Markerte Paris-tragedien saman med franske UiO-studentar

Rundt 100 studentar og stipendiatar møtte fram på minnemarkeringa i Georg Sverdrups hus etter terroråtaka i Paris.

MINNESTUND: Rektor Ole Petter Ottersen leidde minneseremonien for dei franske studentane og stipendiatane etter terroraksjonen i Paris fredag som kravde 129 liv.

Foto: Ola Sæther

Det er rundt 124 franske studentar og 20 franske stipendiatar ved Universitetet i Oslo. Mange av dei og andre studentar som solidariserte seg med det franske folket dukka opp på UiOs minneseremoni måndag ettermiddag.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen var glad for å sjå så mange til stades.

— Det er fint å sjå at de har kome hit for å visa medkjensle med dei pårørande til offera etter terroråtaka i Paris. Me veit kor vanskeleg det er å vera langt borte frå venner og familie når ein slik stor tragedie råkar eit land, sa han.

Vil ha opne førelesingar

UiO-rektoren viste til at nettopp på universitetet blir det undervist i bakgrunnen for fanatismen, men også i opphavet til toleranse for andre sine meiningar, som han meinte Frankrike var eit av dei første landa som innførte.

– Universitetet i Oslo vil ha opne førelesingar der me skal forklara og gi bakgrunnen for korleis ekstremisme og terrorisme legg press på samfunna våre i dag, fortalde han.

– Paris er ein del av oss

Rektor Ole Petter Ottersen kom også inn på at han sjølv hadde brukt fleire av studieåra sine i Paris.

– Me føler alle at Paris er ein del av oss. Både når det gjeld kultur og historie har byen spelt ei viktig rolle.

Han avslutta på fransk med å senda UiOs kondolansar til det franske folket.

Deretter kom leiar Sigrid Mæhle Grimsrud i Velferdstinget i Oslo, som er velferdsorganisasjon for over 65 000 studentar, med ein tale om medkjensle til dei franske studentane.

Helsetenesta til Studentsamskipnaden i Oslo tilbaud alle som hadde behov for det hjelp frå helsepersonell.

Studentprest Inger Anne Naterstad viste også til at dei som hadde behov for å snakka med henne, også kunne gjera det når som helst.

Det blei halde eit minutt stille til minne om dei 129 offera for terroraksjonane i Paris fredag kveld.

Minneseremonien blei avslutta med eit tilbod til dei franske studentane og stipendiatane om å bli igjen for å snakka om det som hadde skjedd.

Emneord: Terrorisme, Frankrike, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2015 21:04 - Sist endra 17. nov. 2015 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere