Villa Eika er blitt miljøsertifisert

Studentparlamentets hovudkvarter, Villa Eika kan no kalla seg eit miljøfyrtårn. – Dette har me jobba for i heile valperioden, seier studentpolitikar Tina Alvær.

MILJØSERTIFISERT: – Det er flott at Villa Eika er blitt miljøsertifisert, synest studentpolitikarane Knut Frydenlund, Tina Alvær og Marianne Andenæs.

Foto: Ola Sæther

Kjeldesortering av søppel, servering av vegetarmat og økologisk kaffi. Det er tre av tiltaka studentpolitikarane har sett i gang for å få  gjennomført ei miljøsertifisering av Villa Eika på Blindern.

Tar tog for fly

Leiaren for Studentparlamentet, Marianne Andenæs og universitetsstyrerepresentantane Knut Frydenlund og Tina Alvær er svært nøgde med at dei har klart å få det til. Sistnemnde er miljøansvarleg og har hatt ansvaret for å få gjennomført dei nødvendige tiltaka. – Me vil ikkje ta fly dersom det er kortare enn 500 kilometer dit me skal. Til Bergen vil me ta tog, og til Trondheim vil helst også prøva å reisa miljøvennleg, seier ho.

Elbilar og bysyklar

– Og når me skal på møte i Oslo-området, brukar me alltid ein av elbilane som UiO leiger ut på Blindern. Det gir oss ekstra miljøpoeng i boka, slår Tina Alvær fast. Neste år håpar ho at det også kan koma fleire bysykkelstasjonar på universitetsområdet. – Då kan studentane vera både miljøvennlege og styrkja helsa, samtidig, seier ho nøgd.

Eit anna tiltak dei har gjennomført, er å plassera multiskrivaren i eit rom for seg sjølv. – Me hadde eit rom som me brukte som lager. Det var midt i blinken til multiskrivarrom etter at me hadde rydda der, fortel Alvær.

Fått hjelp av UV og Grønt UiO

Det er Stiftinga Miljøfyrtårn som står bak ordninga med miljøsertifisering av bygningar i Noreg. Og det er Nordre Aker bydel i Oslo som har gitt den endelege godkjenninga av Villa Eika som miljøfyrtårn.

– Me har fått god hjelp av Det utdanningsvitskaplege fakultetet og det tidlegare Grønt UiO med å få det til. Dessutan vil me ha inn ein klausul i fristasjonsavtalen mellom UiO og Velferdstinget om at Villa Eika skal halda fram med å vera ein miljøsertifisert bygning, understrekar ho.

Kvart år vil miljøsertifiseringa til Villa Eika bli vurdert. Etter 3 år blir det avgjort om Villa Eika blir miljøsertifisert på nytt. – Det skal me klara, seier Tina Alvær optimistisk.

 

Emneord: Studentsaker, Arbeidsforhold, Miljø, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. juni 2015 14:15 - Sist endra 25. juni 2015 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere