Språksamlingane hamnar i Bergen

Kunnskapsdepartementet har bestemt at Universitetet i Bergen tek over språksamlingane frå Universitetet i Oslo.

GLAD: Instituttleiar Johan Myking er glad for at saka om språksamlingane ser ut til å gå mot ei løysing: Samlingane hamnar ved Universitetet i Bergen, har Kunnskapsdepartementet bestemt.

Foto: Dag Hellesund i På Høyden

– Eg fekk ein telefon med beskjed om at det kjem eit tildelingsbrev til UiB. I vår bransje betyr det ei forventing om å løysa ei oppgåve, og at det følgjer pengar med.

Det seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.

Oppgåva som no hamnar i Bergen er altså ansvaret for språksamlingane.

Nøgd nynorskdirektør
Det har teke halvtanna år frå Universitetet i Oslo vedtok at dei ikkje ville ha ansvar for samlingane. Frå nyttår vert drifta lagt ned.

Det siste året har det vorte arbeidd med ei løysing. Nynorsk kultursentrum med direktør Ottar Grepstad i spissen har skipa ei eiga ordbokgruppe og koordinert arbeidet med å få språksamlingane vestover. Grepstad er no nøgd med resultatet.

– Anar me ein sjanse til resultat, gir me oss ikkje, og dette tok trass alt berre eit år. No gler vi oss på vegner av språkforskarane og alle som bruker ordbøker, seier han i ei pressemelding.

Grepstad trur ordbokgruppa nådde fram gjennom ein samordna aksjon der dei kombinerte faglege argument, ein brei allianse av språkvitskaplege miljø, mange brev og avisoppslag, og samtalar med statsrådar, partileiarar og komiteleiarar.

– Å halda på slik inneber ein fare for at nokon går lei, men i denne saka har både stortingsfleirtal og opposisjon brydd seg, seier Grepstad.

– Nasjonal løysing
UiO fekk ansvaret for språksamlingane på 1970-talet. Då fekk dei òg ein øyremerka sum til å drifta samlingane.

– Kulturdepartementet og UiO har hatt fleire rundar no for å få klargjort kor stor den summen faktisk er. UiO meiner det er for lite. Men eg reknar med at det er denne summen me kjem til å få tilbod om, seier Olsen.

– Kor mykje pengar treng de?

– Me har sagt at me kan gjera så mykje som me får pengar til, seier Olsen.

Ved UiB er det Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og instituttleiar Johan Myking som kjem til å få eit overordna ansvar for samlingane.

– No ser det ut til at Bergen får ansvaret for å setja ut i livet ei nasjonal løysing på eit nasjonalt problem, seier Myking.

Han seier at han vil syta for at det vert sett ned styringsgrupper og referansegrupper både lokalt og nasjonalt som kan greia ut den vidare drifta av samlingane.

– Det er ein grunnleggjande føresetnad at samlingane skal kunne brukast av andre òg, ikkje berre av UiB-forskarar, seier Myking.

Kor mange millionar og kor mange stillingar som trengs er altså noko ein må koma attende til. Men Myking seier at samlingane kan dra nytte av den vitskapelege kompetansen som allereie finst ved institusjonane.

Det er først og fremst UiB og Høgskulen i Volda som no skal setja seg saman og finna ein modell for samarbeid og fordeling av samlingane. Men dette vil skje i samråd med den nasjonale ordbokgruppa.

500 hyllemeter
Myking er oppteken av at ein no finn ei varig løysing. Han er tydeleg på at samlingane ikkje kan verta ein del av den ordinære drifta ved eit institutt.

– Institusjonen må finna fram til ei ordning som skjermar samlingane mot svingingar i den resultatbaserte økonomien, seier Myking.

– HF-fakultetet har nettopp vedteke å skipa eit strategisk arkiv- og samlingsutval, det viser at området er prioritert, legg han til.

Kva det er som vert flytta frå Oslo, er faktisk ikkje heilt avklart. Men det er store mengder, fordelt på talemål og dialektologi, namn, mellom anna norsk stadnamnleksikon, og ordsamlingar og leksikografi.

– Det er snakka om opp til 500 hyllemeter med bøker, nokre tonn med ikkje-digitalisert dokumentasjonsmateriale og ein del digitale ressursar, seier Myking.

– Desse samlingane er heilt naudsynte for nasjonen for å kunna ha ei forsvarleg ordbok og for forsking på talemålsendringar, og òg for namnesaker mellom anna knytte til kart og klagesaker.  

Instituttleiaren har fleire gonger snakka om traileren han vil senda til Oslo for å henta samlingane. No kan det sjå ut som det vert ein realitet.

– Men det kan kanskje vera lurt å venta til våren. Då er kjøreforholda betre, seier rektor Olsen.

Emneord: Arbeidsrforhold, Språk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Hilde Kristin Strand/På Høyden
Publisert 23. nov. 2015 11:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere