Bombeliknande gjenstand uskadeleggjort

Bombegruppa har no avslutta arbeidet med å undersøkja den bombeliknande gjenstanden på Blindern. Den er no uskadeleggjort, opplyser politiet. Sperringane er difor blitt reduserte.

SPERRINGANE REDUSERTE::  Politiet stengde store delar av Nedre Blindern i dag tidleg etter funn av ein bombeliknande gjenstand. No er mesteparten av sperringane borte. Innsatsleiar Torgeir Brenden ved Oslo politikammer passar på ein av sperringane på Blindern.

Foto: Ola Sæther

Den bombeliknande gjenstanden er no destruert, opplyser Oslo politidistrikt. - Tilstanden er difor normalisert og Oslo er ein trygg by, understrekar stabssjef Johan Fredriksen. Den bombeliknande gjenstanden ser ut som ei bombe, og formålet er å skremma folk. Det einaste som skil det frå ei bombe, er at den manglar reelt sprengstoff,  seier stabssjef Johan Fredriksen.

 Politiet arbeider no med å sikra dei spora som er igjen. I natt blei ein vektar skoten og lettare skadd, då uvedkomande prøvde å ta seg inn på området rundt Fysikkbygningen. Vektaren har det etter forholda bra, opplyser  Grete Lien Metlid, leiar for valdsavsnittet ved Oslo politidistrikt. Han vil også bli eit viktig vitne for politiet i den vidare etterforskinga, kom det fram på pressekonferansen på Grønland politistasjon.

Både Kripos og Politiets sikkerheitsteneste (PST) er også kopla inn i saka, seier  Metlid.  Det blir søkt etter spor i heile området, fortel ho.  Etterforskinga vil halda fram både i dag og dagane framover. Førebels har me ingen klare spor etter dei to gjerningsmennene. Me ber om at alle som har vore i området i det aktuelle tidsrommet, tar kontakt med politiet, seier Metlid.

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 5. aug. 2015 12:50 - Sist endra 5. aug. 2015 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere