Romforskar krev fast jobb frå UiO

Astronomen Håkon Dahle har gått til sak mot UiO og krev fast jobb som forskar eller førsteamanuensis etter å ha arbeidd i mellombelse stillingar i 11 1/2 år. UiO seier nei og vann fram i tingretten.

KREV FAST JOBB: Astronom Håkon Dahle har gått til rettssak mot UiO med krav om fast jobb som vitskapleg tilsett etter til saman elleve og eit halvt år som mellombels tilsett som postdoktor og forskar.

Foto: Ola Sæther

– Etter mi meining bør UiO tenkja seg om og finna ut om det er tent med at forskarar må arbeida i mellombelse stillingar heilt fram til dei når pensjonsalderen, seier Håkon Dahle til Uniforum.

Den 29. september kjem ankesaka hans opp i Borgarting lagmannsrett. Håkon Dahle vil stå fast på kravet om å få tilbod om fast stilling som forskar eller førsteamanuensis ved Institutt for teoretisk astrofysikk. Der er han prosjektleiar for ein del av arbeidet med å utnytta data frå verdsrommet henta inn frå romteleskopet Planck. Det måler den kosmiske bakgrunnsstrålinga heilt frå universet blei til.

I sju og eitt halvt år har Håkon Dahle arbeidd i eksternt finansierte, mellombelse forskarstillingar ved instituttet. Før det var han tilsett i fire år som postdoktor. Han slo seg til ro med situasjonen fordi han heile tida klarte å skaffa nok eksterne midlar frå Forskingsrådet til å finansiera stillinga si. Det var heilt fram til 2012.

Då fekk han varsel frå Universitetet i Oslo om at han ikkje lenger kunne halda fram å jobba som forskar i mellombels stilling. Difor begynte UiO å kartleggja arbeidsoppgåvene og arbeidssituasjonen hans. Dahle tok kontakt med Forskarforbundet, som bad advokat Haakon Utne Kierulf om å sjå på saka hans. Dei bestemte seg for å kjøra sak mot UiO.

UiO vann i Oslo tingrett

Då saka kom opp i Oslo tingrett i fjor haust, vann Universitetet i Oslo fram med argumentet om at det var mogleg å sjå bort frå fireårsregelen i Tenestemannslova på grunn av ein unntaksregel. Advokat Haakon Utne Kierulf meiner Håkon Dahle har retten på si side:

– Det er ei ordinær ankesak. Kva som er riktig rettsoppfatning for statstilsette sitt oppseiingsvern har endra seg sidan avgjerda i tingretten, For han er det ei svært viktig sak.

Vil foreslå forlik

– De tapte i første rettsinstans. Er det mogleg for dykk å vinna fram i lagmannsretten?

– Som for  tingretten vil me krevja at Håkon Dahle får tilbod om fast stilling som forskar eller førsteamanuensis. Me vil likevel prøva å koma til eit forlik. Sjølv om UiO sa nei til kravet i tingretten, håpar me at dei går med på det no. Det er alltid betre med eit forlik enn med ein dom i ei slik sak, seier advokat Haakon Utne Kierulf til Uniforum.

Sidan  Håkon Dahle var ferdig med hovudfaget i astrofysikk ved UiO i 1994, har han tatt doktorgrad ved Universitet i Hawaii i USA. Han har også hatt forskarstillingar både ved universitet og forskingsinstitutt i Canada, Frankrike og Danmark.

– Har hatt mellombelse stillingar i 20 år

– Eg trur at eg har vore mellombels tilsett som forskar i Noreg og i utlandet i nærare 20 år, heilt sidan 1. september 1995. No har eg familie og to barn, så det kjennest mykje meir utrygt enn før å vera mellombels tilsett som forskar. Kva skjer om eg blir langtidssjukmeld eller blir delvis ufør? Då vil eg ikkje ha dei same rettane som dei fast tilsette forskarane har, konstaterer han.

Dahle viser også til at han han vore svært produktiv i dei åra han har jobba som ekstern finansiert forskar utan fast jobb ved UiO.

– Ja, til saman har eg skrive over 70 vitskaplege artiklar som har over 4000 siteringar. Fleire forskarar i faste stillingar har sikkert gjort det endå betre, men det er også dei som har ein dårlegare statistikk enn det eg kan visa til, understrekar han.

Nok pengar og arbeidsoppgåver

Ifylgje Håkon Dahle vil ikkje Universitetet i Oslo at han skal tilsetjast i fast stilling, sjølv om det både er pengar og arbeidsoppgåver til det.

–  UiO og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet  har brukt som argument at ein normalt vil tilsetja fast i stilling som førsteamanuensis, ikkje som forskar, og at ei stilling som førsteamanuensis ikkje kan vera ei anna passande stilling for ein som er tilsett som forskar, fordi det vil vera ei form for opprykk. Akkurat det forstår eg ikkje fordi me har same lønnsspenn og dei same arbeidsoppgåvene. Det blir også kravd dei same kvalifikasjonane.  Sjølv rettleier han masterstudentar og han har også leidd eit studentkurs som gir 10 studiepoeng.

– UiO grunngir kvifor førsteamanuensis er eit opprykk samanlikna med forskarstilling ved å visa til at det til ei kvar tid er mange fleire som søkjer seg frå ei forskarstilling til ei førsteamanuensis-stilling, enn dei som søkjer seg motsett veg. Argumentet mitt er at dette berre er eit uttrykk for at folk søkjer seg frå ein mellombels til ein fast stilling.

Håkon Dahle er svært nøgd med jobben og arbeidsoppgåvene sine på Institutt for teoretisk astrofysikk.

 – Eg er leiar for eitt av prosjekta på instituttet knytt til romteleskopet Planck, og har heile tida klart å skaffa eksterne pengar frå Forskingsrådet til å finansiera mi eiga stilling i tillegg til naudsynte utgifter til drift og reiser. Det er eit trongt nålauge å nå opp med søknader til Forskingsrådet. Eg har likevel klart det fire gonger og skaffa ni millionar kroner til den forskinga eg held på med. Både instituttleiinga og kollegaene mine set stor pris på den jobben eg gjer. Saka mi handlar ikkje om personkonfliktar, understrekar han.

Håkon Dahle synest derimot personalbehandlinga til UiO står til stryk i denne saka.

– Dei brukar eit punkt i Tenestemannslova for å gi oss som arbeider i staten dårlegare stillingsvern enn tilsette i det private næringslivet. Det var vel ikkje akkurat det som var formålet med Tenestemannslova, peikar han på.

– Og kva vil skje med deg om du ikkje vinn fram i kravet ditt om å få fast jobb som forskar eller førsteamanuensis?

– Allereie før nyttår fekk eg vita at Forskingsrådet hadde gitt pengar til vidareføring av min del av Planck-prosjektet fram til 2018. Deretter vil eg konsentrera forskinga om Euclid-prosjektet som handlar om å kartleggja den mørke materien og den mørke energien i universet. Der blir det oppskyting av ein satellitt i 2020 og då vil me jobba med data fram til 2028. Så i praksis vil eg kunna arbeida som forskar i mellombels stilling nesten heilt fram til eg når pensjonsalderen.

UiO gir ingen kommentar

Uniforum har også tatt kontakt med personaldirektør Irene Sandlie ved UiO i denne saka.

– UiO kan dessverre ikkje kommentera enkeltsaker innanfor personalområdet og saker som verserer i rettssystemet, er svaret me får frå  Irene Sandlie.

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2015 13:00 - Sist endra 27. aug. 2015 23:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere