år. 

Uniforum kjem tilbake med meir stoff i denne saka.

Emneord: Universitetspolitikk, Sverige
Publisert 20. des. 2016 11:15 - Sist endra 20. des. 2016 11:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere