UiO med i skandinavisk allianse for nøytronforsking

– UiO må sjølvsagt delta når me får sjansen til å utnytta eit anlegg som vil driva med frontforsking.  Det seier forskingsdekan Svein Stølen ved MN-fakultetet etter at 14 UiO-forskarar får høve til å samarbeida med sju skandinaviske universitet om dei store anlegga for nøytronforsking som er under bygging og planlegging i Lund.

REISER SEG: MAX IV-laboratoriet i Lund er klart til bruk i juni 2016.

Foto: Leif Jansson, Lunds universitet

I Lund er bygginga av eit av verdas største forskingsanlegg for material- og livsvitskap godt i gang.  Protonakseleratoren European Spallation Source (ESS) vil stå ferdig i 2023,

European Spallation Source:

* Det blir eit forskingssenter grunnlagt på verdas sterkaste nøytronkjelde. Det kan samanliknast med eit gigantisk mikroskop der ein studerer ulike materiale frå plaster og medisinar til motorar og molekylar.

*Senteret vil få ein protonakselerator som produserer nøytron når protona treffer eit mål av tungmetall.

* Kunnskapen kan brukast av forskarar innanfor livsvitskap, miljø-, energi-, transport- og ingeniørvitskap, men også innanfor fysikk og arkeologi.

* Det vil kosta 14 milliardar svenske kroner og skal stå ferdig i Lund i Sør-Sverige i 2023.

* Noreg vil gi eit samla bidrag på 400 millionar svenske kroner til prosjektet.  

* Synkrotronen Max IV står ferdig juni 2016 og vil då vera tilgjengeleg for eksperiment for 14 yngre forskarar frå UiO.

*Forskingsopphaldet blir finansiert av regionsamarbeidet Øresund-Kattegat-Skagerak, der UiO er einaste partnar frå Noreg i ein forskingsallianse med svenske og danske universitet.

og vil då langt på veg erstatta nøytronkjelda  i Grenoble. 

Sommaren 2016  skal synkrotronen Max IV i Lund vera klar. Den skal vera eit laboratorium og ei kjelde for forsking som nyttar røntgenstråling. Medan ESS er eit felleseuropeisk prosjekt, blir Max IV finansiert av den svenske staten.

Åtte universitet samarbeider

I juni blei det løyvt over 19 millionar euro til eit forskingssamarbeid i regionen Øresund-Kattegat-Skagerak til bruken av  synkrotronen og nøytronkjelda. Det er eit samarbeid mellom Lunds universitet, Malmøs universitet, Københavns Universitet, Danmarks Tekniske Universitet, Aarhus Universitet, Göteborgs universitet, Chalmers og Universitetet i Oslo. Dei er i nær allianse med forskingsanlegga ESS og Max IV. 

Til saman vil pengane gi tusen forskingsmånader til ph.d.-studentar og postdoktorar frå dei institusjonane som deltar i denne forskingsalliansen. Hovudmålet er at dei yngre forskarane skal førebu seg på å bruka verdsleiande teknologi som skal brukast ved forskingsanlegga ESS og Max IV.   

Kan utvikla betre materiale

I Lund skal forskarane sjå nærmare på korleis dei aller minste elementa i ulike materiale, altså atom, kan setjast saman på ulike måtar for å gjera eit materiale sterkare eller gi det heilt nye eigenskapar. Nøytron har større gjennomlysingskraft enn røntgen og kan brukast til å få auge på små atom, som til dømes hydrogen, gjennom tjukke materiale. Dei kan utnyttast i grøn energi, og dei kan skapa betre materiale til bruk både i flyvenger og i medisinsk utstyr. 

No får 14 yngre forskarar ved Universitetet i Oslo sjansen til å få finansiert eit lengre opphald ved eit av universiteta i regionen og gjennomføra synkroton- eller nøytroneksperiment.   

– Fram til Max IV blir opna i juni neste år, kan dei bruka liknande forskingsanlegg andre stader i Europa eller i USA, seier forskar Reidar Lund ved Kjemisk institutt.  Saman med kjemiprofessor Helmer Fjellvåg  vil han koordinera samarbeidet mellom UiO og dei andre universiteta. – Også yngre forskarar frå dei andre partnaruniversiteta kan koma hit til oss og delta i felles forskingsprosjekt.  På den måten blir det etablert eit godt nettverk. Dei som er interesserte kan senda inn søknader til oss så fort som mogleg, og det einaste kravet som blir stilt er at alle prosjekta må vera fagleg sterke. Dei må også vera avslutta innan 31. august 2018, understrekar Helmer Fjellvåg. 

Fann skjult portrett i måleri av van Gogh

Dekan for forsking, Svein Stølen presiserer at dette ikkje er ei satsing som berre er for forskarar frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Yngre forskarar frå Det medisinske fakultetet, Det  odontologiske fakultetet og Kulturhistorisk museum kan også vera med.  Når det gjeld forsking på samansetjinga av materialane som er brukte i Osebergsskipet, kan røntgenmetodar koma til stor nytte. Det er nemleg forskarar på Københavns Universitet ekspertar på. Også analysar av fossil blir langt lettare med desse metodane, seier Helmer Fjellvåg.

Reidar Lund viser korleis materialforskinga også har tent kunsten.

– Eit kjent kunstverk av Vincent van Gogh blei gjennomanalysert i ein synkrotron i Hamburg. Då kunne dei finna eit skjult portrett som låg under lag med maling, som kunstnaren hadde brukt. Både flyfabrikanten Airbus og bilfabrikanten Ferrari har brukt synkrotronar for å sjekka om det er mikroskopiske sprekkar i materialane dei har brukt,  fortel han.

Håpar på nyskaping

Når eit EU-initiert regionsamarbeid mellom universitet i Øresund-Kattegat-Skagerak-området får 19 millionar euro til forskingssamarbeid, finst det ein baktanke.

– Ja, det er heilt klart at ein håpar på at denne forskingssatsinga også kan føra til nyskaping og etablering av nye bedrifter i regionen, seier Helmer Fjellvåg.

– Men ville det ikkje ha vore naturleg at også NTNU i Trondheim blei med på eit slikt samarbeid?

– NTNU er ikkje innanfor denne samarbeidsregionen og kan difor ikkje vera partnar. Me er svært glade for at Universitetet i Oslo får denne sjansen, sidan me kanskje er best  i Noreg på dette forskingsområdet, det gjeld ikkje minst fagmiljøet på Kjemisk institutt, meiner Svein Stølen.

Både han, Helmer Fjellvåg og Reidar Lund er svært nøgde med løyvinga UiO får for å vera med  på dette samarbeidet. – Det passar godt inn i forskingssatsinga vår, men dette var draghjelp som me eigentleg ikkje hadde kalkulert med, peikar Helmer Fjellvåg på.

Den store protonakseleratoren og nøytronkjelda European Spallation Source  blir ikkje ferdig før i 2023. Fram til då må forskarane bruka den eldre reaktoren  i Grenoble i Frankrike eller andre anlegg, som til dømes reaktoren på Kjeller til enkelte eksperiment.  I Grenoble har dei også ein av dei beste synkrotronane i verda, som ofte blir brukt av forskarar frå UiO.

– Men når ESS  og Max IV står klare i Lund,  vil det vera mellom dei aller beste forskingsanlegga i verda til å forska med nøytron og røntgen, seier Reidar Lund.

Les også artikkelen Framtida blir forma i Lund

 

 

 

Emneord: Realfag, Kjemi, Forskningssamarbeid, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 16. sep. 2015 15:06 - Sist endra 17. sep. 2015 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere