Karolinska har det beste medisinske fagmiljøet i Norden

Karolinska Institutet har det høgast rangerte medisinske fagmiljøet i Norden. På verdsrankinga til Times Higher Education kjem den svenske forskingsinstitusjonen på 12. plass, medan UiO hamnar på 83. plass.

MELLOM VERDAS BESTE: Rektor Anders Hamsten ved Karolinska Institutet styrer verdas tolvte beste medisinske fagmiljø, ifylgje Times Higher Education. Her står han utanfor det nye hovudkvarteret til administrasjonen, Aula Medica. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Dermed har Universitetet i Oslo det beste medisinske fagmiljøet i Noreg, og det sjuande beste i Norden. I tillegg til Karolinska Institutet ligg både Uppsala universitet, Lunds universitet, Københavns Universitet, Göteborgs universitet og Helsingfors universitet betre plasserte enn Universitetet i Oslo på denne lista. 

Storbritannia og USA på topp

Times Higher Education held i oktober og november på med å publisera verdsrankingar over ulike fagområde. Først ute er altså verdsrankinga av dei beste medisinske fagområda  i verda. På topp kjem medisinfaget ved Oxford University, tett fylgt av Harvard, University College London, Cambridge University og Berkeley-universitetet i California. Karolinska Institutet er med sin tolvteplass det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda innanfor medisinske fag.

Topp 100 for første gong

For Universitetet i Oslo er det første gong universitetet plasserer seg mellom dei hundre beste på rankinga over dei beste medisinske fagmiljøa. 83.–plassen baserer seg på kvaliteten på både forsking, undervisning, læringsmiljø, kunnskapsoverføring og på graden av internasjonalisering.

Ingen av dei andre medisinske fagmiljøa i Noreg er inne blant dei 100 beste.

Oppgang for Europa

Europa har ein tredel av dei 100 beste fagmiljøa i medisin på denne rangeringa. I år er 31 av desse universiteta europeiske, medan 24 var frå dette kontinentet på fjorårets liste. Likevel er det dei engelskspråklege universiteta som dominerer. USA har åleine 35 av sine universitetet på lista, medan Storbritannia har 14. Nederland og Tyskland kan skilta med høvesvis sju og seks institusjonar mellom dei 100 beste fagmiljøa i medisin.

Les heile lista over verdas beste medisinske fagmiljø

Emneord: Internasjonalisering, Medisin, Rangeringer Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2015 14:35 - Sist endra 19. okt. 2015 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere