Blindern-vektaren blir varetektsfengsla for ei veke

Retten har bestemt at Blindern-vektaren skal varetektsfengslast i ei veke med brev- og besøkskontroll. Vektaren som i går blei sikta for falsk forklaring, er no også sikta for trugsmål, opplyser politiet.

VEKTAREN REGISSERTE DRAMA: Politifolk med hund undersøkjer Nedre Blindern etter funn av ein bombeliknande gjenstand og meldinga om ein  vektaren som blei skoten på. No blir vektaren framstilt for varetektsfengsling i fire veker for mellom anna falsk forklaring og trugsmål.

Foto: Ola Sæther

Politiet fekk dermed ikkje medhald i kravet om at han skulle varetektsfengslast i fire veker. Både påtalemakta og den sikta har bede om å få tenkja seg, og dei kan anka avgjerda seinare.

Den 35 år gamle vektaren vedgjekk i fengslingsmøtet i Oslo tingrett i ettermiddag at han sjølv hadde plassert den bombeliknande gjenstanden utanfor Fysikkbygningen på Nedre Blindern natt til 5. august.  Han nekta likevel straffskuld for dette. Derimot vedgjekk han straffskuld for å ha levert falsk melding til politiet og for å ha forklart seg falskt, opplyser politiet. Politiadvokat Kari Kirkhorn ved Oslo politidistrikt seier til NRK at dei førebels ikkje veit noko om motivet til mannen.

Det var  klokka 13 i dag vektaren blei framstilt for fengsling i Oslo tingrett.  Då var det klart at mannen ikkje berre blir sikta for falsk forklaring, men også for trugsmål, falsk naudmelding og falsk melding til politiet.  Politiet ville be om at mannen blir varetektsfengsla i fire veker, går det fram av ei pressemelding.

Fann bombeliknande gjenstand

Det var natt til 5. august vektaren melde frå til politiet om at han var blitt skadd etter at to personar hadde skote han i brystet utanfor bygningane til Universitetet i Oslo på Nedre Blindern.  Då politiet kom til området rundt Fysikkbygningen, fann dei ein bombeliknande gjenstand.

Evakuerte Nedre Blindern

Nesten heile Nedre Blindern blei sperra av og universitetsleiinga bad folk om ikkje å gå på jobb, og dei som allereie var komne på jobb, blei oppfordra til å dra heim igjen.  Fleire studentar som hadde eksamen, måtte også avbryta eksamen og evakuera Helga Engs hus.

Skaut seg sjølv

I går blei det klart at mannen hadde skote seg sjølv med ein startpistol, og at han sjølv også hadde plassert den bombeliknande gjenstanden  utanfor Fysikkbygningen. Forsvararen til mannen, Trygve Hoff har fortalt at mannen er svært lei seg for at han ikkje fortalde den sanne historia til politiet med det same. - Han er djupt fortvila, sa Trygve Staff til NRK på torsdag. Vektaren er suspendert frå jobben i NOKAS.

(Oppdatert kl. 15.25 og 16.30)

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 7. aug. 2015 13:14 - Sist endra 7. aug. 2015 16:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere