Universiteta og høgskulane må bestemma styringsmodell sjølve

Styra ved universiteta og høgskulane må stå fritt til sjølve å velja ein styringsmodell med vald eller tilsett rektor. Det vedtok eit samla universitetsstyre ved UiO på eit ekstraordinært møte måndag kveld.

MÅ BESTEMMA SJØLV: Styret for kvar institusjon må bestemma om dei skal ha tilsett eller vald rektor, meiner Universitetsstyret ved UiO. Her leier vald rektor Ole Petter Ottersen eit styremøte på UiO.

Foto: Ola Sæther

Heile Universitetsstyret var då samla i Professorboligen i sentrum for å koma med eit felles innspel til regjeringa sine forslag til endringar i styrings- og leiingsmodellen i Universitets- og høgskulelova.

Eit av forslaga frå regjeringa er at tilsett leiing skal vera hovudmodellen for både universitet og høgskular. Dette er Universitetsstyret ved UiO ueinig i og meiner at forslaget bryt med autonomien til universiteta og høgskulane.

– Svært nøgd

Universitetsstyret slår difor samrøystes fast at styra på både universiteta og høgskulane sjølve må få avgjera om dei skal ha ein styringsmodell med tilsett eller vald rektor. Det er ein naturleg konsekvens av den sterke autonomien som desse institusjonane har i høve til styresmaktene, blir det understreka.

– Eg er svært nøgd med at me saman landa på denne formuleringa, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

– Fornuftig ordning

UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner den endelege fråsegna til Universitetsstyret var ein naturleg konsekvens av den sterke vektlegginga på autonomien til universiteta og høgskulane overfor styresmaktene.

– Eg er viss på at UiO no har kome fram til ei fornuftig ordning for korleis universiteta og høgskulane sjølve kan avgjera kva styringsmodell dei vil ha. Det er svært viktig at autonomien til desse institusjonane også har blitt det berande ordet i høyringsteksten, seier Ole Petter Ottersen.

Må ha kvalifisert fleirtal i styret

Forslaget om at ei endring av styringsmodell må ha to tredjedels fleirtal i styret, blei vedtatt mot to stemmer. Ni stemte altså for. Også forslaget om at ei endring av samansetjinga av styret må ha to tredjedels fleirtal, blei vedtatt med sju stemmer, medan fire stemte imot.

Universitetsstyret støttar forslaget om at Kunnskapsdepartementet og ikkje fylkeskommunane skal oppnemna eksterne representantar i styra for høgskulane. Dessutan er Universitetsstyret einig i regjeringas forslag om at Kunnskapsdepartementet bør bestemma styrehonorara og ikkje kvart enkelt styre.

Får kritikk for kort høyringsfrist

Universitetet i Oslo kjem med kraftig kritikk av Kunnskapsdepartementet for den korte høyringsfristen på seks veker. Fire av dei seks vekene er i juli, peikar UiO på.

Saman med andre institusjonar bad UiO om at fristen blei forlengja med ein månad, men utspelet fekk ikkje departementet til å gi etter.

Både UiO og dei andre institusjonane understreka at Kunnskapsdepartementets korte høyringsfrist er i strid med departementa sin eigen «Utgreiingsinstruks pkt. 5-4», som bestemmer at høyringsfristen normalt skal vera på tre månader.

Høyringsfristen går dermed ut førstkomande laurdag 15. august. Det var difor Universitetsstyret blei kalla inn til eit ekstraordinært møte i går ettermiddag.

Den endelege høyringsteksten er i ferd med å bli sydd saman, og vil bli send til styremedlemane til endeleg godkjenning i løpet av veka, opplyser UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2015 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere