Oxford verdas beste i livsvitskap

University of Oxford er verdas beste i livsvitskap, tett fylgt av naboen University of Cambridge, ifylgje Times Higher Education. Ingen norske universitet er mellom dei 100 beste på dette fagområdet.

BEST I LIVSVITSKAP: Oxford-universitetet er verdas beste i livsvitskap, ifylgje ei ny rangering frå Times Higher Education.

Foto: Ola Sæther

UiO-rektor Ole Petter Ottersen tar det ikkje særleg tungt at universitetet han leier, Universitetet i Oslo, ikkje er med på topp 100-lista i livsvitskap på rangeringa til Times Higher Education. Han tar det som eit nytt prov på at desse internasjonale rangeringa sprikjer ganske kraftig.

– Som eg alltid seier – uansett kvar me hamnar på listene, og uansett om me går opp eller ned: Slike rangeringar har metodeproblem og manglar transparens.  I årets Shanghai-rangering kom UiO på 47. plass i verda på livsvitskap. Og no er me altså utanfor dei topp hundre i ei anna rangering.  Det er ikkje enkelt å forklara dette sidan me ikkje har tilgang til resultata på dei ulike indikatorane, understrekar Ole Petter Ottersen. 

Storbritannia og USA dominerer

Dei to britiske universiteta Oxford og Cambridge tar altså dei to øvste plassane i rangeringane over verdas beste fagmiljø i livsvitskap. Men Cambridge må finna seg i å dela andreplassen med Harvard

Liste over fag i Times Higher Educations Life Science-rangering:

Agriculture, fisheries and food

Anatomy and morphology

Biology, biochemistry and biotechnology

Biophysics

Ecology, evolution and environment

Entomology

Forestry

Genetics and heredity

Immunology

Mycology

Palaeontology

Parasitology

Pharmacology and pharmacy

Physiology

Plant sciences

Toxicology

Veterinary sciences

Virology

Zoology

(Kjelde: Times Higher Education)

University. På fjerde- og femteplass kjem Stanford University og California Institute of Technology, før Imperial College London på sjetteplass.

I vurderinga av kvaliteten i livsvitskap har Times Higher Education studert kjerneområde som undervisning, forsking, kunnskapsoverføring og graden av internasjonalisering.

Utanfor den engelskspråklege verda er det Swiss Federal Institute of Technology-Zürich som gjer det best, med ein respektabel 11.-plass.  

Uppsala universitet best på livsvitskap i Norden

På denne lista finst det ingen norske universitet blant verdas 100 beste fagmiljø i livsvitskap. Men nordiske universitet er representerte frå midtsjiktet og nedover.

Best ut kjem Uppsala universitet på 40. plass, medan Lunds og Stockholms universitet kjem på 50.- og 54.-plass. Helsingfors universitet endar som nummer 62 mellom dei fagmiljøa i verda som er best i livsvitskap.  

Heller ingen danske universitet er med blant dei 100 beste i dette fagområdet.

I Asia gjer National University of Singapore det best ved å hamna som nummer 27 på denne rangeringa. Australian National University fylgjer like etterpå som nummer 28.  

– Ulik definisjon av livsvitskap

 Rektor Ole Petter Ottersen peikar på at Times Higher Education og UiO definerer livsvitskap ulikt.

– Livsvitskap er i sin natur tverrfagleg, og mange fag som inngår i UiOs livsvitskapssatsing er ikkje definert som livsvitskap i THE-rangeringa. Døme på dette er medisin, kjemi, fysikk og psykologi.Men med i livsvitskapsrangeringa til Times Higher Education er fag som i avgrensa omfang inngår i UiOs studietilbod, til dømes landbruk (agriculture) og veterinærmedisin (veterinary sciences).

Ottersen peikar dessutan på nokre andre punkt som viser korleis Universitetet i Oslo gjer det på internasjonale rangeringar. 

– UiO har eit sterkt fagmiljø innanfor medisin, der kjernen i UiOs livsvitskapssatsing ligg. Dette såg me i årets THE-rangering der me var på 83.-plass i verda og i Shanghai-rangeringa der UiO vart nummer 44.

Gler seg over gode resultat for nordiske universitet

Universitetsrektoren har ikkje noko svar på kvifor tre svenske universitet og eit finsk er med på topp 100-lista, medan ingen danske er med.

– Det er vanskeleg å kommentera kvifor danske, svenske og finske universitet er med eller ikkje med på topp 100-lista. Det kan vera mange ting som spelar inn, som me ikkje har oversyn over. Men det er gledeleg å sjå dei gode resultata til svenske universitet og Universitetet i Helsinki og det må vera teikn på høg kvalitet, er han overtydd om.

At både danske og amerikanske prestisjeuniversitet har falle utanfor lista, ser han ikkje som dramatisk.

– Det at Københavns Universitet fell ut av topp 100-lista i år, frå å vera nummer 41 i fjor,  understreker også at me bør vera forsiktige i tolkinga av rangeringa. Johns Hopkins University fall også ut av lista, var nummer 9 i fjor. Ein enkel ting som til dømes at eit universitet ikkje leverer inn tilstrekkeleg data til THE kan føra til at det fell ut av rangeringa, konstaterer han. 

Verdas beste universitet i livsvitskap

Emneord: Rangeringer, Livsvitenskap, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 4. nov. 2015 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere