Skal måla realfagssatsinga i skular og barnehagar

Eit eige realfagsbarometer skal ein gong i året visa status for arbeidet med realfag i skular og barnehagar i heile Noreg. Det opplyste kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han i dag lanserte regjeringa sin realfagsstrategi.

SKAL MEISTRA REALFAG: - Hovudmålet med den nye realfagsstrategien er at fleire barn og unge skal meistra matematikk og naturfag, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Ola Sæther

Det er dei dårlege matematikkresultata til elevar i ungdomsskulen som har fått alarmklokkene til å ringja hos regjeringa, og som har fått dei til å auka satsinga på realfag. Den nye

Dette er hovudmåla i realfagsstrategien:

  1. Kompetansen til barn og unge i realfag skal betrast.
  2. Talet på barn og unge på lågt nivå i realfag skal reduserast.
  3. Fleire barn og unge skal prestera på høgt og avansert nivå.
  4. Barnehagelærarane og lærarane sin kompetanse i realfag skal betrast. Les heile strategien "Tett på realfag"

 realfagsstrategien «Tett på realfag» siktar først og fremst mot barnehagen og skulen og gjeld heilt fram til 2019.

Dårlege i matematikk

– I dag går nesten ein av fire elevar ut av ungdommskulen utan å kunna rekna skikkeleg. Det må me gjera noko med, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen  i ei pressemelding i samband med presentasjonen av realfagsstrategien på Teknisk museum.

Tal frå Kunnskapsdepartementet viser at i fjor fekk 22,7 prosent av elevane som gjekk ut av ungdomsskulen 1 eller 2 i standpunktkarakter i matematikk.  42 prosent av 10.klassingane som kom opp i skrifteleg eksamen i matematikk i år fekk karakteren 1 eller 2.

– Matematikk står i ei særstilling blant dei norske skulefaga når det gjeld dårlege resultat. Hovudmålet med den nye realfagsstrategien er at fleire barn og unge skal meistra matematikk og naturfag. Me skal få færre elevar som presterer på lågt nivå og fleire som presterer på høgt nivå, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Innfører realfagsbarometer

Eit eige realfagsbarometer skal altså måla korleis det går med realfagssatsinga i skular og barnehagar dei fire neste åra.  Barometeret skal bli gitt ut av Utdanningsdirektoratet.

Dessutan skal det lagast årlege tiltaksplanar, som skal visa kva verktøy og ressursar skular og barnehagar kan nytta seg av i arbeidet med realfag.

Meir problemløysing

Frå før er det plukka ut 34 kommunar som har fått status som Noregs første realfagskommunar.  Ifylgje kunnskapsministeren skal dei vera viktige førebilete for dei andre kommunane.  Læreplanane i matematikk og naturfag i grunnskulen og i den vidaregåande skulen skal  gjennomgåast og fornyast.

Målet er at det skal leggjast større vekt på problemløysing og å gå djupare inn i læringa.  Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det er naudsynt å begynna satsinga i barnehagen.

Må ha matematikk i barnehagen

– Gode kunnskapar i realfag er heilt avgjerande viss me skal greia å løysa dei store samfunnsutfordringane med står overfor, som klimakrisa og stadig fleire eldre. Då må me læra elevane meir på skulen og me må gi barna røynsler med matematikk og naturfag allereie i barnehagen, understrekar Torbjørn Røe Isaksen.

Tjuvstartar med universitetskurs i matematikk

Onsdag ettermiddag kom det andre kullet med dyktige elevar frå vidaregåande til Universitetet i Oslo for å ta eit universitetsfag i matematikk.  I år er 59 elevar melde på. Dei kjem frå 19 skular i Oslo, Akershus, Buskerud og Østfold.   Når  dei har tatt matematikkkurset MAT1100U, vil dei få 10 studiepoeng med seg når dei søkjer seg inn på høgare utdanning etter vidaregåande.

Glade matematikkelevar på UiO

I registreringskøen i Vilhelm Bjerknes’  hus treffer Uniforum Helen Maria Aarhus, Karen Samseth og Odin Sørensen frå Nes videregående skole i Akershus.  Alle er svært glade for at dei er mellom dei 59 skuleelevane som har fått plass på matematikk-kurset:

– Eg kunne ikkje sjå føre meg eit år utan matematikk etter at eg allereie er ferdig med tredjeårspensum  i matematikk.  Derfor er dette kurset veldig bra for å halda hjernen i gang, synest Helen Maria Aarhus.

Også Odin Sørensen tykkjer dette er eit bra tilbod.

– Me var veldig nøgde med matematikklæraren vår, og han har lova å hjelpa oss med dette kurset også.

Karen Samseth likar matematikk svært godt.  – Det er gøy å løysa oppgåver og føla at me får det til. Difor er matematikk alltid interessant, seier ho til Uniforum.

GLADE MATEMATIKKELEVAR: Helen Maria Aarhus (t.v.), Karen Samseth og Odin Sørensen frå Nes videregående skole i Akershus er mellom dei 59 skuleelevane frå Oslo, Akershus, Buskerud og Østfold som tar eit universitetskurs i matematikk. (Foto: Martin Toft)

 

 

 

Emneord: Matematikk, Undervisning, Realfag Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2015 17:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere