Fryktar eit forskarliv som nomade

– Ja til internasjonalisering, men nei til mobilitet for mobiliteten si eiga skuld. Det sa Katja Enberg i Akademiet for yngre forskarar i ein debatt om mobilitet i akademia i går.

AKADEMISK DRAUM: – Dei aller fleste yngre forskarar drøymer om ei fast stilling i akademia, sa Katja Enberg i Akademiet for yngre forskarar under ein debatt i går.

Foto: Ola Sæther

Det er faren for at yngre forskarar skal enda opp som nomadar på veg frå mellombels stillingar frå universitet til universitet både i og utanfor Europa, som fekk Akademiet for yngre forskarar og Forskarforbundet til å ta ein akademisk diskusjon om mobilitet.

– Drøymer om fast stilling

Katja Enberg i Akademiet for yngre forskarar innleidde debatten med å visa til at krav om mobilitet, altså kravet om at forskarar må ha vore ved utanlandske universitet før dei kan rekna med å få fast vitskapleg stilling i Noreg, kan ha negative sider.

— Nøkkelen til å løysa forskingsproblem ligg i intuisjonen. Dei aller fleste yngre forskarar drøymer om ei fast stilling i akademia. Samtidig kjem kravet frå EU og andre forskingsinstitusjonar om mobilitet. Det passar tidleg i karrieren. Når forskaren har fått seg familie, er dette mykje vanskelegare, peika ho på.

Kjønnsubalanse

Eit teikn på det er kven som blir tilsett i dei nye innstegsstillingane, som skal vera eit springbrett til faste vitskaplege stillingar.

– Me har fått inn rapportar om kjønnsbalansen i 15 av dei 40 innstegsstillingane som no er fordelte ved Universitetet i Oslo og ved NTNU. Dei viser at 27 prosent er kvinner, medan 73 prosent er menn. Det tyder på at kvinnene taper i konkurransen om også desse stillingane, sjølv om kjønnsbalansen til og med doktorgradsstudiet er ganske bra i Noreg, konstaterte ho.

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen var glad for at det enno ikkje er bestemt kven som skal få dei 35 innstegsstillingane ved universitetet han leier. – Då skal me i alle fall syta for at kjønnsbalansen blir langt betre, lova han.

– Skal fremja kvalitet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meinte det var svært viktig å halda fast på kravet om mobilitet. – For det første skal det fremja kvalitet ved å få forskarane til å bryna seg på andre fagmiljø i andre land. For det andre er det viktig for den faglege utviklinga til kvar forskar at han eller ho deltar på ein felles internasjonal arena, sa Torbjørn Røe Isaksen.

– Heile Stortinget står bak Noregs ynske om å delta i EUs forskingsarena. Det kan gi forskarane betre og meir spennande forskingsprosjekt, understreka han. Statsråden viste også til tal som viste at både norske ph.d.-studentar og fast vitskaplege tilsette har langt fleire utanlandsopphald enn gjennomsnittsforskaren i EU.

– Men eg ser det også som mogleg å få til ein større grad av nasjonal mobilitet mellom akademia, næringslivet og det offentlege. Skal næringslivet klara å forska meir, må dei tilsetja fleire forskarar, konstaterte han.

– Vil auka grunnløyvingane

SV-leiar Audun Lysbakken gav uttrykk for at han var ein varm tilhengjar av internasjonalisering.

– Ingen vil det europeiske forskingssamarbeidet til livs. Men mobilitetskrav for mobiliteten si eiga skuld, er ikkje bra. Difor må me ha ordningar som kan vri forskingspolitikken inn i ei anna retning. Om politikken med meir og meir øyremerking av forsking, held fram, vil det bli endå fleire mellombelse forskarstillingar enn i dag, spådde han.

– SV vil difor auka grunnløyvingane og løyvingane til nyfikendriven forsking, lova han. Etter hans meining har utviklinga av likestillinga gått i feil retning under regjeringa som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sit i. – Eit stygt tilbakesteg var reduksjonen i fedrekvoten, meinte han.

Forskarforbundets leiar, Petter Aaslestad trekte fram kor viktig det er å tenkja internasjonalisering tidleg i karriereløpet.

– Dei internasjonale kontaktane du får under doktorgradsstudiet vil seinare i livet truleg også bli professorar, akkurat som deg, og då kan du senda dine studentar til dine professorkollegaer og vice versa.

Under debatten blei det vist til mange døme på at forskarar som har vore utanlands, både har tapt i konkurransen om å få faste vitskaplege stillingar og barnehageplassar etter at dei har kome tilbake til Noreg. – Dette må det vera mogleg for oss å gjera noko med, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen.

– Mange vil vera nomadar

Divisjonsdirektør Anne Kjersti Fahlvik i Forskingsrådet minna forsamlinga på at det slett ikkje er sikkert at alle yngre forskarar er ute etter fast stilling.

– Mange av dei vil faktisk vera nomadar og ynskjer seg ikkje fast tilsetjing ved ein institusjon. Dei vil kanskje vera to til tre månader om gongen ved fleire institusjonar. Då blir det viktig at institusjonen er medvitne på personalansvaret sitt, sa ho.

Leiaren for Forskarforbundet, Petter Aaslestad var ikkje einig.

– Det er svært få forskarar som kjem til meg og er leie seg for at dei har fått fast jobb, repliserte han.

To karriereløp

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ville heller ikkje at forskarane skal vera på ein evigvarande verdsturné.

– Me skal ikkje vera nomadar heile livet. Men for at forskinga skal bli bra, bør ein vera kosmopolitt gjennom heile livet. Det må difor vera mogleg å ha eit karriereløp for yngre talent som ikkje ynskjer fast tilsetting, og eit løp for dei som gjerne vil ha ei fast, vitskapleg tilsetting, sa Torbjørn Røe Isaksen.

Emneord: Arbeidsforhold, Forskingspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2016 00:24 - Sist endra 2. juni 2016 00:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere