HF-dekan Arne Bugge Amundsen var ikkje inhabil

HF-dekan Arne Bugge Amundsen var ikkje inhabil då teatervitskap blei lagt ned som fag ved Det humanistiske fakultetet på UiO i 2014. Det er konklusjonen frå Kunnskapsdepartementet.

 

IKKJE INHABIL:  – Kunnskapsdepartementets utgreiing er klar og tydeleg. Det er positivt, seier HF-dekan Arne Bugge Amundsen, etter at departementet har konkludert med at han ikkje var inhabil då teatervitskap blei lagt ned.

Foto: Ola Sæther

I 2014 blei teatervitskap lagt ned som fag på Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Oslo. I ein doktorgrad frå Noregs

Fakta om saka:

  • teatervitskap blir nedlagt ved UiO i 2014

  • det skjer etter ei tilråding frå ei prosjektgruppe om kva fag Det humanistiske faget skulle satsa på og kva fag som burde fasast ut.

  • Prosjektgruppa var leidd av Arne Bugge Amundsen som var instituttleiar på Institutt for kulturstudium og orientalske språk, der teatervitskap var lokalisert.

  • teatervitar Sigrid Skutvik skulda i juni i år Arne Bugge Amundsen for å vera inhabil fordi han hadde personleg interesse i å leggja ned faget, for heller å satsa på museologi.

  • Skuldingane blei publiserte i eit brev til Kunnskapsdepartementet.

  • Kunnskapsdepartementet slår i august fast at HF-dekan Arne Bugge Amundsen ikkje er inhabil.

teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) tar Sigrid Skutvik føre seg saksgangen som førte til at teatervitskap blei lagt ned ved UiO.

Skulda Bugge Amundsen for å ha dobbeltroller

– Det har vore ein svært uryddig prosess, sa Sigrid Skutvik til Klassekampen den 1. juli i år. Ho har offentleg kritisert dagens HF-dekan Arne Bugge Amundsen for å ha spelt fleire dobbeltroller då han var instituttleiar for Institutt for kulturstudium og orientalske språk. Samtidig blei han leiar for ei prosjektgruppe som skulle sjå på korleis humaniora kunne få meir ut av ressursane.

Då han som prosjektgruppeleiar sende ein rapport om utfasing av teatervitskap på høyring, var det instituttleiar Amundsen som svarte på vegner av Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS), i fylgje Klassekampen.

Meinte han var part i saka

Dette meinte doktorand Sigrid Skutvik var uheldig. Etter hennar oppfatning ynskte Arne Bugge Amundsen at hans eige fagfelt, museologi, skulle styrkjast. Derfor meinte ho at det var i Bugge Amundsens eigeninteresse at teatervitskap blei lagt ned.

Sigrid Skutvik peika på at han dermed etter forvaltingslovas paragraf 6 var «ugild» til å leggja til rette for ei avgjerd fordi han sjølv var part i saka og at han gjennom det sterke engasjementet for å utvikla museologi som fag ved IKOS «svekker tilliten til hans upartiskhet og avgjørelsen om nedleggelse av teatervitenskap fordi det synes å innebære en særlig fordel for ham og etableringen av museologi», skriv Skutvik, i fylgje Klassekampen.

Arne Bugge Amundsen avviste skuldingane

HF-dekan Arne Bugge Amundsen avviste overfor avisa påstanden frå Sigrid Skutvik om at han var «ugild» eller inhabil under behandlinga av saka.

– For det første er ikkje museologi mitt fag, for det andre var museologi for lengst etablert ved instituttet, og for det tredje var det to instituttstyrarar som behandla stillingsplanen, sa han til Klassekampen 1. juli.

Doktorand Sigrid Skutvik bad i juni i år Kunnskapsdepartementet vurdera om HF-dekan Arne Bugge Amundsen hadde vore ugild i denne saka.

Ikkje inhabil

I førre månad var svaret frå Kunnskapsdepartementet klart: «Vår konklusjon er dermed at Arne Bugge Amundsen ikke var inhabil etter fvl. § 6.» (Forvaltningslovens § 6, red. merknad). Departementet vurderte først om Arne Bugge Amundsen som offentleg tenestemann var inhabil fordi han skulle vera part i saka.

Det blir peika på at avgjerda om å leggja ned teatervitskap som studietilbod ved UiO, ikkje kan seiast å gjelda Arne Bugge Amundsen direkte. Difor er han ikkje part i forvaltningslova sin forstand. «Inhabilitetsbestemmelsen i fvl. § 6 første ledd kommer derfor ikke til anvendelse», heiter det.

Ingen fordel for Bugge Amundsen

Den vidare vurderinga går på om det skulle vera andre særeigne forhold som er «egnet til å svekke tilliten til Arne Bugge Amundsens «upartiskhet», slik det går fram av Forvaltningslovas § 6, andre ledd. Det handlar om avgjerda i saka kan innebera særleg fordel, tap eller ulempe for han sjølv eller nokon som han har nær personleg tilknyting til.

Kunnskapsdepartementet slår fast at nedlegginga av teatervitskap ikkje innebar ein særleg fordel for Arne Bugge Amundsen og etableringa av museologi. Universitetsstyrets avgjerd har ikkje noko å gjera med Arne Bugge Amundsens personlege interesser, står det i vurderinga frå Kunnskapsdepartementet.

«Slik Kunnskapsdepartementet ser det, utgjør verken tilhørighet i et fagmiljø som kan bli berørt av beslutningen eller rollen som leder for berørt institutt et særegent forhold som omfattes av den skjønnsmessige habilitetsregelen i fvl. § 6 annet ledd,» skriv avdelingsdirektør Anne Grøholt og seniorrådgjevar Elisabeth Solberg i Kunnskapsdepartementet i svaret til doktorand Sigrid Skutvik. Konklusjonen deira blir altså at Arne Bugge Amundsen ikkje var inhabil etter forvaltningslovas § 6.

– Positivt

Uniforum har vore i kontakt med HF-dekan Arne Bugge Amundsen og spurt om han no føler seg heilt reinvaska frå skuldingane frå Sigrid Skutvik om at han var inhabil i denne saka.

– Kunnskapsdepartementets utgreiing er klar og tydeleg, og det synest eg er positivt.

– Korleis kjennest det å få ein så klar konklusjon om at du ikkje var inhabil frå Kunnskapsdepartementet?

– Det bidrar til at fokus blir flytta frå enkeltpersonar i denne saka.

– Trur du det siste ordet no er sagt i denne saka?

– Det er det nok ikkje berre opp til meg å avgjera, svarar Arne Bugge Amundsen.

– Ikkje einig i konklusjonen

Doktorand og teatervitar Sigrid Skutvik, som kom med skuldingane om at Arne Bugge Amundsen kunne vera inhabil under handsaminga av nedlegginga av faget teatervitskap, slår seg ikkje til ro med konklusjonen frå Kunnskapsdepartementet.

– Eg er ikkje einig i konklusjonen - fordi Arne Bugge Amundsen heilt openbert har investert mykje personleg prestisje i denne saka og at nedlegginga av teatervitskap må sjåast som ein del av arbeidet hans med oppbygging av museologi. For gitt at instituttet hadde ei bestemt ramme for stillingar, ville nedlegginga av teatervitskap vera ein direkte føresetnad for at han kunna byggja opp museologi, som er eit fag han har vore sterkt involvert i, meiner Sigrid Skutvik.

Ho har no sendt eit nytt brev til Kunnskapsdepartementet der ho står fast på oppfatninga om at det ikkje var noko godt nok grunnlag for å leggja ned faget. Difor oppfordrar ho departementet til å granska saka om nedlegging av teatervitskap.

:

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Teater Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2015 11:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere