Barn og unge skapte liv på Forskingstorget

Hjerneforsking, robotbygging og informasjonsfisking var mellom dei aktivitetane barn og unge kunne studera nærare då Universitetsplassen vart forvandla til Forskingstorget i dag, fredag 18. september.

POPULÆR HJERNE: Mange skuleelevar prøvde å setja saman hjernen til modellen av ein menneskehovud. Det skjedde utanfor standen til Institutt for medisinske basalfag, UiO.

Foto: Martin Toft

Det er mat som er hovudtemaet for Forskingstorget og forskingsdagane i år. Vitskapsakademiet serverer mellom anna larveknekk med mjølormar og sjokoladedekte biller. Spørsmålet dei besøkjande kan få svar på, er om me vil eta makk til middag i framtida? I andre delar av verda et dei insekt. Kan ikkje me gjera det same? får publikum spørsmål om. 

INFORMASJONSFISKING: Universitetsbiblioteket let skuleelevane få fiska morosame spørsmål mellom anna om mat. Spesialbibliotekar Vibeke Lundetræ festar papirlappane med spørsmål på fiskestengene.

Universitetsbiblioteket har starta informasjonsfisking for barn og unge og andre interesserte. Dei som brukar fiskestanga får festa ein papirlapp til kroken med eit viktig spørsmål. Eit av sprøsmåla kan vera: Er pizza ei grønsak? I Noreg svarar dei aller fleste nei på det spørsmålet, men i USA har det blitt ein juridisk diskusjon om pizza kan definerast som grønsak og dermed bli definert som eit sunt skulemåltid, ifylgje dei ansvarlege for standen til Universitetsbiblioteket.

I enden av Forskingstorget stilte mellom anna Kjemisk institutt opp saman med Forskarfabrikken. Der blei det demonstrert robotar, samtidig som skuleelevane også fekk høve til å byggja sine eigne robotar. Laurdag 19. september er Forskingstorget ope frå kl. 10.00 til 17.00.  Les meir om Forskningstorget.

INNRYKK: Det var stort innrykk av barn og unge frå skular i Oslo og Akershus då Forskingstorget 2015 opna.

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskning Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 18. sep. 2015 16:51 - Sist endra 18. sep. 2015 16:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere