Då regjeringa la fram framlegget til statsbudsjett for 2016, blei det kjent at regjeringa ville fasa ut kvoteprogrammet for studentar frå utviklingsland, Vest-Balkan, Sentral-Asia og Aust-Europa. Kvart år finansierer kvoteprogrammet studieopphaldet til 1100 studentar frå desse landa. Det kostar staten rundt 50 millionar kroner i året.
I staden vil regjeringa satsa meir pengar på samarbeid med land som Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika, men også med Japan. Dessutan skal det koma eit nytt program for bilateralt samarbeid mellom lærestader i Noreg og lærestader i det globale sør.
Både medisinprofessor Johanne Sundby ved Avdeling for samfunnsmedisin ved UiO og UiO-rektor Ole Petter Ottersen har i Uniforum reagert svært negativt på forslaget. - Det er urettferdig overfor dei fattigaste landa, meiner Johanne Sundby. - Det er umusikalsk, meiner Ole Petter Ottersen. Medisinprofessor Johanne Sundby peikar på at tidlegare kvotestudentar har ført til betre helsevesen i mellom anna Gambia.
- Vil ha meir treffsikre ordningar
Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet forsvarar likevel forslaget om å leggja ned kvoteprogrammet frå studieåret 2016/2017.
- Internasjonalt samarbeid i høgre utdanning og forsking er ei viktig prioritering for denne regjeringa, og vi må sikre at midlane til slikt samarbeid vert nytta så godt som råd er. Sjølv om vi veit at fleire institusjonar jobbar godt med kvoteordninga slik ho er i dag, viser ei evaluering av kvoteordninga at ordninga ikkje fungerer godt nok. Regjeringa føreslår difor å vri bruken av desse midlane over til meir treffsikre ordningar. Målet er å leggje til rette for betre samarbeid med utviklingsland om utdanning og forsking. For å få til dette føreslår me også ei styrking av finansieringa, seier Bjørn Haugstad til Uniforum.
- Fleire på UiO viser at ordninga fungerer svært bra og at den bidrar til ei betre utvikling av mellom anna helsevesenet i land som Gambia og Malawi. Er ikkje dette akkurat det regjeringa vil at norsk bistand skal bidra til?
- Vi ser at fleire institusjonar i dag jobbar godt med kvoteordninga og har etablert gode samarbeidsrelasjonar. Kvoteordninga har først og fremst lagt til rette for at enkeltstudentar skal kunne studere i Noreg, og har som ordning vore lite innretta mot å leggje til rette for samarbeid mellom institusjonar og på kapasitetsbygging i utviklingslanda. I dag tar dei aller fleste studentane i kvoteordninga heile graden sin her, og vi veit for lite om utdanningane dei gjennomfører i Noreg er relevante for universitetet studentane kjem frå eller for heimlanda deira, peikar Bjørn Haugstad på. Difor meiner han at det nye forslaget regjeringa kjem med vil fungere betre.
Rettar nytt program mot dei minst utvikla landa
- Det nye partnarskapsprogrammet for samarbeid med land i sør er retta mot nokre av dei minst utvikla landa i dagens kvoteordning. No legg vi betre til rette for at dei norske og utanlandske institusjonane kan samarbeide om tiltak som vil skape langsiktige resultat utover kompetansen enkeltstudentar opparbeider seg gjennom utanlandsopphald. Eit partnarskapsprogram for fagleg samarbeid knytt til studietilbod og undervisning vil kunne bidra til sterkare fagmiljø.
- Vi vil sørge for at det nye programmet vert utvikla i samarbeid med norske universitet og høgskular, og det vil gi gode moglegheiter for miljø som i dag har gode erfaringar med kvoteprogrammet, til å påverke innrettinga av det nye partnarskapsprogrammet.
Meir likeverdig samarbeid
- Korleis har de tenkt at studentar frå det globale sør skal få finansiert studieopphaldet sitt i Noreg i framtida?
- Også gjennom det nye programmet kan norske universitet og høgskular ta imot studentar frå samarbeidsinstitusjonane sine. Til skilnad frå kvoteordninga vil studentane komme på utveksling, truleg oftast på opphald i eitt til to semester. Dei nye ordningane vil etablere eit meir likeverdig samarbeid med utviklingsland, der studieprogramma skal utviklast i fellesskap. Både Noreg og dei aktuelle landa vil ha mykje å hente på denne typen samarbeid.
- Er ikkje dette mellomrike land som uansett vil klara seg utan finansielle bidrag frå Noreg?
- I underkant av to tredelar av dei samla midlane som i dag går til kvoteordninga vil bli omdisponert til det nye programmet for samarbeid med land i Sør. Med omlegginga prioriterer vi samarbeid med dei svakast utvikla landa. Alle dei fem BRIKS-landa er omfatta av dagens kvoteordning, og særlig Kina og Russland har brukt ordninga aktivt.
- Regjeringa har lansert en ny strategi - Panorama - for å styrke høgre utdannings- og forskingssamarbeidet med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Bortsett frå Japan er alle desse landa omfatta av dagens kvoteordning. Litt over ein tredel av midlane frå kvoteordninga vil bli omdisponerte til tiltak for å følge opp denne strategien. Dette er land som står for ein stadig større del av verdas kunnskapsproduksjon, og det er viktig at Noreg og norske institusjonar knyter tettare band til dei, meiner statssekretær Bjørn Haugstad.
Logg inn for å kommentere