Nasjonalballetten på tå hev på Blindern
Moderne ballett var det dei UiO-tilsette fekk presentert då Nasjonalballetten dansa under Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus i dag.

DANS: Nasjonalballetten gjesta Lunsj med kultur på Blindern i dag. Dansarane framfører her ein ballett av koreografen Wlliam Forsythe.
Det var ballettsjef Ingrid Lorentzen sjølv som presenterte musikkstykka det blei dansa til under oppvisninga på den provisoriske dansescenen i foajeen i Georg Sverdrups sal.
Ein fullsett sal fekk sjå to korte ballettar signert koreografen William Forsythe. Ein koreograf Ingrid Lorentzen karakteriserte som ballettens svar på Pablo Picasso.
Til slutt fekk dei frammøtte sett ein nyskapt ballett koreografert av Nasjonalballettens eigen koreograf,Alan Lucien Øyen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere