Blir eit talerøyr for dei yngre forskarane

– Me skal bli ei ny stemme i den forskingspolitiske debatten. Det lovar Guro Elisabeth Lind, som er leiar for det nystifta Akademiet for yngre forskarar.

FRAMTIDAS HJERNEKAPITAL: – Det gjeld å stimulera interessa for forsking blant barn og unge. Dei er framtidas hjernekapital, som Noreg må satsa på når oljeindustrien går dårlegare, seier Guro Elisabeth Lind, som er den første leiaren for Akademiet for yngre forskarar.

Foto: Martin Toft

Det Norske Vitskapsakademiet har eksistert i 158 år. Blant dagens medlemar er gjennomsnittsalderen langt høgare enn for forskarar flest.

Akademiet for yngre forskarar:

29. oktober blei Akademiet for yngre forskarar stifta av (UiO-tilknytta i kursiv):

Monica Aas, Psykologi og alvorleg psykiske lidingar, Oslo universitetssykehus - OUS
Jan Magnus Aronsen, Medisin, Universitetet i Oslo, UiO, og Bjørknes Høyskole

Einar D. Bøhn, Filosofi, Universitetet i Agder
Katrien De Moor, Menneskesentrert design, NTNU
Michael F. Duch, Utøvande musikk, NTNU
Kyrre E. Emblem, Kreftdiagnostikk og medisinsk avbildning, OUS
Katja Enberg, Evolusjonær økologi, fiskeribiologi, Havforskingsinstituttet
Ingeborg P. Helland Økologi, Norsk institutt for naturforsking
Aslak Hjeltnes, Psykologi, Universitetet i Bergen 
Alexander R. Jensenius, Musikkvitskap, UiO
Carl Henrik Knutsen Statsvitskap, UiO
Simen Kvaal, Teoretisk kjemi, UiO
Guro E. Lind, Kreftforsking, OUS

Arnfinn Midtbøen, Sosiologi, Institutt for samfunnsforsking
Laura Sætveit Miles, Engelsk litteratur, UiB
Kathrine R. Redalen, Biofysikk, AHUS
Marie E. Rognes, Anvendt matematikk, SIMULA
Anders Schomacker, Geologi,NTNU
Katerini T. Storeng, Medisinsk antropologi, SUM, UiO
Gudrun Østby,Statsvitskap/freds- og konfliktforsking, Peace Research Institute Oslo

Det første året er Guro Elisabeth Lind akademiet sin leiar og Anders Schomacker nestleiar. Prosjektleiar Herdis Hølleland er sekretær for leiinga.

Kjelde: Uniforum.

Nettopp difor kom Vitskapsakademiet i 2013 sjølv med eit forslag overfor dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen om å danna eit akademi for yngre forskarar. Ho tende på ideen, og arbeidet med å stabla det på beina kunne starta.

Over 160 yngre forskarar ville bli medlemar, men berre 20 personar er førebels tatt opp i denne eksklusive forskarklubben. Målet er at medlemstalet på sikt skal aukast til 40.

– Ei ære å bli leiar

Rett før helga blei Akademiet for yngre forskarar offisielt stifta, og kreftforskar Guro Elisabeth Lind ved Oslo universitetssykehus (OUS) er utnemnd til den første leiaren. – Målet vårt er å bli ei tydeleg stemme i den faglege og i den forskingspolitiske debatten, seier ho i eit intervju med Uniforum.

Sjølv er ho allereie ein godt etablert forskar innanfor kreftforskinga. Ho var likevel aldri i tvil om at ho ville bli med i Akademiet for yngre forskarar. – Eg melde meg som interessert med ein gong utlysinga blei kunngjort. Men eg hadde ikkje tenkt å bli leiar. Då førespurnaden om å bli leiar kom, så tok eg det som ei stor ære, og eg kunne sjølvsagt ikkje seia nei. Alle har støtta meg uavhengig av kva fagleg bakgrunn dei har, fortel ho.

God kjønnsbalanse

I dag rår det fullstendig likestilling når det gjeld talet på kvinner og menn i Akademiet for yngre forskarar. Ti av kvart kjønn viser oppteljinga av medlemsmassen på 20 personar. – Det er viktig at me har fått til ein så god kjønnsbalanse, synest Lind. Denne gongen blei ho altså peika ut som leiar, sidan det var første gongen styret skulle etablera seg. Frå og med neste år vil Akademiet for yngre forskarar ha vanleg årsmøte med val av leiar og styremedlemar. Når det er gjort, vil det nye styret få oppgåva med å plukka ut 20 nye medlemar, slik at Akademiet for yngre forskarar etter kvart når maksimaltalet på 40 medlemar. Maksimumsalderen for å bli medlem er 38 år, og medlemstida er på fire år.

 – Vil auka forskingsformidlinga

– Me skal arbeida for at det blir sett av meir ressursar til forskinga. Ei anna viktig oppgåve for oss blir å gå i brodden for kampen om å få ein tydelegare karriereveg innanfor forskinga. Og me skal også jobba aktivt for å auka forskingsformidlinga, lovar Guro Elisabeth Lind.

Ho er ikkje i tvil om kvar dei må begynna for å få dette til. – Det gjeld å stimulera interessa for forsking blant barn og unge. Dei er framtidas hjernekapital, som Noreg må satsa på når oljeindustrien går dårlegare. Forskinga vil gi Noreg hjelpa landet treng til å finna framtidas næringsvegar, er ho overtydd om.

Etter hennar meining vil Akademiet for yngre forskarar bli eit spennande tilskot til  moderorganisasjonen Det Norske Vitskapsakademiet. – Me vil gjerne takka Vitskapsakademiet som tok initiativet til å danna eit eige akademi for yngre forskarar, legg ho til.

DEI 20 FØRSTE: Dette er dei 20 første medlemane i Akademiet for yngre forskarar. På sikt skal medlemstalet auka til 40. (Foto:Martin Toft)

 

 

 

Emneord: Videnskaps-Akademiet, Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2015 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere