Glad for ei god løysing for språksamlingane

– Eg er glad for at denne saka ser ut til å løysa seg på ein god måte. Det seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter at det i dag blei kjent at språksamlingane skal flyttast til Bergen.

GLAD: UiO-rektor Ole Petter Ottersen er glad for at det no er bestemt at språksamlingane skal flyttast frå UiO til Universitetet i Bergen. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Kunnskapsdepartementet har bestemt at språksamlingane ved Universitetet i Oslo skal flyttast til Universitetet i Bergen. Det melde nettavisa På Høyden i formiddag.

– Grundig og open, fagleg vurdering

UiO-rektor Ole Petter Ottersen har registrert avgjerda til Kunnskapsdepartementet, og har ingenting imot at språksamlingane hamnar i Bergen.

– UiO har som kjent vedtatt å avvikla språksamlingane. Dette etter ei grundig og open, fagleg vurdering gjort ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) og Det humanistiske fakultetet (HF).

– Dersom andre institusjonar meiner dei kan ha fagleg utbyte av språksamlingane, er ingenting betre enn det. Universitetet i Bergen har tidlegare uttrykt vilje til å overta,  og når det no er bestemt at samlingane skal dit, tar me sjølvsagt det til vitande og har ingen innvendingar, seier han i ein epost til Uniforum.

Instituttet tar ansvaret for flyttinga

Ottersen viser også til bakgrunnen for at UiO gir frå seg språksamlingane.

– Grunngjevinga for å avvikla forvaltninga av språksamlingane ligg i ILN sitt opphavlege vedtak frå i fjor. Instituttet ser, kort fortalt, ikkje lenger at språksamlingane er vesentleg for forskinga og undervisninga hos dei, understrekar han.  

– Instituttet vil no ha ansvaret for at samlingane blir trygt flytta over til Universitetet i Bergen. Eg er glad for at denne saka ser ut til å løysa seg på ein god måte, avsluttar UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Emneord: Forskningspolitikk, Språk, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2015 17:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere