Universitetsrektorar gir budsjettros til regjeringa

Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og UiB-rektor Dag Rune Olsen er nøgde med at  løyvingane til forsking og utvikling passerer ein prosent av bruttonasjonalproduktet i 2016. – Kunnskapsdepartementet kan reknast som ein av budsjettvinnarane, seier Dag Rune Olsen til Uniforum.

HOVUDPERSONEN: Finansminister Siv Jensen var utan tvil hovudpersonen då regjeringa la fram forslaget til statsbudsjett for 2016 klokka 10 i formiddag. Budsjettet får ros frå universitetsrektorane Ole Petter Ottersen og Dag Rune Olsen.

Foto: Ola Sæther

Dei fire tradisjonelle universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø hadde på førehand uttrykt ei viss frykt for at regjeringa ville foreslå ei omfordeling av budsjettet slik at dei gamle og nye universiteta skulle få ein identisk budsjettmodell.

– Heldigvis skjedde ikkje det, seier Dag Rune Olsen til Uniforum. Også UiO-rektor Ole Petter Ottersen er glad for det. – Det blir inga slik omfordeling no. Men den nye finansieringsmodellen blir ikkje tatt i bruk før i 2017, minner han om.  

Noreg skil seg ut

Begge er altså nøgde med ein realvekst til forsking og høgare utdanning på 3,7 prosent.  – Når me ser på dette frå ei internasjonal historisk vinkling er det bra å få til ein så høg realvekst. I Finland og Danmark er det nedskjeringar i sektoren. Det er ein god ting at det her i Noreg er ein realvekst, og det skal regjeringa og Kunnskapsdepartementet ha ros for, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum. 

Dei to universitetsrektorane trekkjer også fram som positivt at satsinga på frie forskingsprosjekt blir auka med 50 millionar kroner i budsjettforslaget for 2016.  – Me er nøgde med ei slik satsing på fri grunnforsking, men den burde vore høgare. Dessutan er me positive til auka satsing på EU-posisjonering og lærarutdanning.  Men me saknar auka satsing på framifrå forsking, understrekar Ottersen.  

Kvoteordning fell bort

Dag Rune Olsen ser det også som bra at doktorgradsfinansieringa blir friare enn før.

– Ja, no blir det ei open ramme på finansieringa av 288 nye rekrutteringsstillingar.  Samtidig fell kvoteordninga for studentar frå Den tredje verda bort. Det blir erstatta med ei ordning med institusjonssamarbeid mellom våre universitet og universitet i dei aktuelle landa i sør, men også i BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika Red.merknad)  For oss er det ein fordel, men kanskje ikkje for mindre høgskular som er opptatt av å få finansiert kvar enkelt student frå landa som har vore omfatta av kvoteordninga, trur Olsen.  Han synest også det er bra at det er løyvd 28 millionar kroner ekstra til sentra for framifrå utdanning. 

KUNNSKAPSDEPARTEMENTET BUDSJETTVINNAR: UiB-rektor Dag Rune Olsen skryt over budsjettforslaget til regjeringa og reknar Kunnskapsdepartementet som ein av budsjettvinnarane. Han var den første universitetsrektoren som dukka opp i Vandrehallen i Stortinget i formiddag. (Foto:Ola Sæther)

– Rom for sterkare satsing

Likevel hadde UiO-rektor Ole Petter Ottersen sett føre seg endå høgare løyvingar til forsking og høgare utdanning.  – Noreg er i ein spesiell situasjon med reduksjon i oljepris og auka arbeidsløyse. Difor ville det ha vore rom for sterkare satsing. Den omstillinga som budsjettet siktar mot, ville tent på endå sterkare satsing på høgare utdanning og forsking. Alle undersøkingar og analysar viser at hurtigladaren til omstilling er å satsa på universitet og høgskular, seier han.  

Etter hans meining burde ein større del av tiltakspakka til regjeringa ha gått til rehabilitering av museumsbygningar og andre universitetsbygningar.  – 60 millionar kroner til rehabilitering av universitetsbygningar er altfor lite, synest Ole Petter Ottersen. Han er glad for at regjeringa vil oppretta fleire studieplassar på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Ville hatt frie studieplassar

Samtidig er han vonbroten over at forslaget frå Universitetet i Oslo om å etablera frie studieplassar som kan kopla framifrå utdanning med framifrå forsking, ikkje er blitt tatt til fylgje. – Me er sjølvsagt skuffa over at regjeringa ikkje finn plass til frie studieplassar. Talet på nye rekrutteringsstillingar er framleis lågare enn behovet og det langtidsplanen ber bod om, seier Ottersen.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga til FORNY2020, Forskningsrådets program for å bringa offentleg finansiert forsking fram til marknaden.  Dette er i samsvar med tilrådingane frå sektoren. 

– Ved universiteta står det no ei kø av idear og ventar på finansiering til neste milestolpe. Midlar til å bringa innovasjonane ut av universiteta er riktig medisin for omstillinga mot ein ny økonomi. Universiteta er hurtigladaren for det grønne skiftet, seier Ottersen i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.

Når det gjeld løyvingar til nybygg ved Universitetet i Oslo, ligg det i budsjettforslaget ein sum på  74 millionar kroner til prosjektering av livvitskapsbygningen og 7 millionar kroner til utstyr i den same bygningen. Det er også sett av 29 millionar kroner til prosjektering av det planlagde vikingtidsmuseet på Bygdøy, opplyser Universitetet i Oslo.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2015 13:07 - Sist endra 7. okt. 2015 14:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere