Nytt forlag lovar honorar for fagfellevurdering

– Alle som driv med fagfellevurderingar skal få betaling frå oss. Det lovar Gupta Udatha i forlaget Open Communications Print. Planen er å publisera 7000 vitskaplege artiklar frå neste år. UiO-professorar fryktar for kvaliteten.

 

FÅR STØTTE TIL NY MODELL: Forskar Gupta Udatha har etablert forlaget Open Communications Press med støtte frå Inven2.  Det skal publisera opne tilgjengelege vitskaplege artiklar, og skal honorera alle som driv med fagfellevurderingar for dei. – Då vil det ta kortare tid å få publisert ein artikkel, trur han.

Foto: Ola Sæther

Med Inven2, det felles innovasjonsselskapet til UiO og Oslo universitetssykehus,som medeigar, er forskar Gupta Udatha i gang med å starta forlaget Open Communications

Fakta:

Open Communications Press får startstøtte frå Inven2 til å driva opne tilgjengelege vitskaplege tidsskrifter.

Forretningsideen er å gi honorar til alle som driv med fagfellevurdering.

Artikkelforfattaren sitt honorar skal finansiera denne utgifta.

Målet er at det skal gå raskare å få publisert ein artikkel.

Fysikkprofessorar fryktar det kan gå utover kvaliteten.

Press. Forlaget skal publisera opne tilgjengelege vitskaplege artiklar i seks tidsskrifter i klinisk vitskap, medisin, kjemi, fysikk, informatikk og biologi.

– Kortare tid

– Det som skil dette forlaget frå dei andre, er at me vil betala honorar til alle dei som driv med fagfellevurdering av dei vitskaplege artiklane. På den måten trur me at det vil ta kortare tid før ein vitskapleg artikkel blir sendt inn til oss og til den er klar til å bli publisert, seier Gupta Udatha til Uniforum.

I dag kan den prosessen ta frå tre månader til over eitt år, fordi artikkelforfattaren er avhengig av at dei som utfører fagfellevurderingane, gjer dette innimellom alle dei andre gjeremåla dei har.  – Då driv dei med dette arbeidet berre dei gongene dei tar seg tid til det, trur Gupta Udatha. – Ein gong eg leverte ein vitskapleg artikkel til fagfellevurdering, tok det over ni månader før jobben var gjort, legg han til.

Gupta Udatha har sjølv ein doktorgrad i biovitskap frå Chalmers universitet i Göteborg, og har over ti år lang erfaring som forskar både ved Universitetet i Tromsø og Universitetet i Oslo. I dag er han med i ei forskargruppe ved Oslo universitetssykehus. Dessutan har han tidlegare grunnlagt eit vitskapleg tidsskrift i bioteknologi, som i dag har eit nært samarbeid med forlaget Elsevier, som er eit av dei internasjonale forlaga som gir ut flest vitskaplege tidsskrifter både i papir- og nettversjon.

Tar seg for godt betalt

Etter hans meining tar dei dominerande vitskaplege tidsskriftsforlaga seg altfor godt betalt for jobben som andre i stor grad gjer for dei. – Dei let artikkelforfattaren betala for å få publisera artikkelen, samtidig som fagfellane ikkje får noko honorar for å vurdera om artikkelen har så høg kvalitet at den kan publiserast. Samtidig må universiteta betala for abonnementet på tidsskriftet, samtidig som dei betalar lønna til både forskaren og fagfellane som skal vurdera artikkelen, slår han fast. Eit døme på korleis dette kan slå ut, har dei undersøkt ved Universitetet i Tromsø.  – Det er eit heller lite universitet, og der har dei rekna ut at professorane i løpet av eitt år har brukt 28 000 arbeidstimar til fagfellevurderingar. Om dei hadde fått betalt for desse timane, ville det ha gitt nok pengar til å finansiera 25 nye vitskaplege stillingar der, seier Gupta Udatha.

Medan artikkelforfattaren vanlegvis har betalt ein fast sum til forlaget, skal artikkelforfattarane si betaling til Open Communications Press berre finansiera dei faktiske kostnadene med fagfellevurderingar. Dei vil liggja på mellom 650 og 800 euro. – Slik får dei som driv fagfellevurderingane litt igjen for arbeidet og treng ikkje jobba gratis for tidsskriftforlaget, seier Gupta Udatha.

Fryktar for kvaliteten

Fysikkprofessorane Anders Malthe Sørensen, Ørjan G. Martinsen og Morten Hjorth-Jensen kjem i eit lesarinnlegg i Uniforum med skarp kritikk av forretningsideen til Gupta Udatha. Dei fryktar at eit system der eit vitskapleg tidsskrift tar betalt av forskarane for å publisera artiklane deira, fører til at forlaga blir meir opptekne av å få inn flest mogleg artiklar i staden for å vera opptekne av berre å få inn vitskaplege artiklar av høg kvalitet.

Dei ser heller ingen grunn til å innføra betaling for fagfellevurdering. «Denne jobben er en viktig del av vårt arbeid som forskere og vi har i alle år gjort den utan ekstra vederlag, vel vitende om at andre gjør det samme med våre manuskripter.» skriv dei tre fysikkprofessorane. Dei trekkjer fram at Inven2 som støttar prosjektet er eigd av Oslo universitetssykehus og UiO i fellesskap. Dei understrekar derfor at dei er «bekymret for at det vil bidra til å svekke UiOs rykte som kvalitetsinstitusjon.»

Svært stor marknad

Gupta Udatha tar den kritikken med stor ro. Han viser til at han har etablert eit fagredaktørnett med forskarar frå prestisjetunge universitet både i Noreg og resten av verda. – Eg synest dessutan det er viktig at det finst eit slikt forlag for opne tilgjengelege vitskaplege tidsskrift i Noreg, og ikkje berre i Nederland, Tyskland, Storbritannia og i USA. Denne marknaden er svært stor, og i dag er den dominert av sju store forlag frå desse landa, peikar han på.  

Førebels har forlaget hans Open Communications Press etablert seks tidsskrift innanfor naturvitskap og medisin. Planen er at det skal opprettast åtte nye vitskaplege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsfag mellom 2018 og 2020.

–Det har eg stor tru på, og eg håpar at me snart også kan få investorar på plass, slik at me kan få forlaget opp og stå frå og med 2017. Eg er glad for at Inven2 har tru på oss, seier han.

-Treffer ikkje med kritikken

Adm. dir. Ole Kristian Hjelstuen i Inven2 synest det er heilt i orden at dei tre fysikkprofessorane kritiserer at dei har gått inn som medeigar i Open Communications Press.

– Det er fint at kritikken kjem fram gjennom eit lesarbrev i Uniforum. Me tar innspela alvorleg. Samtidig synest eg ikkje at dei treffer godt med dei kritiske merknadane om universitetet si involvering, sidan forretningsidéen er frå sjukehussida av Inven2. Inven2 har som oppgåve å støtta tilsette i eigarinstitusjonane som har forretningsidéar. Denne gongen synest me at det var ok  å støtta ein forretningsidé som utfordrar det rådande systemet for fagfellevurderingar av vitskaplege artiklar. I dag betaler universitetet lønna til forskarar som driv fagfellekritikk, samtidig som det betaler for abonnementa til tidsskrifta som dei same forskarane publiserer i. Me går inn i styret til selskapet til me får tak i investorar. Då kjem andre inn og me går vanlegvis ut, seier Hjelstuen til Uniforum.

– Overrasking

Dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet var ikkje klar over at Inven2 hadde gitt støtte til tidsskriftsforlaget Open Communications Press.

– Inven2s planar rundt etableringa av Open Communication Press er ikkje drøfta med meg eller andre i leiinga på MN, så dette kom som ei overrasking på meg, seier Morten Dæhlen til Uniforum. Han sluttar seg til kritikken frå dei tre professorane.

–Slik eg no forstår dette, er eg einig med dei tre fysikkprofessorane og innvendingane mot å etablera eit slikt forlag. Eg er positiv til "open access»-publisering, men at det blir gjort på ein slik måte at me opprettheld den kollegiale dugnaden rundt publisering, og unngår unødvendig kommersialisering av vitskapleg publisering, meiner Morten Dæhlen.

 

 

 

Emneord: Naturfag, Forskningsformidling, Medisin Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2016 09:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere