Opna fire bysykkelstativ på Blindern

No står det 216 bysyklar klare til bruk ved fire sykkelstativ på Blindern. Oslos miljøbyråd Lan Marie Nguyen Berg, UiO-rektor Ole Petter Ottersen og leiar Hans Christian Paulsen i Studentparlamentet  klipte i fellesskap over snora ved stativet utanfor Fysikkbygningen.

BYSYKLAR PÅ BLINDERN: MIljøbyråd Lan Marie Nguyen Berg  i Oslo og UiO-rektor Ole Petter Ottersen opna bysykkelstativa på Blindern i formiddag.

Foto: Ola Sæther

Studentar og tilsette kan dermed sykla til og frå Blindern, og henta og parkera syklane i bysykkelstativ utanfor Blindern Studenterhjem, ved nedgangen til Georg Morgenstiernes hus i Molkte Moes vei, utanfor P.A. Munchs hus på Øvre Blindern og på parkeringsplassen mellom Farmasibygningen og Fysikkbygningen. 

– Må svelgja kamelar

Fleire parkeringsplassar for bilar har gått med i dragsuget. – Det er ein heilt medviten politikk, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.  

Avtalen med Oslo bysykkel/Urban Infrastructure inneber også at Clear Channel får ha fleire meter høge reklameplakatar i kvar ende av sykkelstativa. – Me likar ikkje å ha reklame på universitetsområdet, men av og til må me svelgja kamelar for å få gjennomført ting, seier Ole Petter Ottersen. Under opninga viste han til at under rektorvalkampen i 2009 var ein av vallovnadene at Universitetet i Oslo måtte koma med i bysykkelordninga.

– Storpolitisk utfordring

– Det tok tid fordi «Ringenes herre», altså Oslo kommune, brukte lang tid på å setja opp bysykkelstativ utanfor Ring 2. Derfor er det kjempebra at miljøbyråden er her no. Det var ei storpolitisk utfordring å få det på plass. Og dessutan passar ordninga fint inn i UiOs masterplan med rom for eit grønt universitet. I 40 år har eg sykla til og frå UiO. No håpar eg at studentar og tilsette også brukar bysyklane til å sykla opp motbakkane til Blindern som ligg 140 meter over havet, og ikkje berre brukar syklane for å koma fort heim igjen.

– Fantastisk å sykla i Oslo

Miljøbyråd Lan Marie Nguyen Berg var ikkje ein mindre glødande sykkeltilhengjar enn UiO-rektoren. – Det er fantastisk å sykla i Oslo. Faktisk så hadde eg budd i Oslo i fem år før eg torde sykla, men etter at eg begynte, har eg funne ut at det både er fantastisk og svært effektivt. Studentar og UiO-tilsette må sykla til jobben også, slik at dei får god trening. Bysykkelordninga har gått over all forventing. Det er mange fleire som brukar den no enn tidlegare, skrytte ho.

Og leiar for Studentparlamentet, Hans Christian Paulsen var ikkje stort snauare. – Dette er eit av dei viktigaste tiltaka for studenthelsa og for bymiljøet i Oslo, meinte han. – Eg vil takka UiO som har klart å få det til, la han til.

Emneord: Studentforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2016 11:46 - Sist endra 7. sep. 2016 14:45

Logg inn for å kommentere