Fryktar menneskerettsarbeidet i Asia blir råka av budsjettkutt

30 prosent av budsjettet til Norsk senter for menneskerettar kan bli kutta. – Senteret sitt arbeid i Kina, Indonesia, Vietnam og Myanmar blir råka, seier direktør Inga Bostad.

BUDSJETTKUTT– Det inneber ei dramatisk svekking av Noregs fremste kompetansemiljø på menneskerettar, seier direktør Inga Bostad ved Norsk senter for menneskerettar.

Foto: Ola Sæther

Det er i regjeringa sitt forslag til kutt i budsjettet, at det går fram at også Utanriksdepartementet sitt budsjett for menneskerettar blir hardt råka.

– Kuttet er enno ikkje vedtatt, og me vil med dette ropa varsku. Ei nedskjering vil gi dramatiske konsekvensar for Noregs langsiktige arbeid for å styrkja menneskerettar, demokrati og rettsstat lokalt, i ei tid der menneskerettane er under eit stadig sterkare press, seier direktør Inga Bostad i Norsk senter for menneskerettar i ei pressemelding.

Norsk senter for menneskerettar er eit forskingssenter ved Universitetet i Oslo. Senteret driv også opplæring og utdanning i menneskerettar for lokale menneskerettsforsvarar.

– Slik kan politi, militære, dommarar, journalistar og akademia sjølv skapa endring lokalt og bidra til at menneskerettane blir gjennomførte i praksis, understrekar Inga Bostad.  

Kraftig reduksjon i pengar til utviklingsforsking

Frå før er det også kjent at regjeringa har varsla kutt i forskingsprosjekt som Senter for utvikling og miljø ved UiO driv i samarbeid med fagmiljø i  Latin-Amerika, Asia og Afrika. Ifylgje ein kronikk som førsteamanuensis Mariel Aguilar-Støen har skrive i Bistandsaktuelt frå 14. november, har regjeringa redusert løyvingane til utviklingsforsking med over 75 prosent dei to siste åra, frå 340 millionar i 2014 til 78 millionar i det siste forslaget for 2016. 

Fagbladet Bistandsaktuelt har regjeringa tidlegare foreslått å leggja ned. Det sparer regjeringa seks millionar kroner i året på.

Budsjettkutta som regjeringa foreslår for 2016, går også hardt ut over den langsiktige satsinga på menneskerettar.

– Menneskerettar bør vera kjernen

Direktør Inga Bostad ved Norsk senter for menneskerettar meiner Noregs innsats for menneskerettane må styrkjast og ikkje svekkjast når dei store utfordringane i vår tid skal løysast.

– Menneskerettane bør vera kjernen i korleis me handterer global oppvarming, flyktningkrise og auka ekstremisme, meiner ho.

Inga Bostad viser til at senteret også arbeider med religions- og trusfridom, særleg i muslimske land, der lokale partar diskuterer alternativ til religiøs ekstremisme.

– Som ein del av UiO har me ein unik tilgang til å gi utdanning og opplæring, også i land der menneskerettsarbeidet er sensitivt. Senteret har saman med det norske forsvaret mellom anna trent 1000 offiserar i Indonesia for å hindra bruk av tortur, fortel ho.

Dramatisk svekking av Noregs fremste menneskerettsmiljø

No fryktar menneskerettsdirektøren at kortsiktig kutt vil kunna gi alvorlege konsekvensar for menneskerettane på lang sikt.

– Dessutan inneber det ei dramatisk svekking av Noregs fremste kompetansemiljø på menneskerettar, seier ho. Ein slik budsjettreduksjon trur Inga Bostad vil påverka korleis

FN, norske miljø og andre viktige menneskerettsforkjemparar skal kunna fylgja opp stortingsmeldinga om menneskerettar.

– Kuttet vil gå ut over arbeidet til FNs høgkommissær for menneskerettar. Høgkommissæren har ei utsett stilling i FN, med eit allereie lite budsjett. Auka kutt vil gi eit svært underleg signal frå Noreg, meiner direktør Inga Bostad ved Norsk senter for menneskerettar.

Uniforum har prøvd å koma i kontakt med stortingsrepresentant Kjell-Ingolf Ropstad frå Kristeleg Folkeparti. Han har ikkje tid til å kommentera denne saka akkurat no. Hos presserådgjevar Dag Fedøy får me opplyst at Ropstad er opptatt i budsjettforhandlingar, og at Kriisteleg Folkeparti vil  prøva å retta opp det foreslåtte kuttet i menneskerettsbudsjettet.

Uniforum oppdaterer denne saka med fleire kommentarar frå regjeringspartia og støttepartia, så raskt som mogleg.

(Oppdatert kl. 16.18)

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Forskningspolitikk, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2015 14:58 - Sist endra 18. nov. 2015 16:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere