Livsvitskapsbygningen står i startblokka

Forprosjektet til livsvitskapsbygningen i Gaustadbekkdalen begynte denne veka. Kvikkleire i grunnen vil auka kostnadene, slik at den blir dyrare enn den opphavlege prisen på 3,5 milliardar kroner.

I GANG: No er forprosjektet for livsvitskapsbygningen i Gaustadbekkdalen i gang. Prosjektleiar Jo Sigurd Lang-Ree (t.v.) i Statsbygg og viserektor Knut Fægri står framfor tomta der den totalt 66 700 kvadratmeter store bygningen skal stå.

Foto: Ola Sæther

Det er viserektor Knut Fægri som har ei hand på rattet på vegner av rektoratet i satsinga på livsvitskap og bygging av livsvitskapssenter.  

Dette er livsvitskap:

Livsvitskap er ein tverrfagleg vitskap der forskarar studerer oppbygging, struktur og funksjon av levande organismar. Forskarane kjem frå fag som medisin, kjemi, fysikk, farmasi, biologi, matematikk og informatikk. Livsvitskap kan brukast for å finna ut korleis me skal handtera antibiotikaresistens, mot aldringsprosessar som demens, og førebygging og behandling av ulike kreftformer. Også innanfor landbruk, fiskeri, husdyr og mattryggleik vil livsvitskapen få mykje å seia.

– No er me godt i gang med prosessen. I 2016 vil forprosjektet vera ferdig, og hausten 2016 vil det vera klart for den såkalla kvalitetssikringsprosessen (KS2). Bygningen vil stå ferdig tidlegast i 2022, seier viserektor Knut Fægri og prosjektleiar Jo Sigurd Lang-Ree i Statsbygg.

Ingen av dei kan seia når det første spadestikket kan bli tatt.

– Det er avhengig av når Stortinget gir oss endeleg klarsignal, men så langt har me berre fått positive signal, fortel Knut Fægri.

I 2017 vil den første løyvinga til bygginga kunna skje. I Statsbyggs prosjektorganisasjon er mange no engasjert i forprosjektet.

– Ja, i storleiksorden 50 personar er involverte, opplyser Lang-Ree. – Samarbeidet med Statsbygg har vore glimrande, synest Knut Fægri.

– Det har vore gjensidig, repliserer Lang-Ree.

Kvikkleire i grunnen

Etter arkitektkonkurransen som blei vunne av arkitektgruppa Vev, har Statsbygg tilpassa teikningane litt. – Blant anna viser grunnundersøkingane at grunnen for ein stor del er sett saman av kvikkleire. Difor må me gjera nokre grep for å løysa utfordringane på tomta. Noko som vil fordyra prosjektet, slik at byggjekostnaden vil koma over den kalkulerte prisen på 3,5 milliardar kroner, seier Jo Sigurd Ree-Lang.

Miljøvennleg

Både han og Knut Fægri er nøgde med at bygningen skal bli så miljø- og energivennleg som mogleg. – Det blir planlagt energiproduksjon av solceller på tak og fasade.

Dette er styret for UiO:Livsvitskap:

Styreleiar: Svein Stølen, prodekan for forsking ved MN-fakultetet

Nestleiar: Hilde Nebb, prodekan for forsking ved Det medisinske fakultetet

Styremedlemar: viserektor Knut Fægri

Alexander Jensenius, instituttleiar ved HF

Eirik Næss-Ulseth, næringslivsrepresentant

Per Morten Sandset, Helse Sør-Aust

Julie Sørlie Paus-Knudsen, studentrepresentant

Bygningen har som miljømål å bli eit nesten nullenerigbygg, fortel dei. For Statsbygg blir Livsvitskapsbygningen den første som blir sertifisert etter miljøklassifiseringsverktøyet BREEAM-NOR.  – Målsettinga er at bygningen skal oppnå karakteren framifrå (excellent), som er den nest beste karakteren i BREEAM-systemet, seier Lang-Ree. – Dei mest utfordrande og ambisiøse krava er målet om nesten nullenergi og halvering av klimagassutslepp frå materialar.

Utlyser direktørstilling

No begynner jakta på en direktør for satsinga på livsvitskap ved Universitetet i Oslo. – Han eller ho blir direktør for denne satsinga straks vedkomande er tilsett, sjølv om det er mange år til folk kan flytta arbeidsplassen sin til livsvitskapssenteret. Etter planen vil stillinga bli utlyst ganske snart, og då er planen at personen blir formelt tilsett av Universitetsstyret i desember, fortel Knut Fægri.

Når bygningen er ferdig vil den husa mange ulike fagmiljø innanfor livsvitskap og liggja under Det medisinske fakultetet.  Også Bioteknologisenteret, kjemi og farmasi skal inn i bygningen.

Livsvitskapsbygningen til Universitetet i Oslo, skal byggjast på tomta mellom Domus Athletica og Problemveien i Gaustabekkdalen. Etter planen vil bygningen vera på totalt 66 700 kvadratmeter, og vil dermed bli Noregs største universitetsbygning.

 

 

 

 

 

 

Emneord: Bygninger, Universitetspolitikk, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2015 11:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere