UiO legg ned språksamlingane frå nyttår

UiO vil ikkje lenger driva språksamlingane frå 1. januar neste år. Det vil likevel ikkje gå utover drifta av Nynorskordboka, Bokmålsordboka og Ordbanken, får Uniforum opplyst frå instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

-IKKJE NOKO SVAR:: –  I april sende UiO eit brev til Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet der det blei gitt ei vurdering av to ulike løysingsalternativ for språksamlingane. I dag, eit halvt år etter, føreligg det så vidt eg veit framleis ikkje noko svar på dette frå departementa si side, seier instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen.

Foto: Ola Sæther

Sommaren 2014 bestemte styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium at prosjektet Norsk Ordbok 2014 (NO2014) skulle leggjast ned når det siste bandet skulle vera

Fakta 

Slik lyder vedtaket i styret til Institutt for lingvistiske og nordiske studium frå 10. juni 2014:

«Instituttstyret vedtar at ILN ikkje skal ta ansvaret for vidare forvaltning og drift av samlingane knytte til leksikografi og namnegransking etter at det pågåande prosjektet Norsk Ordbok 2014 blir avslutta.

Instituttstyret gir instituttleiar fullmakt til - i samråd med HF og UiO sentralt - å kontakte aktuelle eksterne institusjonar for å informere om at ILN ikkje lenger tar på seg ansvaret for forvaltning og drift av samlingane i leksikografi og namnegransking, og oppmode til at det blir funne ei hensiktsmessig løysing for desse samlingane.

Dersom dette ikkje skulle føre fram, vil instituttet sørgje for at samlingane blir deponerte på ein forsvarleg måte i samsvar med statlege retningsliner og forskrifter.» (Kjelde: Institutt for lingvistiske og nordiske studium)

klart rundt 1. april 2015. Samtidig fekk 23 tilsette varsel om oppseiing frå 31. desember 2014.

Resultatet blei at fleire av dei slutta før tida fordi dei takka ja til andre jobbar. Andre gjekk til sak mot UiO for usakleg oppseiing. I juni enda den saka med eit forlik som gjorde at prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Knut E. Karlsen fekk ei økonomisk erstatning og samtidig ville få lønn ut oppseiingstida for å bli ferdige med sluttarbeidet med det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok. Desse hendingane har gjort at arbeidet med ordboka er blitt forseinka med nesten eitt år.

Ingen ny heim for språksamlingane

Lagnaden til dei store språksamlingane til Universitetet i Oslo har hamna i skuggen av konflikten mellom dei tilsette i Norsk Ordbok og Universitetet i Oslo. Heilt fram til i sommar var det snakk om at dei kunne overførast til Universitetet i Bergen, medan Språkrådet og Vitskapsakademiet blei sett på som uaktuelle som ein ny heim for språksamlingane. Debatten stilna av utan at det blei tatt noko endeleg avgjerd.

Leksikografar får nye arbeidsoppgåver

Rett før helga fekk dei to einaste attverande, fast vitskaplege tilsette i leksikografi melding om at dei skulle overførast til nye oppgåver på Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Grunnen var at UiO ville leggja ned drifta av språksamlingane frå og med 1. januar 2015. I språksamlingane finst både målførearkivet, stadnamnarkivet og andre samlingar knytte til leksikografi og namnegransking. Dessutan blir dei digitale versjonane av både Nynorskordboka og Bokmålsordboka drive av det same datasystemet som dei digitaliserte versjonane av språksamlingane også nyttar.

Språkforskarane Oddrun Grønvik og Olaf Allmenningen frykta ei stund at dette ville føra til at ingen av desse ordbøkene kunne brukast digitalt etter nyttår. No har dei fått garanti frå instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen om at det ikkje vil bli konsekvensen. Han viser til ein bindande avtale instituttet har med Språkrådet. Etter dei to språkforskarane si oppfatning gir instituttleiinga Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet heile ansvaret for at UiO ikkje kan driva språksamlingane lenger frå 1. januar 2015.

Må fylgja opp vedtak frå styret

Uniforum har vore i kontakt med instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen som har denne kommentaren til påstanden om at instituttleiinga gir Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet ansvaret for at UiO ikkje kan driva språksamlingane frå nyttår.

– I april sende UiO eit brev til Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet der det blei gitt ei vurdering av to ulike løysingsalternativ for språksamlingane. I dag, eit halvt år etter, føreligg det så vidt eg veit framleis ikkje noko svar på dette frå departementa si side. I vedtaket gjort i ILNs styre 10. juni 2014 heiter det at instituttet ikkje lenger skal ta ansvar for drift og forvaltning av UiOs språksamlingar når prosjektet NO2014 er avslutta.

– Når prosjektet nå faktisk blir avslutta innan 31.12. utan at departementa har bestemt seg for kva dei vil gjøre med samlingane, er det sjølvsagt at det oppstår visse utfordringar, fordi instituttleiar er forplikta til å følgje opp vedtaket. Samtidig står sjølvsagt ILN ved det dei har forplikta seg til når det gjeld dei ressursane instituttet eig saman med Språkrådet, altså dei elektroniske versjonane av Nynorskordboka, Bokmålsordboka og Ordbanken, understrekar Kristian Emil Kristoffersen overfor Uniforum.

Dermed avdramatiserer han konsekvensane av at UiO ikkje vil ta ansvaret for språksamlingane etter 31. desember 2015. Og han gjentar at det som no skjer er ei oppfylging av styrevedtaket frå 2014

 – Eg viser til vedtaket frå styremøtet 10. juni 2014.Der går det fram at UiOs ansvar for språksamlingane tar slutt når prosjektet NO2014 er avslutta. Når det gjeld dei fast vitskaplege tilsette som har vore knytte til arbeidet med språksamlingane, så vil me ha møte med dei i nær framtid for å diskutere situasjonen, seier Kristian Emil Kristoffersen.

Krev eige møte om nedlegginga av Norsk Ordbok

I dag måndag 26. oktober har Institutt for lingvistiske og nordiske studium nytt styremøte. Representanten for stipendiatane og dei mellombels vitskaplege tilsette, Klaus Johan Myrvoll, stadfestar overfor Uniforum at han har bede om at heile prosessen rundt nedlegginga av Norsk Ordbok blir tatt opp i eit ekstraordinært styremøte før instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen sluttar og før prosjektdirektør Åse Wetås begynner i den nye jobben som språkdirektør. Det spørsmålet blir avgjort seinare i ettermiddag.

 

 

Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2015 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere