Sette verdsrekord for helikopterdrone

Studentar på Institutt for informatikk, UiO sette i dag ny verdsrekord i å få verdas tyngste helikopterdrone opp i lufta.

I LUFTA: Megakopterer i lufta over gardsplassen til Forskingsparken i formiddag. For første gong i verda har nokon klart å få ein helikopterdrone på 150 kilo opp i lufta.

Foto: Ola Sæther

Det offisielle verdrekordforsøket skjer kl. 17.15 i ettermiddag, men verdsrekorden blei allereie sett under forsøka i formiddag. 

Det skjedde under Cutting Edge-festivalen i Forskingsparken.

Megakopteret veg 150 kilo, og det er første gongen nokon har klart å få eit så tungt, radiostyrt helikopter til å letta. Rekorden blir truleg også godkjend av Guinness rekordbok.

Emneord: Innovasjon, Forskningsformidling, Studentsaker
Publisert 14. okt. 2015 12:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere