UiO er tredje best i Norden i samfunnsvitskaplege fag

Universitetet i Oslo deler tredjeplassen i Norden i samfunnsvitskaplege fag med Copenhagen Business School. Københavns Universitet er best, medan Helsingfors universitet hamnar på andreplass, ifylgje ei ny rangering frå Times Higher Education.

MARKERER SEG: SV-dekan Fanny Duckert kan gleda seg over at UiO markerer seg med ein 88.-plass på verdsrangeringa over universiteta som er best på samfunnsvitskaplege fag. (Arkivfoto)  

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo skårar høgast i talet på siteringar på rangeringa over universiteta som er best i samfunnsvitskaplege fag. Det kjem også godt ut på forsking og graden av

Dette er lista over dei faga som blir kalla samfunnsvitskap i rangeringa til Times Higher Education:

  • Area Studies

  • Biomedical Social Sciences

  • Criminology & Penology

  • Decision Support/Statistics

  • Education & Educational Research

  • Ethnic Studies

  • Family Studies

  • International Relations

  • Library Science

  • Mathematical Methods in Social Sciences

  • Political Science

  • Public Administration

  • Social Issues

  • Social Work

  • Urban Studies

  • Women's Studies

  • Social Sciences - Other topics

    (Kjelde: Times Higher Education)

internasjonalisering. UiO gjer det dårlegast på undervisning og eksterne inntekter frå næringslivet. Den delte tredjeplassen i Norden gir UiO plass nummer 88 på verdsrangeringa. Trøysta må vera at det beste svenske universitetet, Lunds universitet først kjem på 95. plass.

– Store metodeproblem

UiO-rektor Ole Petter Ottersen gler seg over at dei samfunnsvitskaplege faga ved UiO fører universitetet inn på denne topp 100-lista. Han åtvarar likevel mot å leggja for mykje i ei slik rangering.

– Som alltid må me vera forsiktige i tolkinga, uansett om me går opp eller ned: Det er store metodeproblem med slike rangeringar. Denne spesifikke rangeringa er veldig subjektiv. Nesten 44 % av dei totale
skåra er sett saman av omdømme, seier Ottersen til Uniforum.

UiO-rektoren finn likevel god grunn til å vera nøgd med resultatet.

– Det er sjølvsagt gledeleg at UiO – og andre nordiske universitet – for første gang er med på topp 100-lista over dei beste universiteta i verda innanfor samfunnsvitskap. Samfunnsvitskap blir stadig viktigare, gitt alle dei utfordringane samfunnet står overfor - både heime og ute.

USA og Storbritannia på topp

Øvst på topp 100-lista over verdas beste universitet innanfor samfunnsvitskapane tronar Massachusetts Institute of Technology (MiT). Deretter fylgjer to andre amerikanske universitet, det private Stanford University og det offentlege Princeton University. Det beste europeiske universitetet innanfor dei samfunnsvitskaplege faga, er ikkje overraskande Oxford University, som kjem på ein sterk fjerdeplass.

Belgisk universitet best blant dei ikkje-engelskspråklege

Universitetet som er best i samfunnsvitskaplege fag utanfor den engelskspråklege verda, er det belgiske universitetet KU Leuven. Det hamnar på ein 24.-plass.

Københavns Universitet kjem på ein 52.-plass på verdsrangeringa. Det gir universitet ein 13.- plass mellom dei universiteta i Europa som skårar høgast på samfunnsvitskaplege fag.

MiT som toppar denne lista, gjer det bra innanfor alle dei faktorane det er målt på. Best gjer universitetet det på siteringar, forsking og eksterne inntekter frå næringslivet. Det får også ein høg poengskår på undervisning.

Når det gjeld lista over fag som kjem inn under samfunnsfag i denne rangeringa, finn ein både utdanningsvitskap, kommunikasjonsstudium, bibliotekarstudium, juss, kriminologi, sosionomstudium og handelshøgskulefag. I Noreg ligg ofte desse faga på andre fakultet eller institusjonar.

– Meir representativt utval av akademikarar

UiO-rektor Ole Petter Ottersen trur det er fleire grunnar til at samfunnsvitskaplege faga fører UiO opp mellom dei 100 beste på denne spesifikke rangeringa.

– Delvis skuldast dette metodeendringane i årets rangering, der ein har brukt Elsevier Scopus-databasen, som har gitt tilgang til mange fleire forskingsartiklar og siteringar – også ikkje-engelskspråklege, og eit større og meir representativt utval av akademikarar i omdømmeundersøkinga.

– Me må rekna med at den gode plasseringa også har å gjera med kvaliteten på forskinga og undervisninga. Det blir gjort mykje godt kvalitetsarbeid ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet kvar einaste dag. Det ville vore merkeleg om ikkje dette blir reflektert i rangeringane - uansett kor mangelfulle desse måtte vera. Det er ikkje tilfeldig at to av UiOs verdsleiande miljø ligg ved SV, peikar han på.

Stimulerer forskarar til å publisera i topp vitskaplege tidsskrift

– Kva er grunnen til at Københavns Universitet gjer det så mykje betre?

– Det er vanskeleg å koma med konkrete svar på kvifor Københavns Universitet ifylgje rangeringa er betre enn UiO. Me ser at KU har betre skår enn UiO på alle de fem hovudindikatorane i rangeringa, spesielt er dei betre på internasjonalisering og inntekter frå næringsliv, medan avstanden er mindre på utdanning, forsking og siteringar). Ifylgje THEs intervju med dekanen ved KUs samfunnsvitskaplege fakultet er ein av grunnane til den høge plasseringa at dei har spesifikke insentiv for å stimulera forskarane til å publisera i topp vitskaplege tidsskrift, seier Ole Petter Ottersen.
 

(Oppdatert kl. 17.47)

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Norden, Rangeringer Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2015 15:00 - Sist endra 10. nov. 2015 17:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere