Ingenting imot å vera budsjettvinnar

– Når NRK kallar Kunnskapsdepartementet for budsjettvinnar, kan me ikkje protestera mot det, seier statssekretær Bjørn Haugstad til Uniforum.

NØGD: Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet er svært nøgd med løyvingane til forsking og høgsare utdanning i budsjettforslaget for 2016  som regjeringa la fram i dag.

Foto: Tore Oksholen/ Universitetsavisa

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet synest dei har levert varene til universitet- og høgskulesektoren med budsjettforslaget for 2016. 

– Dei auka løyvingane til forsking og utvikling (FoU) inneber ein realvekst på 4,1 prosent samanlikna med i fjor. Samtidig gir me 100 millionar kroner til fusjon av høgskular og universitet. I reelle tal aukar regjeringa løyvingane til forsking og utvikling med 2,1 milliardar kroner i 2016, understrekar Bjørn Haugstad. Til saman blir den offentlege finansieringa av forsking og utvikling dermed vera på om lag 32,5 milliardar kroner.

– Etter vår meining er dette ei svært godt oppfylging av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning som får ei samla løyving på 760 millionar kroner av auken på 2,1 milliardar, seier statssekretæren med ei fortid som forskingsdirektør ved Universitetet i Oslo.

Inga omfordeling, men styrking av nye universitet og høgskular

Før budsjettet blei lagt fram i dag, var dei tradisjonelle universiteta opptekne av om det ville bli ei omfordeling i basisløyvinga slik at dei nye universiteta og dei styrkte høgskulane ville koma betre ut enn før. 

– Nei, det har me ikkje endra på. Det grepet me derimot har gjort er at det i høve til storleiken er løyvd pengar til fleire rekrutteringsstillingar på dei nye universiteta og sterkare høgskulane enn til dei tradisjonelle universiteta. Difor får både UiO og Universitetet i Stavanger 24 rekrutteringsstillingar kvar. For Universitetet i Stavanger utgjer det mykje meir enn for Universitetet i Oslo.  Dessutan har me også endra litt på den resultatbaserte omfordelinga (RBO), slik at nye universitet og høgskulane kjem betre ut enn før. I tillegg har me også forandra litt på reglane for EU-finansiering, slik at dei nye institusjonane får større fordelar av at dei har vore flinkare til å få finansiert forskingsprosjekt av EU-pengar, opplyser Bjørn Haugstad til Uniforum.

–Smartaste me kan gjera

Også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttrykkjer glede over det budsjettet Kunnskapsdepartementet kunne presentera i dag.

– I usikre økonomiske tider er det å investera i forsking og utvikling noko av det smartaste me kan gjera, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.

 – Over tid gir investeringar til forsking mykje meir i avkastning enn det vi puttar inn – i form av til dømes betre folkehelse, fleire arbeidsplassar, betre varer og smartare tenester, seier ministeren. 

– Fylgjer opp Langtidsplanen

Torbjørn Røe Isaksen peikar på oppfylginga av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning som får 760 millionar av auken på 2,1 milliardar kroner til forsking og utvikling.

Planen, som blei vedtatt av Stortinget tidlegare i år, har tre overordna mål: Å styrkja Noregs konkurransekraft, løysa store samfunnsutfordringar og utvikla framifrå fagmiljø.

For å følgja opp opptrappingsplanane i langtidsplanen føreslår regjeringa 125 nye rekrutteringsstillingar, 135 millionar kroner til stimuleringstiltak for auka deltaking i EU-forskingssamarbeidet Horisont 2020 og 25 millionar kroner til forskingsinfrastruktur. Av dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen følgjer regjeringa særleg opp det dei kallar for "hav",  "eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv" og  "eit verdsleiande fagmiljø", går det fram av pressemeldinga.

Regjeringa satsar mellom anna på næringsretta forsking, på mogleggjerande teknologiar, på forskingssenter for miljøvennleg energi og på å styrke forsking der kvalitet er det fremste kriteriet for å få pengar. Budsjettveksten her går til å styrkja eksisterande ordningar gjennom Forskingsrådet. 

2200 fleire studentbustader

Regjeringa vil gi tilsegn om tilskot til heile 2 200 studentbustader neste år. Det blir no bygt fleire studentbustader enn på noko anna tidspunkt dei siste 25 åra, går det fram av pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.  Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner også at budsjettforslaget viser at regjeringa satsar på bygging av studentbustader.

– Neste år vidarefører me den store satsinga på studentbustader som me blei einige med KrF og Venstre om i 2015. Det er svært viktig for studentane å få tilgang til ein rimeleg stad å bu. Derfor vil regjeringa sørgja for at det blir bygt fleire nye studentbustader i 2016, seier kunnskapsministeren. Regjeringa foreslår å auka løyvinga til studentbustader med om lag 300 millionar kroner i 2016, melder Kunnskapsdepartementet.

Les meir på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2015 14:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere