Gir Uniforum æra for at sak om forskingsjuks blir gjenopptatt

Forskaren som skulda ein prislønna medisinprofessor på UiO for forskingsfusk er positiv til at saka blir gjenopptatt. Ho gir Uniforum æra for det. Medisinprofessoren har gitt UiO beskjed om at han står til disposisjon for forskingsetisk utval.

BLIR GJENOPPTATT: Saka der ein forskar har skulda ein medisinprofessor for forskingstjuveri, blir gjenopptatt. Forskaren er positiv til det, og trur det skjer fordi saka blei tatt opp i Uniforum. Medisinprofessoren vil ikkje prosedera saka i media. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox

Tysdag 6. september kunne Uniforum melda at UiO hadde bestemt at ei forskingsjukssak mot ein prislønna medisinprofessor skal bli handsama på nytt i forskingsetisk utval. Uniforum skreiv først om skuldingane mot medisinprofessoren i juni i år.  Då kom klagaren til orde med påstandar om at den aktuelle medisinprofessoren først hadde pressa henne ut av ei forskargruppe. – To år senere publiserte han mine forskningsresultater som sine egne, sa UiO-forskaren til Uniforum. 

Kjempa i åtte år for vurdering

Då ho til slutt valde å presentera saka i Uniforum, hadde ho i åtte år kjempa for at dokumentasjonen ho påstår provar skuldingane, skulle bli vurdert. 

Denne veka avgjorde altså Universitetet i Oslo at dei ynskjer å gjennomgå saka på nytt. Det stadfesta prorektor Ragnhild H. Hennum i ein sms til Uniforum.

Skal sjå på nye forhold

– Saken er oversendt forskningsetisk utvalg for en ny vurdering. Universitetsledelsen ønsker å sikre at samtlige anførsler fra partene blir behandlet. Utvalget er derfor bedt om særlig å se på de forhold som ikke tidligere er realitetsbehandlet og konkludert om, skreiv Hennum. 

Viktig med grundig og transparent prosess

Forskaren som kom med skuldingane om forskingsjuks mot medisinprofessoren, er positiv til at UiO har bestemt av saka skal behandlast på nytt i forskingsetisk utval.

– I utgangspunktet er eg svært positiv, men det er viktig at prosessen blir grundig og transparent og at eksterne blir involverte. Det er fjerde gong saka blir send tilbake til forskingsetisk utvalg (FU) ved UiO for behandling. Det er klart at det er på bakgrunn av omtalen i Uniforum at denne saka no blir tatt opp på nytt, er ho overtydd om. Likevel ser ho fleire skjer i sjøen.

– Men samtidig er eg også litt bekymra. FU har førebels indikert at det er berre utvalde delar av dokumentasjonen min dei vil ta stilling til, og at dei berre vil ha fokus på rettane mine til dei omtalte arbeida, og det verkar som dei ikkje har til formål å ta stilling til medisinprofessoren sine bidrag og om medisinprofessoren har gjort noko uetisk ved å publisera arbeida som sine, peikar ho på.

– Ynskjer ekstern gransking

 Etter hennar meining bør UiO fylgja rådet frå forskarombodet ved Det medisinske fakultetet.

– Det kan også nemnast at forskarombodet har sendt eit brev til rektor der han oppfordrar UiO til ekstern gransking av saka. Denne saka har jo to sider, både den forskingsetiske delen og  korleis UiO har behandla saka i forhold til UiOs eige regelverk og forvaltningslova sine saksbehandlingsreglar og kravet til god forvaltningsskikk.

– Er du einig med professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk, som meiner at det er bra både for klagaren, den innklaga som blei frifunnen, og institusjonen at det no blir opna for å sjå på dei forholda som ikkje tidlegare er realitetsbehandla og konkludert om?

– Ja, det er eg. Det må jo vera viktig for UiO å sikra at slike saker blir grundig behandla og at UiOs eige regelverk blir fylgt.

– Stor personleg bør

– Korleis har du personleg opplevd denne saka?

– Svært krevjande.  I tillegg til å ha mista fleire forfattarskap har eg måtta starta i eit nytt fagfelt, og det har i alle fall tatt 7-8 år å byggja meg opp fagleg igjen med nye prosjekt, stipendiatar og patentsøknader. I tillegg har det også vore ei stor personleg bør å føla at eg aldri har blitt tatt alvorleg på noko nivå i denne saka.

– Kvifor har det ikkje vore mogleg for deg og den innklaga medisinprofessoren å bli einige i denne saka?

– Eg frå mi side har prøvd å finna alternative løysingar og bede medisinprofessoren om saklege diskusjonar og ryddige avklaringar rundt rettleiing, bidrag og medforfattarskap i fleire arbeid. Eg foreslo blant anna at me også kunne dela alt arbeidet mitt frå forskingsopphaldet i utlandet mellom oss, men dette ville heller ikkje medisinprofessoren diskutera. Alt dette finst i dokumentasjonen min, understrekar ho.

– La fram forslag til løysing

I tillegg nemner ho andre døme på det ho meiner viser manglande vilje frå medisinprofessoren til å samarbeida.

– Vidare, då det første arbeidet skulle publiserast, bad eg om ein gjennomgang av medforfattarar sine bidrag, men medisinprofessoren nekta både gjennomgåing og mine bidrag, og publiserte som sagt arbeidet som sitt. Dokumentasjonen min viser også at eg i denne prosessen la fram forslag til løysing der me kunne dela arbeidet i to, og som ei tredje løysing at medisinprofessoren kunne stå som sisteforfattar på eit anna arbeid eg hadde initiert, men som var kome kortare. Medisinprofessoren svarte aldri på dette, poengterer ho.

– Hadde du trudd at saka ville fått ny behandling?

– For meg har dette vore det einaste moglege utfallet. Denne saka er viktig både for meg og for det forskingsetiske systemet og ei grundig saksbehandling må derfor sikrast.

Vil ikkje prosedera saka i media

Uniforum har også vore i kontakt med den prislønna medisinprofessoren som er skulda for forskingsjuks. Han har fylgjande kommentar til at Universitetet i Oslo har bestemt seg for å gjenoppta saka.
"Jeg har svart UiO at jeg står til disposisjon for forskningsetisk utvalg. Jeg har fortsatt ikke ønske om å prosedere saken i media", skriv han i ein epost til Uniforum.

Medisinprofessorar kritiske til UiOs behandling

Både tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, Ole Didrik Lærum og medisinprofessor  Geir Jacobsen ved NTNU, har vore svært kritiske til UiOs behandling av denne saka. Begge var sakkunnige då UiO-forskaren i 2008 for første gong skulda medisinprofessoren for tjuveri av forskingsresultat. Lærum peika på at tilrådingane han kom med om korleis saka kunne løysast, ikkje blei fylgde. Geir Jacobsen oppfordra samtidig UiO til å vurdera all dokumentasjon som partane ser på som relevant. 

No har altså Universitetet i Oslo fylgt oppfordringa og bestemt at saka skal gjenopptakast.

Framleis er det ikkje klart når denne saka kjem opp til ny behandling i forskingsetisk utval ved UiO.  Det blir truleg ikkje avgjort før utvalet har sitt neste møte 15. september.

Les også desse artiklane i Uniforum:

Kjent medisinprofessor beskyldt for forskningstyveri

Anklage om forskningstyveri: All dokumentasjon bør vurderes

Anklage om forskningstyveri: Ikke nødvendig å vurdere klagerens dokumentasjon

Tidlegare prorektor: UiO bør oppretta ein ekstern granskingskommisjon

UiO-ledelsen gjenopptar anklage om forskningstyveri 

 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk, Etikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere