VILLBLOMAR: På enga til UiO er det fritt fram for store og små blomeplukkarar.
Uniforum fekk nyleg ei oppmoding frå ein lesar. «Hei, eg har lagt merke til at gartnarane i år har latt det gro opp ei blomstereng framfor Kjemi og Fysikkbygningen. Resultatet er frodig gras og mange fine blomar. Kanskje de kan ha nokre bilete med i Uniforum.»
Sporenstreks tok me ein telefon til parkseksjonen for å få vita kva dette eigentleg dreiar seg om.
– Blomeenger er noko me starta med for nokre år sidan, fortel driftsleiar Katrine Johansen og nemner at parkseksjonen har fleire blomsterenger både på Blindern, ved Informatikkbygningen og i Forskningsveien.
– Ein av grunnane er å spara trea for slitasje frå køyring med store maskinar. Det handlar også om b
iologisk mangfald, om å leggja til rette for ville vekstar, fugleliv og insekt, fortel ho.
Blomsterenga nedanfor Kjemibygningen er den største av engene og dessutan ny av året.
– Å lata graset og villblomane veksa fritt, er ein del av ein trend, seier Katrine Johansen og fortel om mange positive tilbakemeldingar frå folk som ferdast på universitetet.
– Vi ser at både vaksne og born plukkar villblomster i enga, seier ho.
At vi på UIO har et parkansatte som er så flinke i sitt fag og jeg som leder er så glad at dere jobber på UIO som er en av det beste arbeidsplasser jeg har vart på.
VH
Åke Appelqvist
Logg inn for å kommentere